< Kutoka 8 >

1 Ndipo Bwana akamwambia Mose, “Nenda kwa Farao ukamwambie, ‘Hili ndilo asemalo Bwana: Waachie watu wangu waende, ili wapate kuniabudu.
Då sagde Herren til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
2 Kama ukikataa kuwaruhusu kuondoka, basi nitaipiga nchi yako yote kwa kuwaletea vyura.
Meinkar du deim å fara, so skal eg plåga heile ditt land og rike med frosk:
3 Mto Naili utafurika vyura. Watakuja kwenye jumba lako la kifalme na katika chumba chako cha kulala na kitandani mwako, katika nyumba za maafisa wako na kwa watu wako, vyura hao wataingia katika meko yenu na kwenye vyombo vya kukandia unga.
det skal yra med frosk i elvi, og dei skal krabba upp på land, og koma inn i husi dine og sengkoven din og upp i lega di, og inn i husi åt mennerne dine og på folket ditt, og i bakaromnarne og knodetrogi dine;
4 Vyura watapanda juu yako, juu ya watu wako na maafisa wako wote.’”
og deg og huslyden din og alle mennerne dine skal froskarne krabba uppetter.»»»
5 Ndipo Bwana akamwambia Mose, “Mwambie Aroni, ‘Nyoosha mkono wako ukiwa na ile fimbo yako juu ya vijito, mifereji na madimbwi, fanya vyura waje juu ya nchi ya Misri.’”
Og Herren sagde til Moses: «Seg til Aron: «Lyft handi, og rett staven ut yver åerne og elvarne og tjørnerne, og lat froskarne aula innyver Egyptarlandet!»»
6 Ndipo Aroni akaunyoosha mkono wake juu ya maji ya Misri, nao vyura wakatokea na kuifunika nchi.
So rette Aron handi si ut yver Egyptarlands-vatni, og då kom det upp med so fullt med frosk at dei hulde heile Egyptarlandet.
7 Lakini waganga wakafanya vivyo hivyo kwa siri ya uganga wao, nao pia wakafanya vyura kuja juu ya nchi ya Misri.
Men runemeistrarne bruka trollkunsterne sine og gjorde det same: dei og fekk froskarne til å aula innyver Egyptarlandet.
8 Ndipo Farao akamwita Mose na Aroni na kusema, “Mwombeni Bwana awaondoe vyura kutoka kwangu na kwa watu wangu, nami nitawaachia watu wenu waende kumtolea Bwana dhabihu.”
So sende Farao bod etter Moses og Aron og sagde: «Bed til Herren at han vil taka froskarne burt frå meg og landslyden! Då skal eg lata folket fara, so dei kann ofra til Herren.»
9 Mose akamwambia Farao, “Ninakupa heshima ya kuamua ni wakati gani wa kukuombea wewe, maafisa wako na watu wako ili kwamba vyura watoke kwenu na kwenye nyumba zenu. Isipokuwa wale walio katika Mto Naili.”
Då sagde Moses med Farao: «Sjølv må du hava æra og segja kva tid eg skal beda for deg og mennerne dine og folket ditt, at han vil rydja froskarne burt frå deg og husi dine, so dei ikkje finst meir utan i elvi.»
10 Farao akasema, “Kesho.” Mose akamjibu, “Itakuwa kama unavyosema, ili upate kujua kwamba hakuna yeyote kama Bwana Mungu wetu.
«I morgon, » svara han. «Lat det vera som du segjer!» sagde Moses, «so skal du sanna at det er ingen som Herren, vår Gud.
11 Vyura wataondoka kwako na katika nyumba zako, kwa maafisa wako na kwa watu wako, ila watabakia katika Mto Naili tu.”
Froskarne skal kverva burt frå deg og husi dine og frå mennerne dine og heile landslyden; berre i elvi skal dei finnast.»
12 Baada ya Mose na Aroni kuondoka kwa Farao, Mose akamlilia Bwana kuhusu vyura aliokuwa amewaleta kwa Farao.
So gjekk Moses og Aron ut att frå Farao, og Moses ropa til Herren for froskarne skuld, som han hadde ført yver Farao.
13 Naye Bwana akafanya lile Mose alilomwomba. Vyura wakafia ndani ya nyumba, viwanjani na mashambani.
Og Herren gjorde som Moses bad, og froskarne låg daude i hus og i tun og på bøarne.
14 Wakayakusanya malundo, nchi nzima ikanuka.
Dei samla deim i dungevis, og teven kjendest yver heile landet.
15 Lakini Farao alipoona pametokea nafuu, akaushupaza moyo wake na hakuwasikiliza Mose na Aroni, kama vile Bwana alivyokuwa amesema.
Men det gjekk som Herren sagde: Då Farao såg at han hadde fenge ein lette, slo han seg rang, og vilde ikkje høyra på deim.
16 Ndipo Bwana akamwambia Mose, “Mwambie Aroni, ‘Nyoosha fimbo yako uyapige mavumbi ya ardhi,’ nayo nchi yote ya Misri mavumbi yatakuwa viroboto.”
Då sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Rett ut staven din, og slå i dusti på jordi, so skal ho verta til my i heile Egyptarlandet.»»
17 Wakafanya hivyo, Aroni aliponyoosha mkono wake wenye fimbo na kuyapiga mavumbi ya nchi, viroboto wakawajia watu na wanyama. Mavumbi yote katika nchi ya Misri yakawa viroboto.
Og dei so gjorde: Aron lyfte handi, og rette ut staven sin, og slo i dusti på jordi. Då kom myet, og sette seg både på folk og fe; all dusti på jordi vart til my i heile Egyptarlandet.
18 Lakini waganga walipojaribu kutengeneza viroboto kwa siri ya uganga wao, hawakuweza. Nao viroboto walikuwa juu ya watu na wanyama.
Runemeistrarne freista og å få fram my med trollkunsterne sine, men dei var ikkje god til. Og myet vart sitjande på folk og på fe.
19 Waganga wale wakamwambia Farao, “Hiki ni kidole cha Mungu.” Lakini moyo wa Farao ukawa mgumu naye hakuwasikiliza, kama vile Bwana alivyosema.
Då sagde runemeistrarne med Farao: «Dette er Guds finger!» Men det gjekk som Herren sagde: Farao var like strid, og høyrde ikkje på deim.
20 Kisha Bwana akamwambia Mose, “Amka mapema asubuhi na usimame mbele ya Farao wakati anapokwenda mtoni nawe umwambie, ‘Hili ndilo Bwana asemalo: Waachie watu wangu waende, ili wapate kuniabudu.
Då sagde Herren til Moses: «Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao, når han gjeng nedåt elvi, og seg med honom: So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
21 Kama hutawaachia watu wangu waondoke nitakupelekea makundi ya mainzi juu yako, kwa maafisa wako, kwa watu wako na kwenye nyumba zenu. Nyumba za Wamisri zitajazwa mainzi, hata na ardhi yote ya Misri.
For let du ikkje folket mitt fara, so sender eg allslags avåt yver deg og mennerne dine og folket ditt og inn i husi dine; husi åt egyptarane skal verta fulle av avåt, og jamvel jordi dei gjeng på.
22 “‘Lakini siku ile nitafanya kitu tofauti katika nchi ya Gosheni, ambapo watu wangu wanaishi, hapatakuwepo na makundi ya mainzi, ili mpate kujua kwamba Mimi, Bwana, niko katika nchi hii.
Men same dagen vil eg taka undan Gosenlandet, som folket mitt bur i, so der ikkje kjem noko avåt; då skal du verta var, at eg, Herren, er der i landet.
23 Nitaweka tofauti kati ya watu wangu na watu wenu. Ishara hii ya ajabu itatokea kesho.’”
For eg vil løysa ut folket mitt og skilja det frå ditt folk. I morgon skal dette underet henda.»»
24 Naye Bwana akafanya hivyo. Makundi makubwa ya mainzi yalimiminika katika jumba la kifalme la Farao na katika nyumba za maafisa wake, pia nchi yote ya Misri ikaharibiwa na mainzi.
Og Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom svære yrjor med avåt i husi åt Farao og mennerne hans og yver heile Egyptarland; det var so avåtet reint skjemde ut landet.
25 Ndipo Farao akamwita Mose na Aroni na kuwaambia, “Nendeni mkamtolee Mungu wenu dhabihu katika nchi hii.”
Då sende Farao bod etter Moses og Aron, og sagde: «Gakk av og ofra til Guden dykkar her i landet!»
26 Lakini Mose akamwambia, “Hilo halitakuwa sawa. Dhabihu tutakazomtolea Bwana Mungu wetu zitakuwa chukizo kwa Wamisri. Kama tukitoa dhabihu ambazo ni chukizo mbele yao, je, hawatatupiga mawe?
«Det er ikkje rådlegt å gjera det so, » svara Moses; «for det me ofrar til Herren, vår Gud, det er ein styggedom for egyptarane. Ofra me no midt for augo på deim slikt som dei hev ein stygg til, vilde dei ikkje då steina oss!
27 Ni lazima twende mwendo wa siku tatu mpaka tufike jangwani ili tumtolee Bwana Mungu wetu dhabihu, kama alivyotuagiza.”
Tri dagsleider ut i øydemarki vil me fara, og so ofra til Herren, vår Gud, soleis som han segjer oss fyre.»
28 Farao akamwambia, “Nitawaruhusu mwende kumtolea Bwana Mungu wenu dhabihu huko jangwani, lakini hamna ruhusa kwenda mbali sana. Sasa mniombee.”
Då sagde Farao: «Eg fær lata dykk fara då, so de kann ofra til Herren, Guden dykkar, i øydemarki, men de må’kje fara langt! Bed for meg!»
29 Mose akajibu, “Mara tu nitakapoondoka, nitamwomba Bwana na kesho mainzi yataondoka kwa Farao, kwa maafisa wake na kwa watu wake. Hakikisha tu kwamba Farao hatatenda kwa udanganyifu tena kwa kutokuwaachia watu waende kumtolea Bwana dhabihu.”
«Ja, no gjeng eg ut, og vil beda til Herren, » svara Moses, «og i morgon skal avåtet kverva burt frå Farao og frå mennerne og folket hans. Berre no Farao ikkje vil svika oss meir, men lata folket fara, so dei kann ofra til Herren!»
30 Ndipo Mose akamwacha Farao na kumwomba Bwana,
So gjekk Moses ut frå Farao att, og bad til Herren.
31 naye Bwana akafanya lile Mose alilomwomba. Mainzi yakaondoka kwa Farao, kwa maafisa wake na kwa watu wake, wala hakuna hata inzi aliyebakia.
Og Herren gjorde som Moses bad, og let avåtet kverva burt både frå Farao og mennerne og folket hans; det fanst ikkje att eit einaste fly.
32 Lakini wakati huu pia Farao akaushupaza moyo wake, wala hakuwaruhusu Waisraeli waondoke.
Men Farao slo seg rang denne gongen og, og slepte ikkje folket av stad.

< Kutoka 8 >