< 約翰一書 3 >

1 請看父賜給我們何等的愛情,使我們得稱為天主的子女,而且我們也真是如此。世界所以不認識我們,是因為不認識父。
Sjå, kor stor kjærleik Faderen hev synt oss, at me skal kallast Guds born; og det er me. Difor kjenner ikkje verdi oss, av di ho ikkje kjenner honom.
2 可愛的諸位,現在我們是天主的子女,但我們將來如何,還沒有顯明;可是我們知道:一顯明了,我們必要相似他,因為我們要看見他實在怎樣。
Mine kjære! No er me Guds born, og det er ikkje endå openberra kva me skal verta; me veit at når han vert openberra, då skal me verta honom like; for me skal sjå honom som han er.
3 所以,凡對他懷著這希望的,必聖潔自己,就如那一位是聖潔的一樣。
Og kvar den som hev denne voni til honom, han reinsar seg sjølv, liksom han er rein.
4 凡是犯罪的,也就是作違法的事,因為罪過就是違法。
Kvar den som gjer synd, han gjer og lovbrot, og syndi er lovbrot.
5 你們也知道,那一位曾顯示出來,是為除免罪過,在他身上並沒有罪過。
Og de veit at han er openberra til å taka burt synderne, og det finst ikkje synd i honom.
6 凡存在他內的,就不犯罪過;凡犯罪過的,是沒有看見過他,也沒有認識過他。
Kvar den som vert verande i honom, syndar ikkje; kvar den som syndar, han hev ikkje set honom og ikkje kjent honom.
7 孩子們,萬不要讓人迷惑你們!那行正義的,就是正義的人,正如那一位是正義的一樣。
Born, lat ingen dåra dykk! den som gjer rettferd, er rettferdig, liksom han er rettferdig.
8 那犯罪的,是屬於魔鬼,因為魔鬼從起初就犯罪:天主子所以顯現出來,是為消滅魔鬼的作為。
Den som gjer synd, er av djevelen; for djevelen syndar frå upphavet. Til det er Guds son openberra, at han skal gjera ende på djevelens verk.
9 凡由天主生的,就不犯罪過,因為天主的種子存留在他內,他不能犯罪,因為他是由天主生的。
Kvar den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd; for hans sæde vert verande i honom, og han kann ikkje synda; for han er fødd av Gud.
10 天主的子女和魔鬼的子女在這事上可以認出:就是凡不行正義的和不愛自己弟兄的,就不是出於天主。
På det kann ein kjenna Guds born og djevelens born: kvar den som ikkje gjer rettferd, er ikkje av Gud, og ikkje den heller som ikkje elskar bror sin.
11 原來你們從起初所聽的訓令就是:我們應彼此相愛;
For dette er den bodskapen som de høyrde frå upphavet, at me skal elska kvarandre;
12 不可像那屬於惡者和殺害自己兄弟的加音。加音究竟為什麼殺了他?因為他自己的行為是邪惡的,而他兄弟的行為是正義的。
ikkje som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvi drap han honom? Av di hans gjerningar var vonde, men hans brors gjerningar rettferdige.
13 弟兄們,如果世界惱恨你們,不必驚奇。
Undra dykk ikkje, mine brør, um verdi hatar dykk!
14 我們知道,我們已出死入生了,因為我們愛弟兄們;那不愛的,就存在死亡內。
Me veit at me er gjengne yver frå dauden til livet, for me elskar brørne; den som ikkje elskar, vert verande i dauden.
15 凡惱恨自己弟兄的,便是殺人的;你們也知道:凡殺人的,便沒有永遠的生命存在他內。 (aiōnios g166)
Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg. (aiōnios g166)
16 我們所以認識了愛,因為那一位為我們捨棄了自己的生命,我們也應當為弟兄們捨棄生命。
På det hev me lært å kjenna kjærleiken, at han sette livet til for oss; me er og skuldige til å setja livet til for brørne.
17 誰若有今世的財物,看見自己的弟兄有急難,卻對他關閉自己憐憫的心腸,天主的愛怎能存在他內?
Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin hava trong og let hjarta sitt att for honom, kor kann då kjærleiken til Gud vera i honom!
18 孩子們,我們愛,不可只用言語,也不可只用口舌,而要用行動和事實。
Mine born, lat oss ikkje elska med ord eller med tunga, men i gjerning og sanning!
19 在這一點上我們可以認出,我們是出於真理的,並且在他面前可以安心,
Og på dette skal me skyna at me er av sanningi, og so skal me roa hjarto våre for hans åsyn.
20 縱然我們的心責備我們,我們還可以安心,因為天主比我們的心大,他原知道一切。
For um enn hjarta fordømer oss, so er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting.
21 可愛的諸位,假使我們的心不責備我們,在天主前便可放心大膽;
Mine kjære! dersom hjarta ikkje fordømer oss, so hev me fritt mod for Gud,
22 那麼我們無論求什麼,必由他獲得,因為我們遵守了他的命令,行了他所喜悅的事。
og det som me bed um, fær me av honom; for me held hans bod og gjer det som er honom til hugnad.
23 他的命令就是叫我們信他的子耶穌基督的名字,並按照他給我們所出的命令,彼此相愛。
Og dette er hans bod, at me skal tru på hans son Jesus Kristi namn og elska kvarandre, so som han baud oss.
24 那遵守他命令的,就住在他內,天主也住在這人內。我們所以知道他住在我們內,是藉他賜給我們的聖神。
Og den som held hans bod, han vert verande i honom og han i honom; og på dette veit me at han vert verande i oss, av den Ande som han hev gjeve oss.

< 約翰一書 3 >