< Salmenes 85 >
1 Til songmeisteren; av Korahs born, ein salme. Herre, du hev vore nådig mot landet ditt, du hev gjort vending i Jakobs fangeskap.
In finem, filiis Core. Psalmus. [Benedixisti, Domine, terram tuam; avertisti captivitatem Jacob.
2 Du hev teke burt ditt folks skuld, du hev breidt yver alle deira synder. (Sela)
Remisisti iniquitatem plebis tuæ; operuisti omnia peccata eorum.
3 Du hev teke burt all din harm, du hev vendt deg frå din brennande vreide.
Mitigasti omnem iram tuam; avertisti ab ira indignationis tuæ.
4 Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!
Converte nos, Deus salutaris noster, et averte iram tuam a nobis.
5 Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?
Numquid in æternum irasceris nobis? aut extendes iram tuam a generatione in generationem?
6 Vil ikkje du gjera oss livande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?
Deus, tu conversus vivificabis nos, et plebs tua lætabitur in te.
7 Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!
Ostende nobis, Domine, misericordiam tuam, et salutare tuum da nobis.
8 Eg vil høyra kva Gud Herren talar, for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.
Audiam quid loquatur in me Dominus Deus, quoniam loquetur pacem in plebem suam, et super sanctos suos, et in eos qui convertuntur ad cor.
9 Ja, hans frelsa er nær deim som ottast honom, so herlegdom skal bu i vårt land.
Verumtamen prope timentes eum salutare ipsius, ut inhabitet gloria in terra nostra.
10 Miskunn og truskap skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.
Misericordia et veritas obviaverunt sibi; justitia et pax osculatæ sunt.
11 Truskap skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.
Veritas de terra orta est, et justitia de cælo prospexit.
12 Herren skal og gjeva det som gode, og vårt land skal gjeva si grøda.
Etenim Dominus dabit benignitatem, et terra nostra dabit fructum suum.
13 Rettferd skal ganga fyre honom og gjera hans fotspor til sin veg.
Justitia ante eum ambulabit, et ponet in via gressus suos.]