< Yasa'Nin Tekrari 29 >
1 RAB'bin İsrailliler'le Horev Dağı'nda yaptığı antlaşmaya ek olarak, Moav'da Musa'ya onlarla yapmayı buyurduğu antlaşmanın sözleri bunlardır.
Dette er ordi i den pakti som Herren let Moses gjera med Israels-sønerne i Moablandet, umfram den pakti han hadde gjort med deim ved Horeb.
2 Musa bütün İsrailliler'i bir araya toplayarak şöyle dedi: “RAB'bin Mısır'da gözlerinizin önünde firavuna, görevlilerine, ülkesine yaptıklarını gördünüz.
Moses kalla i hop heile Israel, og sagde til deim: «De såg det for augo dykkar alt det som Herren gjorde i Egyptarland med Farao og alle mennerne og heile landet hans,
3 Büyük denemeleri, belirtileri, o büyük ve şaşılası işleri gözlerinizle gördünüz.
med eigne augo såg de dei svære plågorne, dei store teikni og underi.
4 Ne var ki, RAB bugüne dek size kavrayan yürek, gören göz, duyan kulak vermedi.
Men endå hev Herren ikkje fenge gjeva dykk vit til å skyna eller augo til å sjå eller øyro til å høyra med.
5 RAB, ‘Sizi kırk yıl çölde dolaştırdım; ne üzerinizdeki giysi eskidi, ne ayağınızdaki çarık.
«Eg førde dykk fyrti år i øydemarki, » segjer Herren; «klædi dykkar vart ikkje utslitne, og skoen sleitst ikkje undan foten din.
6 Ekmek yemediniz, şarap ya da başka içki içmediniz. Bütün bunları Tanrınız RAB'bin ben olduğumu anlayasınız diye yaptım’ diyor.
Ikkje hadde de brød å eta, og ikkje vin eller anna sterkt å drikka; for eg vilde de skulde sjå at eg, Herren, er dykkar Gud.»
7 “Buraya ulaştığınızda, Heşbon Kralı Sihon ile Başan Kralı Og bizimle savaşa tutuştular. Ama onları bozguna uğrattık.
So kom de hit til dette landet, og Sihon, kongen i Hesbon, og Og, kongen i Basan, kom imot dykk og baud ufred, men me slo deim,
8 Ülkelerini ele geçirerek mülk olarak Rubenliler'e, Gadlılar'a, Manaşşe oymağının yarısına verdik.
og tok landet deira, og let rubenitarne og gaditarne og den halve Manasse-ætti få det til odel og eiga.
9 El attığınız her işte başarılı olmak için bu antlaşmanın sözlerini yerine getirmeye dikkat edin.
So kom då i hug å halda dykk etter kvart ord i denne pakti, so de fer visleg åt i alt det de gjer!
10 “Bugün hepiniz –önderleriniz, oymak başlarınız, ileri gelenleriniz, görevlileriniz, bütün öbür İsrailli erkekler, çocuklarınız, karılarınız, aranızda yaşayan ve odununuzu kesen, suyunuzu taşıyan yabancılar– Tanrınız RAB'bin önünde duruyorsunuz.
Her stend de i dag alle framfor Herrens åsyn, hovdingarne dykkar, ætterne, styresmennerne og formennerne, kvar mann i Israel,
borni og konorne dykkar, og dei framande i lægret, både vedhoggaren og vatsberaren,
12 Bugün Tanrınız RAB'bin ant içerek sizinle yaptığı bu antlaşmayı geçerli kılmak için burada duruyorsunuz.
og skal ganga inn i sambandet med Herren, dykkar Gud, og den pakti han gjer med dykk i dag;
13 Öyle ki, bugün sizi kendi halkı olarak belirlesin ve size söylediği gibi, atalarınız İbrahim'e, İshak'a, Yakup'a içtiği ant uyarınca Tanrınız olsun.
for i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, soleis som han hev sagt deg, og soleis som han hev lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.
14 Antla yapılan bu antlaşmayı yalnız sizinle, bugün burada bizimle birlikte Tanrımız RAB'bin önünde duranlarla değil, yanımızda olmayanlarla da yapıyorum.
Og ikkje berre med dykk gjer han dette sambandet og denne pakti,
men både med deim som i dag stend her med oss for Herrens åsyn, og med deim som ikkje er her hjå oss i dag.
16 “Mısır'da nasıl yaşadığımızı, öteki ulusların ortasından geçerek buraya nasıl geldiğimizi kendiniz de biliyorsunuz.
For de minnest vel at me budde i Egyptarlandet, og at me for fram millom alle dei folki de veit.
17 Onların arasında iğrenç suretleri, ağaçtan, taştan, altından, gümüşten yapılmış putları gördünüz.
Og de såg dei ufysne styggetingi av stokk og stein, av sylv og gull, som dei hadde til gudar.
18 Dikkat edin, bugün aranızda bu ulusların ilahlarına tapmak için Tanrımız RAB'den sapan erkek ya da kadın, boy ya da oymak olmasın; aranızda acılık, zehir veren kök olmasın.
Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinna, ætt eller ættgrein som i dag vender hjarta sitt burt frå Herren, vår Gud, og gjeng av og tener gudarne åt desse folki! Lat det’kje finnast nokon som er rot til trollber og malurt,
19 “Bu andın sözlerini duyup da kimse kendi kendini kutlamasın ve, ‘Kendi isteklerim uyarınca yaşasam da güvenlikte olurum’ diye düşünmesin. Bu herkese yıkım getirir.
og som tenkjer med seg, når han høyrer ordi i denne pakti: «Eg er like sæl; det gjeng meg like godt, um eg trassar og fer etter min eigen hug!» For slike kjem til å føra ulukka yver bygd og by.
20 RAB böyle birini bağışlamak istemez. RAB'bin öfkesi ve kıskançlığı o kişiye karşı alevlenecek. Bu kitapta yazılı bütün lanetler başına yağacak ve RAB onun adını göğün altından silecektir.
Herren skal aldri gjeva deim til. Herrens vreide og harm skal loga imot deim som ein eld, og alle dei våbøner som er skrivne i denne boki, skal kvila på deim. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi.
21 Bu Yasa Kitabı'nda yazılı antlaşmada yer alan bütün lanetler uyarınca, RAB onu felakete uğraması için İsrail'in bütün oymakları arasından ayıracaktır.
Herren skal skilja deim ut frå alle Israels ætter, og det skal ganga deim so ille som spått er i alle våbønerne i den pakti som er skrivi i denne lovboki.
22 “Sizden sonraki kuşak, çocuklarınız ve uzak ülkeden gelen yabancılar ülkenizin uğradığı belaları, RAB'bin ülkeye gönderdiği hastalıkları görecekler.
Og når dei komande ætter, borni som veks upp etter dykk, og den framande som kjem frå eit land langt burte, ser dei ulukkor som hev råma dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med,
23 Bütün ülke yanacak, tuz ve kükürtle örtülecek; tohum ekilmeyecek, filiz sürmeyecek, ot bitmeyecek. Ülke RAB'bin kızgın öfkesiyle yerle bir ettiği Sodom, Gomora, Adma ve Sevoyim gibi yıkıma uğrayacak.
ser heile marki strådd med svåvel og salt, og uppbrend so ho ikkje kann såast og ingen ting gjeva av seg, og det ikkje kann veksa gras på henne - som den gongen Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim vart lagde i øyde, dei byarne som Herren gjorde ende på i sin vreide og harm -
24 Bütün uluslar, ‘RAB bu ülkeye neden bunu yaptı?’ diye soracaklar, ‘Bu büyük öfke neden alevlendi?’
då kjem dei til å spyrja, alle kjem til å spyrja: «Kvi hev Herren fare soleis åt med dette landet? Kva var det som valda denne svære vreideselden?»
25 “Yanıt şöyle olacak: ‘Atalarının Tanrısı RAB kendilerini Mısır'dan çıkardığında onlarla yaptığı antlaşmayı bıraktılar.
Og dei fær til svar: «Det var av di dei braut pakti som Herren, fedreguden deira, gjorde med deim då han henta deim ut or Egyptarlandet,
26 Tanımadıkları, RAB'bin kendilerine pay olarak vermediği başka ilahlara yöneldiler; onlara tapıp önlerinde eğildiler.
og av di dei gjekk av og tente andre gudar, og bad til deim, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve deim lov til å dyrka.
27 İşte bu yüzden RAB'bin öfkesi bu ülkeye karşı alevlendi; bu kitapta yazılı bütün lanetleri oraya yağdırdı.
Difor loga Herrens vreide upp imot dette landet, so han let alle dei våbøner koma yver det som er skrivne i denne boki.
28 RAB büyük kızgınlıkla, şiddetli öfkeyle onları ülkelerinden söküp attı; bugün olduğu gibi başka ülkeye sürdü.’
Han rykte deim upp or landet deira i harm og vreide og græe, og slengde deim burt til eit anna land, og der hev dei lote vera til denne dag.»
29 “Gizlilik Tanrımız RAB'be özgüdür. Ama bu yasanın bütün sözlerine uymamız için açığa çıkarılanlar sonsuza dek bize ve çocuklarımıza aittir.”
Det dulde høyrer Herren, vår Gud, til, men det som er openberra, gjeld for oss og borni våre i all æva; di skal me halda alle bodi i denne lovi.