< Genesis 27 >
1 And it came to pass, that when Isaac was old, and his eyes were dim, so that he could not see, he called Esau his eldest son, and said to him, My son: and he said to him, Behold, here am I.
Då Isak var gamall vorten, og tok til å dimmast på syni, so han ikkje kunde skilja, då kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sagde: «Du son min!» Og Esau svara: «Ja, her er eg!»
2 And he said, Behold now, I am old, I know not the day of my death:
Då sagde han: «No er eg gamall vorten og veit ikkje kva dag eg kann døy.
3 Now therefore take, I pray thee, thy weapons, thy quiver and thy bow, and go out to the field, and take me some venison;
Tak no du veidegogni di, pilehuset og bogen, og gakk ut i marki, og veid meg noko vilt,
4 And make me savoury meat, such as I love, and bring it to me, that I may eat; that my soul may bless thee before I die.
og laga ein god rett åt meg, soleis som du veit eg likar det, og kom so inn til meg med det; då vil eg eta, so sjæli mi kann få velsigna deg, innan eg døyr.»
5 And Rebekah heard when Isaac spoke to Esau his son. And Esau went to the field to hunt for venison, and to bring it.
Og Rebekka lydde på at Isak tala til Esau, son sin. So gjekk Esau ut i marki og vilde veida noko vilt og hava med seg heim.
6 And Rebekah spoke to Jacob her son, saying, Behold, I heard thy father speak to Esau thy brother, saying,
Då sagde Rebekka med Jakob, son sin: «Høyr her!» sagde ho, «eg lydde på at far din tala til Esau, bror din, og sagde:
7 Bring me venison, and make me savoury meat, that I may eat, and bless thee before the LORD before my death.
«Kom heim med noko vilt, og laga ein god rett åt meg, so eg fær eta; då vil eg velsigna deg for Herrens åsyn, innan eg døyr.»
8 Now therefore, my son, obey my voice according to that which I command thee.
Lyd no du meg, son min, og gjer som eg segjer deg fyre.
9 Go now to the flock, and bring me from there two good kids of the goats; and I will make them savoury meat for thy father, such as he loveth:
Gakk burt i buflokken, og tak tvo gode kidungar, so skal eg laga ein god rett av deim åt far din, soleis som eg veit han likar det,
10 And thou shalt bring it to thy father, that he may eat, and that he may bless thee before his death.
og du skal ganga inn til far din med det, so han fær eta og kann velsigna deg, fyrr han døyr!»
11 And Jacob said to Rebekah his mother, Behold, Esau my brother is a hairy man, and I am a smooth man:
Då sagde Jakob med Rebekka, mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snaud.
12 My father perhaps will feel me, and I shall seem to him as a deceiver; and I shall bring a curse upon me, and not a blessing.
Kann henda far min trivlar på meg. Då trur han eg vil hava honom til narr, og eg fær ei våbøn yver meg og ingi velsigning.»
13 And his mother said to him, Upon me be thy curse, my son: only obey my voice, and go bring them to me.
«Den våbøni skal eg taka på meg, son min, » sagde mor hans. «Berre lyd du meg, og gakk og henta meg kidi!»
14 And he went, and took, and brought them to his mother: and his mother made savoury meat, such as his father loved.
Då gjekk han og henta deim, og kom til mor si med deim, og mor hans laga ein god rett, soleis som ho visste far hans vilde lika det.
15 And Rebekah took the choicest raiment of her eldest son Esau, which was with her in the house, and put it upon Jacob her younger son:
So tok Rebekka dei beste klædi åt Esau, eldste son sin - dei låg inni huset hjå henne - og hadde deim på Jakob, yngste son sin.
16 And she put the skins of the kids of the goats on his hands, and on the smooth part of his neck:
Og skinni av kidungarne hadde ho på henderne hans og på halsen hans der han var snaud.
17 And she gave the savoury meat and the bread, which she had prepared, into the hand of her son Jacob.
So let ho Jakob, son sin, få den gode retten og brødet som ho hadde stelt til,
18 And he came to his father, and said, My father: and he said, Here am I; who art thou, my son?
og han gjekk inn til far sin, og sagde: «Far!» Og han sagde: «Ja, her er eg. Kven er du, guten min?»
19 And Jacob said to his father, I am Esau thy firstborn; I have done according as thou badest me: arise, I pray thee, sit and eat of my venison, that thy soul may bless me.
Då sagde Jakob med far sin: «Eg er Esau, eldste son din. Eg hev gjort som du bad meg. Ris no upp, og set deg og et av det eg hev veidt, so sjæli di kann velsigna meg!»
20 And Isaac said to his son, How is it that thou hast found it so quickly, my son? And he said, Because the LORD thy God brought it to me.
Og Isak sagde med son sin: «So snøgg som du var til å finna det, son min!» Og han sagde: «Herren, din Gud, sende det imot meg.»
21 And Isaac said to Jacob, Come near, I pray thee, that I may feel thee, my son, whether thou art my very son Esau or not.
Då sagde Isak med Jakob: «Kom då hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg um du er Esau, son min, eller ikkje!»
22 And Jacob went near to Isaac his father; and he felt him, and said, The voice is Jacob’s voice, but the hands are the hands of Esau.
So gjekk Jakob innåt Isak, far sin, og han trivla på honom og sagde: «Det er målet hans Jakob, men henderne hans Esau.»
23 And he knew him not, because his hands were hairy, as his brother Esau’s hands: so he blessed him.
Og han kjende honom ikkje; for henderne hans var lodne som henderne åt Esau, bror hans; og han velsigna honom.
24 And he said, Art thou my very son Esau? And he said, I am.
«Er du Esau, son min?» sagde han. Og han svara: «Ja, det er eg.»
25 And he said, Bring it near to me, and I will eat of my son’s venison, that my soul may bless thee. And he brought it near to him, and he ate: and he brought him wine, and he drank.
«Set no fram åt meg då, » sagde Isak, «og lat meg få eta av det som son min hev veidt, so sjæli mi kann velsigna deg!» Då sette han fram åt honom, og han åt, og han kom med vin til honom, og han drakk.
26 And his father Isaac said to him, Come near now, and kiss me, my son.
So sagde Isak, far hans, med honom: «Kom no hit, og kyss meg, son min!»
27 And he came near, and kissed him: and he smelled the smell of his raiment, and blessed him, and said, See, the smell of my son is as the smell of a field which the LORD hath blessed:
Då gjekk han burt til honom og kysste honom, og han kjende angen av klædi hans, og velsigna honom og sagde: «Sjå, som angen av ei eng som Herren signa, so angar det av sonen min!
28 Therefore God give thee of the dew of heaven, and the fatness of the earth, and plenty of grain and wine:
So gjeve Gud deg dogg frå himlen høge, og engjar av dei feitaste på jordi, og nøgdi utav korn og druvesaft!
29 Let people serve thee, and nations bow down to thee: be lord over thy brethren, and let thy mother’s sons bow down to thee: cursed be every one that curseth thee, and blessed be he that blesseth thee.
Deg tjoder tena skal, og folkeslag skal falla deg til fota. Ver herre yver brørne dine! Borni åt mor di bøygje seg for deg! Forbanna vere dei som deg forbannar! Velsigna vere dei som deg velsignar!»
30 And it came to pass, as soon as Isaac had finished blessing Jacob, and Jacob had yet scarcely gone out from the presence of Isaac his father, that Esau his brother came in from his hunting.
Med same Isak hadde velsigna Jakob - det var ikkje meir enn so vidt at Jakob var komen ut att frå Isak, far sin - då kom Esau, bror hans, heim att or veideskog.
31 And he also had made savoury meat, and brought it to his father, and said to his father, Let my father arise, and eat of his son’s venison, that thy soul may bless me.
Han og laga ein god rett og bar inn til far sin. So sagde han med far sin: «Vil ikkje far risa upp og eta av det som son hans hev veidt, so sjæli di kann velsigna meg!»
32 And Isaac his father said to him, Who art thou? And he said, I am thy son, thy firstborn Esau.
Og Isak, far hans, spurde honom: «Kven er du?» Og han svara: «Eg er Esau, eldste son din.»
33 And Isaac trembled exceedingly, and said, Who? where is he that hath taken venison, and brought it me, and I have eaten of all before thou camest, and have blessed him? yea, and he shall be blessed.
Då vart Isak so forfærd at han skalv, og han sagde: «Kven var det då som veide vilt og kom til meg med? Eg åt av alt saman, og velsigna honom, fyrr du kom, og no lyt han vera velsigna.»
34 And when Esau heard the words of his father, he cried with a great and exceedingly bitter cry, and said to his father, Bless me, even me also, O my father.
Då Esau høyrde dei ordi av far sin, sette han i eit skrik so høgt og sårt, at det var ilt å høyra. So sagde han med far sin: «Velsigna meg, velsigna meg og, far!»
35 And he said, Thy brother came deceitfully, and hath taken away thy blessing.
Men han svara: «Bror din kom med velor og tok velsigningi di.»
36 And he said, Is he not rightly named Jacob? for he hath supplanted me twice: he took away my birthright; and, behold, now he hath taken away my blessing. And he said, Hast thou not reserved a blessing for me?
«Heiter han då ikkje med rette Jakob?» sagde Esau. «Meg hev han no svike tvo gonger. Fyrst tok han odelen min, og sjå no hev han teke velsigningi mi.» So sagde han: «Hev du ikkje att ei velsigning til meg og?»
37 And Isaac answered and said to Esau, Behold, I have made him thy lord, and all his brethren have I given to him for servants; and with grain and wine have I sustained him: and what shall I do now to thee, my son?
Og Isak svara Esau og sagde: «Sjå, no hev eg sett honom til herre yver deg, og alle brørne hans hev eg gjort til hans tenarar, og med korn og druvesaft hev eg styrkt honom! Kva kann eg so gjera for deg, son min?»
38 And Esau said to his father, Hast thou but one blessing, my father? bless me, even me also, O my father. And Esau lifted up his voice, and wept.
Og Esau sagde med far sin: «Hev du då berre denne eine velsigningi, far? Velsigna meg, velsigna meg og, far!» Og Esau gret høgt.
39 And Isaac his father answered and said to him, Behold, thy dwelling shall be the fatness of the earth, and of the dew of heaven from above;
Då tok Isak, far hans, til ords att, og sagde til honom: «Sjå, langt burte frå dei feite bøarne din bustad vera skal, og utan himmeldoggi ovantil.
40 And by thy sword shalt thou live, and shalt serve thy brother; and it shall come to pass when thou shalt have the dominion, that thou shalt break his yoke from off thy neck.
Av sverdet ditt du liva skal, og tena lyt du broder din, men ein gong kjem den tid du riv deg laus, og rister oket hans av halsen din.»
41 And Esau hated Jacob because of the blessing with which his father blessed him: and Esau said in his heart, The days of mourning for my father are at hand; then will I slay my brother Jacob.
Men Esau hata Jakob for den velsigningi som far hans hadde lyst yver honom, og Esau sagde med seg sjølv: «Snart kjem den tidi då me lyt syrgja yver far min; då skal eg drepa Jakob, bror min.»
42 And these words of Esau her elder son were told to Rebekah: and she sent and called Jacob her younger son, and said to him, Behold, thy brother Esau, as concerning thee, doth comfort himself, purposing to kill thee.
Og Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sagde med honom: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.
43 Now therefore, my son, obey my voice; and arise, flee thou to Laban my brother to Haran;
Lyd no meg, son min: tak ut og røm til Kharan, til Laban, bror min,
44 And tarry with him a few days, until thy brother’s fury shall turn away;
Og ver hjå honom eit bil, til harmen hev gjenge av bror din,
45 Till thy brother’s anger shall turn away from thee, and he shall forget that which thou hast done to him: then I will send, and bring thee from there: why should I be deprived also of you both in one day?
til vreiden hans hev gjeve seg, og han hev gløymt det du hev gjort imot honom! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvi skulde eg missa dykk båe tvo på ein dag?»
46 And Rebekah said to Isaac, I am weary of my life because of the daughters of Heth: if Jacob shall take a wife of the daughters of Heth, such as these who are of the daughters of the land, what good shall my life do me?
So sagde Rebekka med Isak: «Eg er so leid av livet for desse Hets-døtterne skuld! Skulde no Jakob og taka seg ei kona utav Hets-døtterne, slik ei som desse, ei her ifrå landet, kva hadde eg då liva etter?»