< I Paralipomenon 12 >
1 hii quoque venerunt ad David in Siceleg cum adhuc fugeret Saul filium Cis qui erant fortissimi et egregii pugnatores
Og dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå heldt seg undan Saul Kisson; dei var av dei kjemporne som hjelpte han i striden.
2 tendentes arcum et utraque manu fundis saxa iacientes et dirigentes sagittas de fratribus Saul ex Beniamin
Dei var væpna med boge og føre til å slyngja stein og skjota piler frå bogen, både med høgre og vinstre handi. Av ættefrendarne hans Saul, av Benjamins-folket, var desse:
3 princeps Ahiezer et Ioas filii Sammaa Gabathites et Iazihel et Phallet filii Azmoth et Baracha et Ieu Anathothites
Ahiezer, den hævaste, og Joas, søner åt Sema’a frå Gibea, Jezuel og Pelet, sønerne åt Azmavet, og Beraka, og Jehu frå Anatot,
4 Samaias quoque Gabaonites fortissimus inter triginta et super triginta Hieremias et Iezihel et Iohanan et Iezbad Gaderothites
Jismaja frå Gibeon, ein av dei tretti kjemporne og hovding for dei tretti, Jirmeja og Jahaziel og Johanan og Josabad frå Gedera,
5 Eluzai et Ierimuth et Baalia et Samaria et Saphatia Aruphites
Eluzai og Jerimot og Bealja og Semarja og Sefatja frå Harif,
6 Helcana et Iesia et Azrahel et Ioezer et Iesbaam de Careim
Elkana og Jissa og Azarel og Joezer og Jasobam, korahitarne,
7 Ioeela quoque et Zabadia filii Ieroam de Gedor
Joela og Zebadja, søner til Jeroham, frå Gedor.
8 sed et de Gaddi transfugerunt ad David cum lateret in deserto viri robustissimi et pugnatores optimi tenentes clypeum et hastam facies eorum quasi facies leonis et veloces quasi capreae in montibus
Og av gaditarne var det nokre som fall ifrå og gav seg med David i fjellborgi i øydemarki; det var djerve menner, herføre stridsmenner, væpna med skjold og spjot. Dei hadde ei uppsyn som løvor, og var rappe som gasellor på fjellet.
9 Ezer princeps Obdias secundus Eliab tertius
Ezer var den hævaste; Obadja var den andre, Eliab den tridje,
10 Masmana quartus Hieremias quintus
Mismanna den fjorde, Jirmeja den femte,
11 Hetthi sextus Helihel septimus
Attai den sette, Eliel den sjuande,
12 Iohanan octavus Helzebad nonus
Johanan den åttande, Elzabad den niande,
13 Hieremias decimus Bachannai undecimus
Jirmeja den tiande, Makbannai den ellevte.
14 hii de filiis Gad principes exercitus novissimus centum militibus praeerat et maximus mille
Desse var av Gads-sønerne og av dei hævaste i heren; den ringaste av deim var like god åleine som hundrad mann, og den gjævaste jamngod med tusund.
15 isti sunt qui transierunt Iordanem mense primo quando inundare consuevit super ripas suas et omnes fugaverunt qui morabantur in vallibus ad orientalem plagam et occidentalem
Det var dei som gjekk yver Jordan den fyrste månaden då elvi gjekk yver breidderne, og som jaga av alle dalbuarne mot aust og mot vest.
16 venerunt autem et de Beniamin et de Iuda ad praesidium in quo morabatur David
Av Benjamins- og Juda-sønerne kom det nokre menner til David alt til fjellborgi.
17 egressusque est David obviam eis et ait si pacifice venistis ad me ut auxiliemini mihi cor meum iungatur vobis si autem insidiamini mihi pro adversariis meis cum ego iniquitatem in manibus non habeam videat Deus patrum nostrorum et iudicet
Då gjekk David ut imot deim, og tok til ords og sagde til dei: «I fall de er meinte på fred og vil hjelpa meg, so er hugen min reidug til semja med dykk. Men kjem de og vil gjeva meg yver til fiendarne mine, endå det ingen urett er i mine hender, då sjå fedreguden vår på det og refse det!»
18 spiritus vero induit Amessai principem inter triginta et ait tui sumus o David et tecum fili Isai pax pax tibi et pax adiutoribus tuis te enim adiuvat Deus tuus suscepit ergo eos David et constituit principes turmae
Men anden greip Amasai, den hævaste av dei tretti, og han sagde: «Deg, David, høyrer me til, og i lag med deg, Isaisonen, vil me standa. Fred, fred vere med deg, og fred vere med hjelpesmennerne dine! For din Gud hev hjelpt deg.» Då tok David imot deim og sette deim til hovdingar yver herflokken.
19 porro de Manasse transfugerunt ad David quando veniebat cum Philisthim adversum Saul ut pugnaret et non dimicavit cum eis quia inito consilio remiserunt eum principes Philisthinorum dicentes periculo capitis nostri revertetur ad dominum suum Saul
Av Manasse var det og nokre som gav seg med David då han drog ut i lag med filistarane til strid mot Saul, endå han sidan ikkje fekk hjelpa deim; for då filisterhovdingarne hadde halde samråd, sende dei honom burt, med di dei sagde: «Det stend um hovudet for oss um han gjeng yver til Saul, herren sin.»
20 quando igitur reversus est in Siceleg transfugerunt ad eum de Manasse Ednas et Iozabad et Iedihel et Michahel et Iozabad et Heliu et Salathi principes milium in Manasse
Då han so for til Siklag, gav desse av Manasse seg med honom: det var Adna, Jozabad, Jediael, Mikael, Jozabad, Elihu og Silletai, hovdingar for dei herflokkarne som høyrde til Manasse.
21 hii praebuerunt auxilium David adversum latrunculos omnes enim erant viri fortissimi et facti sunt principes in exercitu
Desse hjelpte David mot røvarflokkarne; for dei var djerve hermenner alle saman, og dei vart hovudsmenner i heren.
22 sed et per singulos dies veniebant ad David ad auxiliandum ei usque dum fieret grandis numerus quasi exercitus Dei
For det kom dagstødt folk til David som vilde hjelpa honom, so herlægret hans til slutt vart ovleg stort, som eit Guds herlæger.
23 iste quoque est numerus principum exercitus qui venerunt ad David cum esset in Hebron ut transferrent regnum Saul ad eum iuxta verbum Domini
Dette er talet på dei stridsbudde hermennerne som kom til David i Hebron og vilde gjeve honom Sauls kongedøme i hende etter Herrens bod:
24 filii Iuda portantes clypeum et hastam sex milia octingenti expediti ad proelium
Juda-sønerne som bar skjold og spjot, seks tusund og åtte hundrad herbudde menner;
25 de filiis Symeon virorum fortissimorum ad pugnandum septem milia centum
Simeons-sønerne, stridsføre hermenner, sju tusund og eit hundrad;
26 de filiis Levi quattuor milia sescenti
av Levi-sønerne fire tusund og seks hundrad;
27 Ioiada quoque princeps de stirpe Aaron et cum eo tria milia septingenti
og dertil Jojada, hovdingen for Arons-ætti, og tri tusund og sju hundrad mann med honom,
28 Sadoc etiam puer egregiae indolis et domus patris eius principes viginti duo
og Sadok, ein våpndjerv ungdom, og ætti hans, tvo og tjuge hovdingar;
29 de filiis autem Beniamin fratribus Saul tria milia magna enim pars eorum adhuc sequebatur domum Saul
av Benjamins-sønerne, ættefrendarne hans Saul, tri tusund; for mengdi av deim heldt seg endå trutt til Sauls hus i den tidi;
30 porro de filiis Ephraim viginti milia octingenti fortissimi robore viri nominati in cognationibus suis
av Efraims-sønerne tjuge tusund og åtte hundrad herføre stridsmenner, namngjetne menner i ætterne sine;
31 et ex dimidia parte tribus Manasse decem et octo milia singuli per nomina sua venerunt ut constituerent regem David
av eine helvti av Manasse-ætti attan tusund, som var nemde med namn og kom og skulde gjera David til konge;
32 de filiis quoque Isachar viri eruditi qui norant singula tempora ad praecipiendum quid facere deberet Israhel principes ducenti omnis autem reliqua tribus eorum consilium sequebatur
av Issakars-sønerne slike menner som hadde skyn på tidartekni, og visste kva Israel burde gjera; det var tvo hundrad hovdingar, og dertil alle ættefrendarne deira, som dei hadde styringi yver;
33 porro de Zabulon qui egrediebantur ad proelium et stabant in acie instructi armis bellicis quinquaginta milia venerunt in auxilium non in corde duplici
av Sebulon femti tusund stridsføre menner, herbudde med alle slag våpn; dei flokka seg samheldige;
34 et de Nepthali principes mille et cum eis instructa clypeo et hasta triginta septem milia
av Naftali eit tusund hovdingar, og med deim sju og tretti tusund mann som var væpna med skjold og spjot;
35 de Dan etiam praeparata ad proelium viginti octo milia sescentorum
av danitarne åtte og tjuge tusund og seks hundrad herbudde menner;
36 et de Aser egredientes ad pugnam et in acie provocantes quadraginta milia
av Asser stridsføre og herbudde menner, fyrti tusund;
37 trans Iordanem autem de filiis Ruben et Gad et dimidia parte tribus Manasse instructa armis bellicis centum viginti milia
og frå hi sida åt Jordan, av rubenitarne, gaditarne og andre helvti av Manasse-ætti, eit hundrad og tjuge tusund mann med alle slag våpn som er bruklege i strid.
38 omnes isti viri bellatores et expediti ad pugnandum corde perfecto venerunt in Hebron ut constituerent regem David super universum Israhel sed et omnes reliqui ex Israhel uno corde erant ut rex fieret David
Alle desse hermennerne skipa seg i fylking og kom med hjartans godhug for David til Hebron og vilde gjera honom til konge yver heile Israel. Men alle hine av Israel var og sameinte i å gjera David til konge.
39 fueruntque ibi apud David tribus diebus comedentes et bibentes praeparaverunt enim eis fratres sui
Og dei var der hjå David i tri dagar og åt og drakk; for brørne deira hadde laga til åt deim.
40 sed et qui iuxta eos erant usque ad Isachar et Zabulon et Nepthalim adferebant panes in asinis et camelis et mulis et bubus ad vescendum farinam palatas uvam passam vinum oleum boves arietes ad omnem copiam gaudium quippe erat in Israhel
Dei som budde nær ved, alt upp til Issakar, Sebulon og Naftali, førde og nøgdi med føda til deim, på asen, kamelar, muldyr og uksar; grjonmat, fikekakor, rosinkakor, vin og olje, bufe og sauer; for det var gleda i Israel.