< Ezequiel 16 >
1 Y vino Palabra del SEÑOR a mí, diciendo:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Hijo de hombre, notifica a Jerusalén sus abominaciones,
Menneskjeson! Lat Jerusalem få vita um sin styggedom.
3 Y di: Así dijo el Señor DIOS sobre Jerusalén: Tu habitación y tu raza fue de la tierra de Canaán; tu padre amorreo, y tu madre hetea.
Og du skal segja: So segjer Herren, Herren til Jerusalem: Ditt upphav og di ætt er frå Kananitarlandet; far din var ein amorit og mor di ei hetitkvinna.
4 En cuanto a tu nacimiento, el día que naciste no fue cortado tu ombligo, ni fuiste lavada con aguas para ablandarte, ni salada con sal, ni fuiste envuelta con fajas.
Då du kom til, den dagen du vart fødd, skar dei ikkje navlestrengen din, og ikkje vart du reintvegi med vatn og ikkje gnidi inn med salt og ikkje reiva med reivar.
5 No hubo ojo que se compadeciese de ti, para hacerte algo de esto, teniendo de ti misericordia; sino que fuiste echada sobre la faz del campo, con menosprecio de tu vida, en el día que naciste.
Ikkje eit auga ynka deg, so dei gjorde noko av dette med deg av miskunn imot deg, men du vart kasta på berre marki, av di dei fekk stygg til deg den dagen du vart fødd.
6 Y yo pasé junto a ti, y te vi sucia en tus sangres, y te dije: En tus sangres vivirás; te dije: En tus sangres vivirás.
Då gjekk eg framum deg og såg deg, der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sagde med deg: «Du som ligg der i blodet ditt, liv!» Ja, eg sagde med deg: «Du som ligg der i blodet ditt, liv!»
7 En millares, como la hierba del campo, te puse, y fuiste aumentada y engrandecida, y viniste a ser adornada grandemente; los pechos te crecieron, y tu pelo reverdeció; mas tú estabas desnuda y descubierta.
Til mange tusund, som blomar i eng, gjer eg deg. Og du voks og vart stor og nådde den høgste vænleik. Brjosti vart faste, og håret ditt voks. Men du var berr og naki.
8 Y pasé yo junto a ti, y te miré, y he aquí que tu tiempo era tiempo de amores; y extendí mi manto sobre ti, y cubrí tus vergüenzas; y te di juramento, y entré en pacto contigo, dijo el Señor DIOS, y fuiste mía;
Då gjekk eg framum deg og såg deg, og sjå, di tid var komi, elskhugstidi. Og eg breidde eg kappa mi yver deg og løynde blygsli di. Og eg svor deg truskapseid og gjorde pakt med deg, segjer Herren, Herren, og du vart mi.
9 y te lavé con aguas, y lavé tus sangres de encima de ti, y te ungí con aceite;
Og eg tvo deg i vatn og skylde blodet av deg, og salva deg med olje.
10 y te vestí de bordado, y te calcé de tejón, y te ceñí de lino, y te vestí de seda.
Og eg klædde deg i rosesauma ty og hadde på deg skor av markuskinn og batt på deg eit fint hovudlin og sveipte deg i silke.
11 Y te atavíe con ornamentos, y puse ajorcas en tus brazos, y collar a tu cuello;
Og eg prydde deg med prydnadsting, og gav deg armband på henderne og kjeda um halsen.
12 y puse cerquillos sobre tus narices, y zarcillos en tus orejas, y diadema de hermosura en tu cabeza.
Og eg sette ein ring i nosi di og øyreringar i øyro dine og ei fager kruna på hovudet ditt.
13 Y fuiste adornada de oro y de plata, y tu vestido fue lino, y seda, y bordado; comiste flor de harina de trigo, y miel, y aceite; y fuiste hermoseada en extremo, y has prosperado hasta reinar.
Og du prydde deg med gull og sylv, og klædnaden din var fint linty og silke og rosesauma ty. Fint mjøl og honning og olje fekk du til mat. Du vart ovende fager, so du vart ei høveleg dronning.
14 Y te salió renombre entre los gentiles a causa de tu hermosura; porque era perfecta, a causa de mi hermosura que yo puse sobre ti, dijo el Señor DIOS.
Og du vart namngjeti millom folki for din vænleik, for han var fullkomen ved mi pryda som eg hadde butt deg til med, segjer Herren, Herren.
15 Mas confiaste en tu hermosura, y fornicaste a causa de tu renombre, y derramaste tus fornicaciones a cuantos pasaron; suya eras.
Men du leit på din vænleik og dreiv hor i kraft av di namnfrægd, og du auste ut din hordom yver kvar og ein som gjekk framum - han skal få det!
16 Y tomaste de tus vestidos, e hiciste altares de diversos colores, y fornicaste en ellos; cosa semejante no vendrá, ni será así.
Og av klædi dine tok du og gjorde deg spreklute offerhaugar og dreiv hor på deim - slikt må ikkje koma på, ikkje henda.
17 Tomaste asimismo los vasos de tu hermosura de mi oro y de mi plata, que yo te había dado, y te hiciste imágenes de hombre, y fornicaste con ellas.
Og du tok dine prydnadsting av gullet mitt og sylvet mitt som eg hadde gjeve deg, og gjorde deg mannsbilæte, og du dreiv hor med deim.
18 Y tomaste tus vestidos de diversos colores, y las cubriste; y mi aceite y mi perfume pusiste delante de ellas.
Og du tok dine rosesauma klæde og hadde på deim, og min olje og min røykjelse sette du fram åt deim.
19 Mi pan también, que yo te había dado, la flor de la harina, y el aceite, y la miel, con que yo te mantuve, pusiste delante de ellas para olor suave; y fue así, dijo el Señor DIOS.
Og brødet mitt som eg gav deg, finmjølet og oljen og honningen som eg hadde gjeve deg til mat, det sette du fram åt deim til godange; soleis gjekk det, segjer Herren, Herren.
20 Además de esto, tomaste tus hijos y tus hijas que me habías engendrado, y los sacrificaste a ellas para consumación. ¿Es poco, esto de tus fornicaciones?
Og du tok dine søner og døtter, som du hadde født åt meg, og ofra deim til mat åt deim. Var det då ikkje nok at du dreiv hor,
21 Y sacrificaste mis hijos, y los diste a ellas para que los hiciesen pasar por el fuego a ellas.
sidan du jamvel slagta borni mine og gav deim burt, med di du let deim ganga gjenom elden for deim?
22 Y con todas tus abominaciones y tus fornicaciones, ¿no te has acordado de los días de tu mocedad, cuando estabas desnuda y descubierta? Envuelta en tus sangres estabas.
Og i alle dine styggjor og din hordom kom du ikkje i hug dine ungdomsdagar, då du var berr og naki og låg og sprala i ditt blod.
23 Y fue que después de toda tu maldad (¡ay, ay de ti! Dijo el Señor DIOS),
So hende etter all din vondskap - usæl, usæl vere du! segjer Herren, Herren -
24 te edificaste alto, y te hiciste altar en todas las plazas;
at du bygde deg ein kvelving og gjorde deg ein offerhaug på alle torg.
25 en toda cabeza de camino edificaste tu altar, y tornaste abominable tu hermosura, y abriste tus piernas a cuantos pasaban, y multiplicaste tus fornicaciones.
Attmed kvart eit vegemot bygde du din haug og skjemde din vænleik og breidde føterne ut for kvar og ein som gjekk framum, ja, du dreiv mykjen hordom.
26 Y fornicaste con los hijos de Egipto, tus vecinos, gruesos de carnes; y aumentaste tus fornicaciones para enojarme.
Og du dreiv hor med Egyptarlands-sønerne, grannarne dine, som hev stort kjøt, og du dreiv mykjen hordom til å harma meg med.
27 Por tanto, he aquí que yo extendí sobre ti mi mano, y disminuí tu libertad, y te entregué a la voluntad de las hijas de los filisteos que te aborrecen, las cuales se avergüenzan de tu camino tan deshonesto.
Og sjå, eg rette ut mi hand og minka på det eg hadde etla åt deg, og eg let deim som hata deg fara åt med deg som dei vilde, filistardøtterne, som blygdest yver di skjemdaråtferd.
28 Fornicaste también con los hijos de Assur por no haberte saciado; y fornicaste con ellos, y tampoco te saciaste.
Og du dreiv hor med Assurs-sønerne, av di du ikkje hadde fenge ditt nøgje, og du dreiv hor med deim, men endå fekk du ikkje ditt nøgje.
29 Multiplicaste asimismo tu fornicación en la tierra de Canaán y de los caldeos; ni tampoco con esto te saciaste.
Og du for verre fram med din hordom, alt til kræmarlandet Kaldæa, men endå fekk du ikkje ditt nøgje.
30 ¡Cuán inconstante es tu corazón, dijo el Señor DIOS, habiendo hecho todas estas cosas, obras de una poderosa ramera,
Å, kor hjarta ditt brann av gir! - segjer Herren, Herren - at du kunde gjera alt dette, og fara åt som den skamlausaste skjøkja
31 edificando tus altares en cabeza de todo camino, y haciendo tus altares en todas las plazas! Y no fuiste semejante a ramera, menospreciando el salario,
og byggja din kvelving attmed kvart eit vegemot og gjera dine haugar på kvart eit torg! Men du var ikkje som ei onnor skjøkja, med di du vanvyrde skjøkjeløn.
32 sino como mujer adúltera, que en lugar de su marido recibe a ajenos.
Du horkona! I staden for med mannen din held du deg med framande!
33 A todas las rameras dan dones; mas tú diste tus dones a todos tus enamorados; y les diste presentes, para que entrasen a ti de todas partes por tus fornicaciones.
Alle skjøkjor gjev dei gåvor; men du gav alle dine elskarar gåvorne dine og kjøpte deim til å koma til deg frå alle leider og driva hor med deg.
34 Y ha sido en ti al contrario de las mujeres en tus fornicaciones, ni nunca después de ti será así fornicado; porque en dar tú dones, y no ser dados dones a ti, ha sido al contrario.
Og du vart reint umsnudd imot andre kvende, i din ukjurskap; etter deg laup ingen, men du gav horeløn, du fekk ikkje, so rangsnudd var du.
35 Por tanto, ramera, oye palabra del SEÑOR:
Difor, du skjøkja, høyr Herrens ord!
36 Así dijo el Señor DIOS: Por cuanto han sido descubiertas tus vergüenzas, y tu confusión ha sido manifestada a tus enamorados en tus fornicaciones; y a los ídolos de tus abominaciones, y en la sangre de tus hijos, los cuales les diste;
So segjer Herren, Herren: For di du auste ut dine pengar og nækte di skam i din ulivnad med dine elskarar og med alle dine ufysne avgudar, og du spillte blod av dine born, som du gav deim,
37 por tanto, he aquí que yo junto todos tus enamorados con los cuales tomaste placer, y todos los que amaste, con todos los que aborreciste; y los reuniré contra ti alrededor, y les descubriré tu vergüenza, y verán toda tu desnudez.
difor, sjå, so samlar eg alle dine elskarar, som du tektest, og alle som du elska med alle som du hata, og eg vil samla deim imot deg frå alle leider og nækja di skam framfyre deim, og dei skal få sjå all di skam.
38 Y yo te juzgaré por las leyes de las adúlteras, y de las que derraman sangre; y te daré en sangre de ira y de celo.
Og eg vil lata same domen ganga yver deg som yver horkonor og slike som spiller blod, og eg vil gjera deg til eit blodigt offer for brennande harm og åbry.
39 Y te entregaré en mano de ellos; y destruirán tu alto, y derribarán tus altares, y te harán desnudar de tus ropas, y se llevarán los vasos de tu gloria, y te dejarán desnuda y descubierta.
Og eg vil gjeva deg i deira hand, og dei skal riva ned din kvelving, og brjota ned dine haugar, og hava av deg klædi dine, og taka dine dyrverdige prydnadsting, og lata deg liggja der naki og berr.
40 Y harán subir contra ti reunión de gente, y te apedrearán con piedras, y te atravesarán con sus espadas.
Og dei skal gjera manngard um deg og steina deg i hel og hogga deg sund med sverdi sine.
41 Y quemarán tus casas a fuego, y harán en ti juicios a ojos de muchas mujeres; y te haré cesar de ser ramera, ni tampoco darás más don.
Og dei skal brenna upp dine hus med eld og halda dom yver deg framfor augo på mange kvinnor. Og eg vil gjera ende på din hordom, og heller ikkje skjøkjeløn skal du heretter gjeva.
42 Y haré reposar mi ira sobre ti, y se apartará de ti mi celo, y descansaré de enojarme más.
Og eg vil svala min heite harm på deg, og mitt åbry mot deg skal kverva. So vil eg halda meg i ro og ikkje lenger vera vreid.
43 Por cuanto no te acordaste de los días de tu juventud, y me provocaste a ira en todo esto, por eso, he aquí yo también he tornado tu camino sobre tu cabeza, dijo el Señor DIOS; pues ni aun has pensado sobre todas tus abominaciones.
Av di at du ikkje mintest ungdomsdagarne dine, men harma meg med alt dette, sjå, so vil eg og lata di åtferd koma på ditt hovud, segjer Herren, Herren; for hev du ikkje lagt skamløysa attåt alle styggjorne dine?
44 He aquí, que todo proverbista hará de ti proverbio, diciendo: Como la madre, tal su hija.
Sjå, alle som brukar ordtøke, skal hava dette til ordtak um deg: «Som mori, so dotteri.»
45 Hija de tu madre eres tú, que desechó a su marido y a sus hijos; y hermana de tus hermanas eres tú, que desecharon a sus maridos y a sus hijos; vuestra madre fue hetea, y vuestro padre el amorreo.
Du er dotter åt mor di, som stygdest ved mannen sin og borni sine, og du er syster åt systerne dine, som stygdest ved mennerne og borni sine: ei hetitkvinna er mor dykkar og ein amorit far dykkar.
46 Y tu hermana mayor es Samaria con sus hijas, la cual habita a tu mano izquierda; y tu hermana la menor que tú es Sodoma con sus hijas, la cual habita a tu mano derecha.
Og den store syster di er Samaria, og hennar døtter, som bur på vinstre handi åt deg, og den litle syster di, som bur på høgre handi, er Sodoma og hennar døtter.
47 Y aun no anduviste en sus caminos, ni hiciste según sus abominaciones; antes, como si esto fuera poco y muy poco, antes te corrompiste más que ellas en todos tus caminos.
Fulla gjekk du ikkje på deira vegar og gjorde ikkje styggjor som dei; men berre eit lite bil - so for du verre åt enn dei på alle dine vegar.
48 Vivo yo, dijo el Señor DIOS, Sodoma tu hermana, con sus hijas, nunca hizo como hiciste tú y tus hijas.
So sant som eg liver, segjer Herren, Herren: Sodoma, syster di, ho og hennar døtter, hev ikkje gjort som du, og dine døtter.
49 He aquí que ésta fue la maldad de Sodoma tu hermana: soberbia, saciedad de pan, y abundancia de ociosidad tuvo ella y sus hijas; y no corroboró la mano del afligido y del menesteroso.
Sjå, dette er misgjerningi åt Sodoma, syster di: ovmod; nøgdi med brød og sutlaus ro hadde ho og døtterne hennar; men handi åt armingen og fatigmannen styrkte ho ikkje.
50 Y se llenaron de soberbia, e hicieron abominación delante de mí, y cuando lo vi las quité.
Og med storlæte for dei, og dei gjorde skjemdarverk framfor mi åsyn; då rudde eg deim burt, fyrst eg såg det.
51 Y Samaria no cometió ni la mitad de tus pecados; porque tú multiplicaste tus abominaciones más que ellas, y has justificado a tus hermanas con todas tus abominaciones que hiciste.
Og Samaria hev ikkje synda halvt so mykje som du, og du hev gjort dine styggjor fleire enn deira, so du gjorde systerne dine rettferdige med alle styggjor som du for med.
52 Tú también, que juzgaste a tus hermanas, lleva tu vergüenza en tus pecados que hiciste, más abominables que los de ellas; más justas son que tú; avergüénzate, pues, tú también, y lleva tu confusión, pues que has justificado a tus hermanas.
Ber då du og di skam, du som hev dømt dine syster orsakande; i dine synder hev du vore skamlausare enn dei, og soleis vart dei rettferdigare enn du. So skulde du blygjast, du og, og bera di skam, med di du gjer systerne dine rettferdige.
53 Yo, pues, haré tornar sus cautivos, los cautivos de Sodoma y de sus hijas, y los cautivos de Samaria y de sus hijas, y los cautivos de tus cautiverios entre ellas,
Men eg vil enda deira utlægd, utlægdi for Sodoma og hennar døtter og utlægdi for Samaria og hennar døtter og utlægdi for dine eigne utlæge midt imillom deim,
54 para que tú lleves tu confusión, y te avergüences de todo lo que has hecho, siéndoles tú motivo de consuelo.
for at du skal bera di skam og skjemmast av alt det du hev gjort med di du trøystar deim.
55 Y tus hermanas, Sodoma con sus hijas y Samaria con sus hijas, volverán a su primer estado; tú también y tus hijas volveréis a vuestro primer estado.
Og systerne dine, Sodoma og hennar døtter, skal atter verta det dei fordom var, og Samaria og hennar døtter skal atter verta det dei fordom var, og du og dine døtterne skal atter verta det dei fordom var.
56 Sodoma, tu hermana, no fue nombrada en tu boca en el tiempo de tus soberbias,
Var ikkje syster di, Sodoma, eit uord i munnen din i ovmods-dagarne dine,
57 antes que tu maldad se descubriese, como en el tiempo de la vergüenza de las hijas de Siria y de todas las hijas de los filisteos alrededor, que te menosprecian en contorno.
fyrr vondskapen din vart synberr - liksom i den tidi då dei hædde deg, Arams-døtterne og alle der kringum, og filistardøtterne som svivyrde deg rundt ikring?
58 Tú has llevado tu lujuria y tus abominaciones, dijo el SEÑOR.
Di skjemd og dine styggjor skal du bera, segjer Herren.
59 Porque así dijo el Señor DIOS: ¿Haré yo contigo como tú hiciste, que menospreciaste el juramento para invalidar el pacto?
For so segjer Herren, Herren: Eg vil fara åt med deg etter di eigi åtferd, du som vanvyrde eiden med di du braut pakti.
60 Antes yo tendré memoria de mi pacto que concerté contigo en los días de tu juventud, y te confirmaré un pacto sempiterno.
Men eg vil minnast mi pakt med deg i ungdomsdagarne dine, og eg vil gjera ei ævepakt med deg.
61 Y te acordarás de tus caminos y te avergonzarás, cuando recibás a tus hermanas, las mayores que tú con las menores que tú, las cuales yo te daré por hijas, mas no por tu pacto.
Og du skal minnast dine vegar og blygjast, når du tek imot systerne dine, dei som er større enn du, og dei som er mindre enn du, og eg gjev deg deim til døtter, endå at dei ikkje var med i di pakt.
62 Y confirmaré mi pacto contigo, y sabrás que yo soy el SEÑOR;
Og eg vil gjera mi pakt med deg, og du skal sanna at eg er Herren,
63 Para que te acuerdes, y te avergüences, y nunca más abras la boca a causa de tu vergüenza, cuando me aplacare para contigo de todo lo que hiciste, dijo el Señor DIOS.
for at du skal minnast og blygjast og ikkje lata upp munnen din berre for blygsl, når eg tilgjev deg alt det du hev gjort, segjer Herren, Herren.