< Jeremiah 2 >
1 And the word of Jehovah came to me, saying,
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Go and cry in the ears of Jerusalem, saying, Thus saith Jehovah: I remember for thee the kindness of thy youth, the love of thine espousals, when thou wentest after me in the wilderness, in a land not sown.
Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der dei inkje sår.
3 Israel was holiness unto Jehovah, the first-fruits of his increase: all that devour him are guilty; evil shall come upon them, saith Jehovah.
Heilagt var Israel for Herren, hans fyrstegrøda. Alle som vilde eta det, laut bøta, ulukka kom på deim, segjer Herren.
4 Hear the word of Jehovah, house of Jacob, and all the families of the house of Israel.
Høyr Herrens ord, Jakobs hus, og alle ætter i Israels hus!
5 Thus saith Jehovah: What injustice have your fathers found in me, that they are gone far from me, and have walked after vanity, and become vain?
So segjer Herren: Kva hev federne dykkar funne rangt hjå meg, sidan dei hadde seg undan meg og ferdast etter fåfenglege gudar og vart fåfenglege?
6 And they said not, Where is Jehovah, that brought us up out of the land of Egypt, that led us in the wilderness, in a land of deserts and of pits, in a land of drought and of the shadow of death, in a land that no one passeth through, and where no man dwelleth?
Og dei sagde ikkje: «Kvar er Herren som førde oss ut or Egyptarlandet, som leidde oss i øydemarki, i eit land med heidar og klufter, i eit land med turk og daudeskuggar, i eit land der ingen mann hev fare, og der inkje menneskje hev butt?»
7 And I brought you into a fruitful land, to eat the fruit thereof and the good thereof; and ye entered and defiled my land, and made my heritage an abomination.
Og eg let dykk koma inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom.
8 The priests said not, Where is Jehovah? and they that handled the law knew me not; and the shepherds transgressed against me; and the prophets prophesied by Baal, and walked after [things that] do not profit.
Prestane sagde ikkje: «Kvar er Herren?» Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingarne fall ifrå meg. Og profetarne spådde ved Ba’al, og etter gagnlause gudar gjekk dei.
9 Therefore will I yet plead with you, saith Jehovah, and with your children's children will I plead.
Difor vil eg framleides trætta med dykk, segjer Herren; og med barneborni dykkar vil eg trætta.
10 For pass over to the isles of Chittim, and see; and send unto Kedar, and consider diligently, and see if there have been such a thing.
For far yver til Kittim-øyarne og sjå, og send bod til Kedar og høyr vel etter, og sjå um slikt er hendt!
11 Hath a nation changed [its] gods? and they are no gods; — but my people have changed their glory for that which doth not profit.
Hev noko folk bytt burt gudar, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk hev bytt sin herlegdom burt i gagnløysa.
12 Be astonished, ye heavens, at this, and shudder; be amazed very much, saith Jehovah.
Vert forstøkte, de himlar, yver slikt, og tak fæla og stivna, segjer Herren.
13 For my people have committed two evils: they have forsaken me, the fountain of living waters, to hew them out cisterns, broken cisterns that hold no water.
For tvo illverk hev mitt folk gjort: dei vende seg frå meg, kjelda med livande vatn, og grov seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.
14 Is Israel a bondman? Is he a home-born [slave]? Why is he become a spoil?
Er Israel ein træl? Er han ein træleson? Kvi er han vorten eit herfang?
15 The young lions roared against him, they gave forth their voice, and they made his land desolate: his cities are burned, without inhabitant.
Ungløvor bura imot honom, let ljoma si røyst. Og dei gjorde hans land til ei audn, hans byar vart brende, ingen bur der.
16 Even the children of Noph and Tahapanes have fed on the crown of thy head.
Jamvel Nofs-sønerne og Tahpanhes hev gjort deg snaud i kruna.
17 Hast thou not procured this unto thyself, in that thou hast forsaken Jehovah thy God, at the time he was leading thee in the way?
Hev du ikkje sjølv valda deg dette, med di du vende deg frå Herren, din Gud, då han vilde leida deg på vegen?
18 And now, what hast thou to do with the way of Egypt, to drink the waters of Shihor? And what hast thou to do with the way of Assyria, to drink the waters of the River?
Og no, kva hev du med Egyptarvegen å gjera for å drikka vatn or Sihor? Og kva hev du med Assur-vegen å gjera for å drikka vatn or Elvi?
19 Thine own wickedness chastiseth thee, and thy backslidings reprove thee: know then and see that it is an evil thing and bitter that thou hast forsaken Jehovah thy God, and that my fear is not in thee, saith the Lord, Jehovah of hosts.
Din vondskap agar deg, og dine fråfall refser deg: Kjenn då og sjå at det er vondt og beiskt at du vende deg frå Herren, din Gud, og at du ikkje hev otte for meg, segjer Herren, Allhers-Herren.
20 For of old thou hast broken thy yoke, [and] burst thy bands; and thou saidst, I will not serve. For upon every high hill, and under every green tree, thou bowest down, playing the harlot.
For alt longe sidan braut du sund ditt ok, sleit sund dine band og sagde: «Eg vil ikkje tena.» For på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre lagde du deg ned og dreiv hor.
21 And I, — I had planted thee a noble vine, wholly a right seed; how then art thou turned into the degenerate shoots of a strange vine unto me?
Og eg hadde då planta deg eit godt vintre, alt igjenom av egte sæde; kor kunde du då verta umskapt for meg til villvin av framandt slag?
22 For though thou wash thee with nitre, and take thee much potash, thine iniquity is marked before me, saith the Lord Jehovah.
For um du so vilde två deg i lut og bruka mykje såpa, so vilde di misgjerning endå vera urein for mi åsyn, segjer Herren, Herren.
23 How sayest thou, I am not defiled, I have not gone after the Baals? See thy way in the valley, acknowledge what thou hast done — a swift dromedary traversing her ways!
Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå.
24 — a wild ass, used to the wilderness, that snuffeth up the wind in her desire! In her ardour, who shall turn her away? All they that seek her will not weary themselves; in her month they shall find her.
Som ei vill-asna, van med øydemarki, syp ho etter anden i si trå. Brund-giren hennar - kven kann døyva den? Dei som leitar etter henne, tarv ikkje renna seg trøytte; i hennar månad finn dei henne.
25 Withhold thy foot from being unshod, and thy throat from thirst. But thou saidst, There is no hope; no, for I love strangers, and after them will I go.
Vara foten din so han ikkje vert berr, og strupen din so du ikkje vert tyrst! Men du segjer: «Rådlaust! Nei, for eg elskar framande, » og etter deim vil eg ganga.
26 As a thief is ashamed when he is found, so shall the house of Israel be ashamed — they, their kings, their princes, and their priests, and their prophets —
Liksom tjuven må skjemmast når han vert teken, soleis må Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongarne deira, hovdingarne deira og prestarne deira og profetarne deira,
27 saying to a stock, Thou art my father; and to a stone, Thou hast brought me forth; for they have turned the back unto me, and not the face; and in the time of their trouble they will say, Arise, and save us!
dei som segjer til treet: «Du er min far, » og til steinen: «Du hev født meg; » for dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andlitet. Men når dei er i naud, då ropar dei: «Ris upp og hjelp oss!»
28 Where then are thy gods that thou hast made for thyself? let them arise, if they can save thee in the time of thy trouble: for as the number of thy cities, are thy gods, O Judah.
Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine.
29 Wherefore would ye contend with me? Ye all have transgressed against me, saith Jehovah.
Kvi trætter de med meg? Alle er de falne frå meg, segjer Herren.
30 In vain have I smitten your children: they received no correction. Your own sword hath devoured your prophets, like a destroying lion.
Til fånyttes slo eg borni dykkar; age tok dei ikkje. Som ei herjande løva gløypte dykkar sverd profetarne dykkar.
31 O generation, mark ye the word of Jehovah. Have I been a wilderness unto Israel, or a land of thick darkness? Wherefore say my people, We have dominion; we will come no more unto thee?
Du ætt, gjev gaum etter Herrens ord! Hev eg vore ei øydemark for Israel eller eit stum-myrkt land? Kvi segjer då lyden min: «Me gjeng lause, me vil aldri meir koma til deg.»
32 Doth a virgin forget her ornaments, a bride her attire? But my people have forgotten me days without number.
Gløymer ei møy sin prydnad, ei brur sitt belte? Men lyden min hev gløymt meg i uteljande dagar.
33 How dost thou trim thy way to seek love! Therefore hast thou also accustomed thy ways to wickedness.
Kor vel du veit å leggja vegen din til å leita etter elskhug! Difor vandest du og på dine vegar til det vonde.
34 Yea, in thy skirts is found the blood of the souls of the innocent poor, whom thou didst not encounter breaking in, but [it is found] upon all these.
Ja, på kjolesnipparne finst det blod av skuldlause armingar: ikkje kom du på deim i innbrot; men av di at alt dette er funne hjå deg.
35 And thou sayest, Indeed I am innocent; his anger will turn from me. Behold, I will enter into judgment with thee because thou sayest, I have not sinned.
Endå segjer du: «Eg er skuldlaus; visseleg hev vreiden hans vendt seg frå meg.» Sjå, eg vil ganga til doms med deg av di at du segjer: «Eg hev ikkje synda.»
36 Why dost thou gad about so much, and change thy way? Thou shalt also be brought to shame by Egypt, as thou wast brought to shame by Assyria.
Kvi fer du so langt burt i ei onnor leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, likeins som du vart til skammar med Assyria.
37 Thou shalt indeed go forth from her with thy hands upon thy head; for Jehovah hath rejected those thou confidest in, and thou shalt not prosper by them.
Derifrå med skal du ganga ut med henderne yver ditt hovud. For Herren hev støytt burt deim du leit, og du fær ingi lukka med deim.