< Lukas 20 >
1 Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne,
有一天,耶稣在殿里教导众人,告诉他们好消息。祭司长、宗教老师和长老走上前来,
2 og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?»
他们对他说:“告诉我们,你凭着什么权力做这些事?谁给你的这权力?”
3 «Eg vil og spyrja dykk um ein ting, » svara han: «Seg de meg:
耶稣回答:“我也要问你们一个问题,告诉我,
4 Var dåpen åt Johannes frå himmelen, eller var det menneskjeverk?
约翰的洗礼是从天上来,还是从人间来?”
5 Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen, » so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?»
这些人开始议论:“如果我们说‘从天上来’,他就会说‘那你们为什么不信他?’
6 og svarar me: «Det var menneskjeverk, » so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»
如果我们说:‘从人间来’,众人会用石头打我们,因为他们认定约翰是先知。”
7 So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.»
于是他们回答耶稣:“我们不知道从哪里来。”
8 «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette, » sagde Jesus.
耶稣说:“那我也不告诉你们,是谁给我权力做这一切。”
9 So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva.
随后耶稣向众人讲了一个故事:“一个人有一个葡萄园,由于住在距离这里很远的另外一个乡村,他便将葡萄园租给了农户。
10 Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender.
到了收获的季节,园主派一个仆人到农户那里,收取葡萄园应该上交的水果。但农户却打了那个仆人,让他空手回去。
11 So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome.
园主又派另一个仆人去,同样受到殴打和侮辱,空手而归。
12 Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut.
园主又派了第三人去,农户依旧把他打伤,然后把他赶走。
13 «Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!»
园主暗自想:‘该怎么办?我知道了,派我的爱子去,也许这一次他们会尊敬他。’
14 Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!»
农户一看见园主的儿子,立刻交头接耳说:‘这人会继承产业,我们杀了他,这产业就成为我们的了。’
15 So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim?
于是他们把园主之子推出葡萄园外杀了。那么主人会怎样对付他们呢?
16 Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!»
他会过来杀掉这些农户,把葡萄园租给别人。” 众人听了这个故事,就说:“希望这样的事情不要发生!”
17 Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?»
但耶稣看着他们说:“那么经文中说:‘建筑工人弃用的石头,现在成了主要基石。’这是什么意思呢?
18 Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»
任何人在那石头上摔倒,都会粉身碎骨,那石头落在任何人身上,都会砸着他们。”
19 Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si.
宗教老师和祭司长知道这比喻针对他们,当时就想把耶稣抓起来,可是又害怕民众的反应。
20 So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen.
他们找了个机会,派几名奸细假装虔诚信徒去找耶稣,想找到耶稣说话的把柄,然后把他交给总督裁决。
21 Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi -
奸细问耶稣:“老师,我们知道,你所说所教都是正道,你绝不会因其他人的意见而动摇,你真的是在将上帝之道传授众人。
22 er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
那么,我们是否应该向凯撒纳税?”
23 Men han gådde listi deira og sagde til deim:
耶稣看透了他们的诡计,于是说:
24 «Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens, » svara dei.
“给我一个银币,上面是谁的形象?”他们回答:“凯撒。”
25 «Vel, » sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»
耶稣说:“那么,是凯撒的就应属于凯撒,是上帝的就应当属于上帝。”
26 Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde.
耶稣向众人所说的话,让他们无法抓住把柄,这番话也让他们很震惊,于是就沉默了。
27 So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde:
几个撒都该人来到耶稣这里,他们从来都不相信人死会复活。他们问到,
28 «Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.
“老师,摩西在律法中写道:‘如果一个男人娶了妻子,但未留下一儿半女就死了,他弟弟就应当娶嫂子,为哥哥留后。’
29 No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus.
从前有兄弟七人,老大娶了妻子后死了,没有留下后代,
30 So gifte den andre seg med henne,
随后老二,
31 og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg.
老三一直到老七都娶了她,但都没有留下孩子就死了。
32 Til slutt døydde kona og.
最终那女人也死了。
33 Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.»
那么,这女人复活的时候,要做哪个兄弟的妻子呢?因为七个人都娶过她。”
34 Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte; (aiōn )
耶稣说:“只有在这里的人才嫁娶。 (aiōn )
35 men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte; (aiōn )
但对于那些有资格进入新世界的人,那些死而复生之人,不娶也不嫁。 (aiōn )
36 dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv.
他们和天使一样不会死亡,因为他们是复活之子,也就是上帝的之子。
37 Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.
至于死人复活的问题,摩西在关于荆棘的经文中写过,他口中的主是:亚伯拉罕的上帝、以撒的上帝、雅各的上帝。
38 Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.»
他不是死人的上帝,而是活人的上帝,因为在他那里的人都活着。”
39 Då tok nokre skriftlærde til ords og sagde: «No tala du vel, meister.»
几个宗教老师说:“老师,你说得好。”
40 Og dei torde ikkje oftare spyrja honom um noko.
然后他们就不敢再提出任何问题了。
41 So sagde han til deim: «Korleis kann dei segja at Messias er Davids son?
耶稣问他们:“为什么说基督是大卫的子孙?
42 David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi,
因为大卫自己在《诗篇》中说:主对我的主说‘坐在我的右边,
43 til eg dine fiendar fær til fotbenk for deg lagt!»»
我会让你的敌人变成你的脚凳。’
44 So kallar no David honom herre; korleis kann han då vera son hans?»
大卫称他为‘主’,所以他怎会是大卫的子孙呢?”
45 Sidan tala han til læresveinarne og sagde so heile folket høyrde det:
众人聚精会神地听着,耶稣对门徒说:
46 «Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod!
“你们要小心宗教老师,他们喜欢穿长袍走来走去,喜欢人们在集市中向他们恭敬问安,喜欢坐会堂里的高位、宴席上的首座。
47 dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner. Dei skal få so mykje strengare dom.»
他们骗光寡妇的财产,通过冗长的祈祷伪装自己。这些人在审判中必受到严重的责罚。”