< ख़ुरु 2 >

1 और लावी के घराने के एक शख़्स ने जाकर लावी की नसल की एक 'औरत से ब्याह किया।
So var det ein mann av Levi-ætti som gjekk av og tok seg ei kona, og ho var og av Levi-ætti.
2 वह 'औरत हामिला हुई और उसके बेटा हुआ, और उस ने यह देखकर कि बच्चा ख़ूबसूरत है तीन महीने तक उसे छिपा कर रखा।
Og kvinna vart umhender, og åtte ein son. Ho tykte det var so vent eit barn, og løynde honom i tri månader;
3 और जब उसे और ज़्यादा छिपा न सकी तो उसने सरकंडों का एक टोकरा लिया, और उस पर चिकनी मिट्टी और राल लगा कर लड़के को उसमें रख्खा, और उसे दरिया के किनारे झाऊ में छोड़ आई।
då kunde ho ikkje få løynt honom lenger. So fann ho ei røyrkista til honom; den brædde ho med jordbik og tjøra, og so lagde ho sveinen upp i, og sette kista i sevet attmed elvebarden;
4 और उसकी बहन दूर खड़ी रही ताकि देखे कि उसके साथ क्या होता है।
og syster hans stod eit stykke undan, og skulde sjå korleis det gjekk med honom.
5 और फ़िर'औन की बेटी दरिया पर ग़ुस्ल करने आई और उसकी सहेलियाँ दरिया के किनारे — किनारे टहलने लगीं। तब उसने झाऊ में वह टोकरा देख कर अपनी सहेली की भेजा कि उसे उठा लाए।
Då kom dotter åt Farao ned åt elvi, og vilde lauga seg, medan møyarne hennar gjekk att og fram på elvbakken. Ho gådde kista i sevet, og sende terna si etter henne.
6 जब उसने उसे खोला तो लड़के को देखा, और वह बच्चा रो रहा था। उसे उस पर रहम आया और कहने लगी, “यह किसी 'इब्रानी का बच्चा है।”
So hadde ho upp loket, og såg barnet; «nei sjå!» sagde ho, «ein liten svein som ligg og græt!» Og ho tykte synd i honom og sagde: «Det er eit av hebræarborni: »
7 तब उसकी बहन ने फ़िर'औन की बेटी से कहा, “क्या मैं जा कर 'इब्रानी 'औरतों में से एक दाई तेरे पास बुला लाऊँ, जो तेरे लिए इस बच्चे को दूध पिलाया करे?”
Då sagde syster hans med dotter åt Farao: «Skal eg ganga og finna deg ei hebræarkona som gjev brjost, so ho kann fostra upp barnet for deg?»
8 फ़िर'औन की बेटी ने उसे कहा, “जा!” वह लड़की जाकर उस बच्चे की माँ को बुला लाई।
«Gjer so!» svara kongsdotteri. So gjekk gjenta og henta mor åt barnet.
9 फ़िर'औन की बेटी ने उसे कहा, “तू इस बच्चे को ले जाकर मेरे लिए दूध पिला, मैं तुझे तेरी मज़दूरी दिया करूँगी।” वह 'औरत उस बच्चे को ले जाकर दूध पिलाने लगी।
Og kongsdotteri sagde til henne: «Tak denne sveinen og fostra honom upp for meg! Eg skal løna deg for det.» So tok kona sveinen, og fostra honom upp.
10 जब बच्चा कुछ बड़ा हुआ तो वह उसे फ़िर'औन की बेटी के पास ले गई और वह उसका बेटा ठहरा और उसने उसका नाम मूसा यह कह कर रख्खा, “मैंने उसे पानी से निकाला।”
Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdotteri med honom, og han vart som son hennar. Ho kalla han Moses; «for eg hev teke honom upp or vatnet, » sagde ho.
11 इतने में जब मूसा बड़ा हुआ तो बाहर अपने भाइयों के पास गया। और उनकी मशक़्क़तों पर उसकी नज़र पड़ी और उसने देखा कि एक मिस्री उसके एक 'इब्रानी भाई को मार रहा है।
So leid tidi fram til Moses var vaksen. Då var det ein gong han gjekk ut til landsmennerne sine, og såg korleis dei laut slita og slæpa, og so fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebræar, ein av landsmennerne hans.
12 फिर उसने इधर उधर निगाह की और जब देखा कि वहाँ कोई दूसरा आदमी नहीं है, तो उस मिस्री को जान से मार कर उसे रेत में छिपा दिया।
Då såg han vel ikring seg, men vart ikkje var nokon, og so slo han egyptaren i hel, og grov honom ned i sanden.
13 फिर दूसरे दिन वह बाहर गया और देखा कि दो 'इब्रानी आपस में मार पीट कर रहे हैं। तब उसने उसे जिसका कु़सूर था कहा, कि “तू अपने साथी को क्यूँ मारता है?”
Den andre dagen gjekk han ut att, og såg tvo hebræarar som heldt på og slost. Då sagde han med den som hadde skuldi: «Kvi slær du landsmannen din?»
14 उसने कहा, “तुझे किसने हम पर हाकिम या मुन्सिफ़ मुक़र्रर किया? क्या जिस तरह तूने उस मिस्री को मार डाला, मुझे भी मार डालना चाहता है?” तब मूसा यह सोच कर डरा, “बिला शक यह राज़ खुल गया।”
«Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?» svara han; «tenkjer du på å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses rædd, og sagde med seg sjølv: «Hev det alt kome upp!»
15 जब फ़िर'औन ने यह सुना तो चाहा कि मूसा को क़त्ल करे। पर मूसा फ़िर'औन के सामने से भाग कर मुल्क — ए — मिदियान में जा बसा। वहाँ वह एक कुएँ के नज़दीक बैठा था।
Då Farao fekk spurt det, freista han å få drepe Moses. Men Moses rømde for Farao, og stana ikkje fyrr han var i Midjanlandet; der sette han seg ned attmed ein brunn.
16 और मिदियान के काहिन की सात बेटियाँ थी। वह आईं और पानी भर — भर कर कठरों में डालने लगीं ताकि अपने बाप की भेड़ — बकरियों को पिलाएँ।
Presten i Midjan hadde sju døtter; og dei kom og auste upp vatn, og fyllte trørne, og vilde brynna småfeet åt far sin.
17 और गड़रिये आकर उनको भगाने लगे, लेकिन मूसा खड़ा हो गया और उसने उनकी मदद की और उनकी भेड़ — बकरियों को पानी पिलाया।
Men so kom det nokre hyrdingar og jaga deim ifrå. Då reis Moses upp og hjelpte deim, og brynnte buskapen deira.
18 और जब वह अपने बाप र'ऊएल के पास लौटीं तो उसने पूछा, “आज तुम इस क़दर जल्द कैसे आ गई?”
Då dei kom heim att til Re’uel, far sin, sagde han: «Korleis hev det seg at de kjem so tidleg i dag?»
19 उन्होंने कहा, “'एक मिस्री ने हम को गड़रियों के हाथ से बचाया, और हमारे बदले पानी भर — भर कर भेड़ बकरियों को पिलाया।”
«Ein egyptar kom og hjelpte oss mot hyrdingarne, » svara dei; «og so auste han upp vatn for oss, og brynnte buskapen.»
20 उसने अपनी बेटियों से कहा, “वह आदमी कहाँ है? तुम उसे क्यूँ छोड़ आई? उसे बुला लाओ कि रोटी खाए।”
Då sagde Re’uel med døtterne sine: «Kvar er han so? Kvi let de då mannen vera att ute? Bed honom inn, so han kann få seg mat!»
21 और मूसा उस शख़्स के साथ रहने को राज़ी हो गया। तब उसने अपनी बेटी सफ़्फूरा मूसा को ब्याह दी।
Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si.
22 और उसके एक बेटा हुआ, और मूसा ने उसका नाम जैरसोम यह कहकर रख्खा, “मैं अजनबी मुल्क में मुसाफ़िर हूँ।”
Ho åtte ein son, og Moses kalla honom Gersom; «for eg hev fenge heimvist i eit framandt land, » sagde han.
23 और एक मुद्दत के बाद यूँ हुआ कि मिस्र का बादशाह मर गया। और बनी — इस्राईल अपनी ग़ुलामी की वजह से आह भरने लगे और रोए; और उनका रोना जो उनकी ग़ुलामी की वजह था ख़ुदा तक पहुँचा।
Som no dagarne leid og tidi skreid, so døydde kongen i Egyptarland. Men Israels-folket sukka for trældomen og let ille, og naudropi deira steig upp til Gud.
24 और ख़ुदा ने उनका कराहना सुना, और ख़ुदा ने अपने 'अहद को जो अब्रहाम और इस्हाक़ और या'क़ूब के साथ था याद किया।
Og Gud høyrde korleis dei sukka og stunde, og Gud mintest sambandet sitt med Abraham og Isak og Jakob.
25 और ख़ुदा ने बनी — इस्राईल पर नज़र की और उनके हाल को मा'लूम किया।
For Gud hadde auga med Israels-borni, og Gud visste korleis til stod.

< ख़ुरु 2 >