< Misir'Dan Çikiş 4 >
1 Musa, “Ya bana inanmazlarsa?” dedi, “Sözümü dinlemez, ‘RAB sana görünmedi’ derlerse, ne olacak?”
Då svara Moses og tok so til ords: «Dei vil visst ikkje tru meg og ikkje lyda på meg, men berre segja at Herren ikkje hev synt seg for meg.»
2 RAB, “Elinde ne var?” diye sordu. Musa, “Değnek” diye yanıtladı.
«Kva er det du hev i handi?» spurde Herren. «Ein stav», svara han.
3 RAB, “Onu yere at” dedi. Musa değneğini yere atınca, değnek yılan oldu. Musa yılandan kaçtı.
«Kasta honom på jordi!» sagde Herren. So kasta Moses staven på jordi; då vart han til ein orm, og Moses rømde for honom.
4 RAB, “Elini uzat, kuyruğundan tut” dedi. Musa elini uzatıp kuyruğunu tutunca yılan yine değnek oldu.
«Rett ut handi og grip han i sporden!» sagde Herren. So rette han ut handi, og treiv ormen, og då vart han til ein stav att i handi hans.
5 RAB, “Bunu yap ki, ataları İbrahim'in, İshak'ın, Yakup'un Tanrısı RAB'bin sana göründüğüne inansınlar” dedi.
«No lyt dei vel tru, at Herren, fedreguden deira, hev synt seg for deg, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!»
6 Sonra, “Elini koynuna koy” dedi. Musa elini koynuna koydu. Çıkardığı zaman eli bir deri hastalığına yakalanmış, kar gibi bembeyaz olmuştu.
Og endå sagde Herren til honom: «Stikk handi di i barmen!» So stakk han handi i barmen, og drog henne ut att, og då han skulde sjå til, so var handi hans spilt og kvit som snø.
7 RAB, “Elini yine koynuna koy” dedi. Musa elini yine koynuna koydu. Çıkardığı zaman eli eski haline dönmüştü.
Då sagde Herren: «Stikk handi di i barmen endå ein gong!» So stakk han handi i barmen, og då han drog henne ut or barmen, då var ho like god att, og hadde same liten som fyrr.
8 RAB, “Eğer sana inanmaz, ilk belirtiyi önemsemezlerse, ikinci belirtiye inanabilirler” dedi,
«Um dei no ikkje trur deg, og ikkje agtar på det fyrste teiknet, so trur dei då visst på det andre teiknet, » sagde Herren;
9 “Bu iki belirtiye de inanmaz, sözünü dinlemezlerse, Nil'den biraz su alıp kuru toprağa dök. Irmaktan aldığın su toprakta kana dönecek.”
«men trur dei ikkje på noko av desse tvo teikni, og vil dei ikkje lyda på deg, so skal du taka vatn or elvi og ausa upp på turre marki; og vatnet som du tek or elvi, det skal verta til blod, med det same det kjem på marki.»
10 Musa RAB'be, “Aman, ya Rab!” dedi, “Ben kulun ne geçmişte, ne de benimle konuşmaya başladığından bu yana iyi bir konuşmacı oldum. Çünkü dili ağır, tutuk biriyim.”
Men Moses sagde til Herren: «Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt, og eg er taugmælt.»
11 RAB, “Kim ağız verdi insana?” dedi, “İnsanı sağır, dilsiz, görür ya da görmez yapan kim? Ben değil miyim?
Då sagde Herren til honom: «Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren?
12 Şimdi git! Ben konuşmana yardımcı olacağım. Ne söylemen gerektiğini sana öğreteceğim.”
Gakk no berre, og eg skal vera med munnen din og lære deg kva du skal tala.»
13 Musa, “Aman, ya Rab!” dedi, “Ne olur, benim yerime başkasını gönder.”
«Å Herre, eg bed for meg!» svara Moses, «send heller ein annan med det bodet!»
14 RAB Musa'ya öfkelendi ve, “Ağabeyin Levili Harun var ya!” dedi, “Bilirim, o iyi konuşur. Hem şu anda seni karşılamaya geliyor. Seni görünce sevinecek.
Då vart Herren harm på Moses, og sagde: «Er ikkje Aron av Levi-ætti, bror din? Han, veit eg, kann tala. Og rett no kjem han og møter deg, og når han ser deg, so vert han hjarteleg glad.
15 Onunla konuş, ne söylemesi gerektiğini anlat. İkinizin konuşmasına da yardımcı olacak, ne yapacağınızı size öğreteceğim.
Honom skal du tala til og leggja ordet i munnen hans, og eg skal signa både din munn og hans munn, og læra dykk kva de skal gjera.
16 O sana sözcülük edecek, senin yerine halkla konuşacak. Sen de onun için Tanrı gibi olacaksın.
Han skal tala til folket for deg, og vera liksom munnen din, og du skal vera som ein Gud for honom.
17 Bu değneği eline al, çünkü belirtileri onunla gerçekleştireceksin.”
Og denne staven skal du hava i handi; den er det du skal gjera underi med.»
18 Musa kayınbabası Yitro'nun yanına döndü. Ona, “İzin ver, Mısır'daki soydaşlarımın yanına döneyim” dedi, “Bakayım, hâlâ yaşıyorlar mı?” Yitro, “Esenlikle git” diye karşılık verdi.
So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sagde han med honom: «Kjære deg, lat meg fara attende til skyldfolket mitt i Egyptarland, og sjå um dei liver endå.» Og Jetro svara: «Far i fred!»
19 RAB Midyan'da Musa'ya, “Mısır'a dön, çünkü canını almak isteyenlerin hepsi öldü” demişti.
I Midjan sagde Herren til Moses: «Tak no i veg, og far attende til Egyptarland! For no er dei burte alle dei som leita etter deg og vilde taka livet ditt.»
20 Böylece Musa karısını, oğullarını eşeğe bindirdi; Tanrı'nın buyurduğu değneği de eline alıp Mısır'a doğru yola çıktı.
So tok Moses kona si og sønerne sine og sette deim på asnet, og for attende til Egyptarlandet; og gudsstaven hadde han i handi.
21 RAB Musa'ya, “Mısır'a döndüğünde, sana verdiğim güçle bütün şaşılası işleri firavunun önünde yapmaya bak” dedi, “Ama ben onu inatçı yapacağım. Halkı salıvermeyecek.
Og Herren sagde til Moses: «Når du kjem attende til Egyptarland, so kom i hug at du gjer alle dei underi som eg hev lagt i henderne dine, so Farao ser på det. Men eg vil gjera honom strid i hugen, so han ikkje let folket fara.
22 Sonra firavuna de ki, ‘RAB şöyle diyor: İsrail benim ilk oğlumdur.
Då skal du segja med Farao: «So segjer Herren: «Israel er son min, den eldste av sønerne mine.
23 Sana, bırak oğlum gitsin, bana tapsın, dedim. Ama sen onu salıvermeyi reddettin. Bu yüzden senin ilk oğlunu öldüreceğim.’”
Og eg sagde til deg: «Lat son min fara, so han kann tena meg!» Men du vilde ikkje lata honom fara. Sjå difor vil eg no slå i hel din son, den eldste av sønerne dine.»»»
24 RAB yolda, bir konaklama yerinde Musa'yla karşılaştı, onu öldürmek istedi.
Då dei var no på vegen komne, og hadde roa seg til natti, kom Herren yver honom og lest vilde drepa honom.
25 O anda Sippora keskin bir taş alıp oğlunu sünnet etti, derisini Musa'nın ayaklarına dokundurdu. “Gerçekten sen bana kanlı güveysin” dedi.
Då tok Sippora ein kvass stein, og skar av huveholdet på son sin, og kasta det framfor føterne hans Moses, og sagde: «Du er meg ein blodbrudgom, du!»
26 Böylece RAB Musa'yı esirgedi. Sippora Musa'ya sünnetten ötürü “Kanlı güveysin” demişti.
So let han honom vera. Det var umskjeringi ho tenkte på, då ho sagde «blodbrudgom».
27 RAB Harun'a, “Çöle, Musa'yı karşılamaya git” dedi. Harun gitti, onu Tanrı Dağı'nda karşılayıp öptü.
Og Herren sagde til Aron: «Gakk ut i øydemarki, so møter du Moses!» So gjekk han, og råka Moses innmed Gudsfjellet, og kysste honom.
28 Musa duyurması için RAB'bin kendisine söylediği bütün sözleri ve gerçekleştirmesini buyurduğu bütün belirtileri Harun'a anlattı.
Og Moses sagde med Aron kva ærend og ord Herren hadde sendt honom med, og kva teikn han hadde sett honom til å gjera.
29 Musa'yla Harun varıp İsrail'in bütün ileri gelenlerini topladılar.
So gjekk Moses og Aron, og samla i hop alle dei øvste av Israels-folket.
30 Harun RAB'bin Musa'ya söylemiş olduğu her şeyi onlara anlattı. Musa da halkın önünde belirtileri gerçekleştirdi.
Og Aron bar fram alle dei ordi som Herren hadde tala til Moses, og gjorde teikni, so folket såg på det.
31 Halk inandı; RAB'bin kendileriyle ilgilendiğini, çektikleri sıkıntıyı görmüş olduğunu duyunca, eğilip tapındılar.
Og folket trudde; og då dei høyrde at Herren var komen og vilde lydast til Israels-borni, og at han hadde set kva vande dei var i, so lagde dei seg på kne og bad.