< Psalms 135 >
1 Hallelujah! Praise the name of Jehovah; praise, ye servants of Jehovah,
Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar,
2 Ye that stand in the house of Jehovah, in the courts of the house of our God.
de som stend i Herrens hus, i fyregardarne til vår Guds hus!
3 Praise ye Jah; for Jehovah is good: sing psalms unto his name; for it is pleasant.
Lova Herren, for Herren er god! Syng lov for hans namn, for det er yndelegt.
4 For Jah hath chosen Jacob unto himself, Israel for his own possession.
For Jakob hev Herren valt seg ut, Israel til sin eigedom.
5 For I know that Jehovah is great, and our Lord is above all gods.
For eg veit at Herren er stor, og vår Herre er meir enn alle gudar.
6 Whatsoever Jehovah pleased, he hath done in the heavens and on the earth, in the seas and all deeps;
Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup,
7 Who causeth the vapours to ascend from the ends of the earth; who maketh lightnings for the rain; who bringeth the wind out of his treasuries:
han som let eim stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, som fører ut or sine gøymslor vind,
8 Who smote the firstborn of Egypt, both of man and beast;
han som slo dei fyrstefødde i Egyptarland både av folk og fe,
9 Who sent signs and miracles into the midst of thee, O Egypt, upon Pharaoh and upon all his servants;
som sende teikn og under midt i deg, Egyptarland, mot Farao og alle hans tenarar.
10 Who smote great nations, and slew mighty kings,
Han som slo mange heidningefolk og drap megtige kongar,
11 Sihon king of the Amorites, and Og king of Bashan, and all the kingdoms of Canaan;
Sihon, amoritarkongen, og Basans konge Og, og alle Kana’ans kongerike,
12 And gave their land for an inheritance, an inheritance unto Israel his people.
og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk.
13 Thy name, O Jehovah, is for ever; thy memorial, O Jehovah, from generation to generation.
Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt.
14 For Jehovah will judge his people, and will repent in favour of his servants.
For Herren skal døma sitt folk og ynkast yver sine tenarar.
15 The idols of the nations are silver and gold, the work of men's hands:
Heidninge-avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.
16 They have a mouth, and they speak not; eyes have they, and they see not;
Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje,
17 They have ears, and they hear not; neither is there any breath in their mouth.
dei hev øyro, men høyrer ikkje, og ingen ande er i deira munn.
18 They that make them are like unto them, — every one that confideth in them.
Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim.
19 House of Israel, bless ye Jehovah; house of Aaron, bless ye Jehovah;
Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren!
20 House of Levi, bless ye Jehovah; ye that fear Jehovah, bless Jehovah.
Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren!
21 Blessed be Jehovah out of Zion, who dwelleth at Jerusalem! Hallelujah!
Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!