< Psalms 122 >
1 A Song of Ascents; of David. I was glad when they said unto me, Let us go unto the house of Jehovah.
Ein song til høgtidsferderne; av David. Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.»
2 Our feet are standing Within thy gates, O Jerusalem,
Våre føter fekk standa i dine portar, Jerusalem.
3 Jerusalem, that art builded As a city that is compact together;
Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop.
4 Whither the tribes go up, even the tribes of Jehovah, [For] an ordinance for Israel, To give thanks unto the name of Jehovah.
Der ætterne fer upp, Herrens ætter, etter Israels lov, til å prisa Herrens namn.
5 For there are set thrones for judgment, The thrones of the house of David.
For der er stolar sette til domstolar for Davids hus.
6 Pray for the peace of Jerusalem: They shall prosper that love thee.
Bed um fred for Jerusalem! det gange deim vel som elskar deg!
7 Peace be within thy walls, And prosperity within thy palaces.
Fred vere innanfor dine murar og ro i dine salar!
8 For my brethren and companions’ sakes, I will now say, Peace be within thee.
For mine brør og vener skuld vil eg segja: «Fred vere i deg!»
9 For the sake of the house of Jehovah our God I will seek thy good.
For Herrens, vår Guds, hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.