< Mark 16 >

1 When the Sabbath was past, Mary Magdalene, and Mary the mother of James, and Salome bought spices, that they might come and anoint him.
Då kviledagen var ende, kjøpte Maria Magdalena og Jakobs-Maria og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva honom.
2 Very early on the first day of the week, they came to the tomb when the sun had risen.
Ovtidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi.
3 They were saying among themselves, “Who will roll away the stone from the door of the tomb for us?”
Då sagde dei seg imillom: «Kven skal me få til å velta steinen frå gravopningi?»
4 for it was very big. Looking up, they saw that the stone was rolled back.
Men då dei såg upp, vart dei vare at steinen var fråvelt, og han var ovstor.
5 Entering into the tomb, they saw a young man sitting on the right side, dressed in a white robe; and they were amazed.
Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann, som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde;
6 He said to them, “Do not be amazed. You seek Jesus, the Nazarene, who has been crucified. He has risen! He is not here. See the place where they laid him!
men han sagde: «Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest! Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei lagde honom.
7 But go, tell his disciples and Peter, ‘He goes before you into Galilee. There you will see him, as he said to you.’”
Men gakk no av stad og seg med læresveinarne hans og med Peter at han gjeng fyre dykk til Galilæa; der skal de sjå honom, som han hev sagt dykk.»
8 They went out, and fled from the tomb, for trembling and astonishment had come on them. They said nothing to anyone; for they were afraid.
Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke deim, so dei skalv og var mest ifrå seg. Og dei tala’kje eit ord til nokon, so rædde var dei.
9 (note: The most reliable and earliest manuscripts do not include Mark 16:9-20.) Now when he had risen early on the first day of the week, he appeared first to Mary Magdalene, from whom he had cast out seven demons.
(note: The most reliable and earliest manuscripts do not include Mark 16:9-20.) Då Jesus hadde stade upp att, tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor.
10 She went and told those who had been with him, as they mourned and wept.
Ho gjekk av stad og sagde det til deim som hadde vore med honom, og som no syrgde og gret.
11 When they heard that he was alive and had been seen by her, they disbelieved.
Men då dei fekk høyra at han livde, og at ho hadde set honom, vilde dei ikkje tru det.
12 After these things he was revealed in another form to two of them as they walked, on their way into the country.
Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet.
13 They went away and told it to the rest. They did not believe them, either.
Dei og kom og sagde det med dei andre, men dei trudde ikkje deim heller.
14 Afterward he was revealed to the eleven themselves as they sat at the table; and he rebuked them for their unbelief and hardness of heart, because they did not believe those who had seen him after he had risen.
Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, med dei sat til bords; og han lasta deim for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde deim som hadde set honom etter han var staden upp att.
15 He said to them, “Go into all the world and preach the Good News to the whole creation.
Og han sagde til deim: «Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen!
16 He who believes and is baptized will be saved; but he who disbelieves will be condemned.
Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd.
17 These signs will accompany those who believe: in my name they will cast out demons; they will speak with new languages;
Og desse teikni skal fylgja deim som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor;
18 they will take up serpents; and if they drink any deadly thing, it will in no way hurt them; they will lay hands on the sick, and they will recover.”
dei skal taka ormar i henderne, og um dei drikk noko som det er gift i, so skal det ikkje skada deim; legg dei henderne på sjuke, so skal dei få att helsa.»
19 So then the Lord, after he had spoken to them, was received up into heaven and sat down at the right hand of God.
Etter Herren Jesus hadde tala til deim, vart han teken upp til himmels og sette seg ved Guds høgre hand.
20 They went out and preached everywhere, the Lord working with them and confirming the word by the signs that followed. Amen.
Og dei gjekk ut og tala Guds ord alle stader, og Herren var med deim og stadfeste ordet med dei teikni som fylgde med.

< Mark 16 >