< Apocalipsis 3 >
1 Y ESCRIBE al ángel de la iglesia en SARDIS: El que tiene los siete Espíritus de Dios, y las siete estrellas, dice estas cosas: Yo conozco tus obras, que tienes nombre que vives, y estás muerto.
«Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes: Dette segjer han som hev dei sju Guds ånder og dei sju stjernorne: Eg veit um gjerningarne dine, at du hev namn av å liva, og du er daud!
2 Sé vigilante y confirma las otras cosas que están para morir; porque no he hallado tus obras perfectas delante de Dios.
Vert vaken og styrk det andre, som var på veg til å døy! for eg hev ikkje funne gjerningarne dine fullkomne for min Gud.
3 Acuérdate pues de lo que has recibido y has oído, y guárda[lo], y arrepiéntete. Y si no velares, vendré á ti como ladrón, y no sabrás en qué hora vendré á ti.
Kom difor i hug korleis du hev lært og høyrt, og tak vare på det og vend um! Dersom du då ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva stund eg kjem yver deg.
4 Mas tienes unas pocas personas en Sardis que no han ensuciado sus vestiduras: y andarán conmigo en vestiduras blancas; porque son dignos.
Men du hev nokre få namn i Sardes som ikkje hev flekka klædi sine, og dei skal ganga med meg i kvite klæde; for dei er det verde.
5 El que venciere, será vestido de vestiduras blancas; y no borraré su nombre del libro de la vida, y confesaré su nombre delante de mi Padre, y delante de sus ángeles.
Den som sigrar, han skal verta klædd soleis i kvite klæde, og eg skal ikkje strjuka hans namn ut or livsens bok, og eg vil kjennast ved hans namn for min Fader og for hans englar.
6 El que tiene oído, oiga lo que el Espíritu dice á las iglesias.
Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!
7 Y escribe al ángel de la iglesia en FILADELFIA: Estas cosas dice el Santo, el Verdadero, el que tiene la llave de David, el que abre y ninguno cierra, y cierra y ninguno abre:
Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette segjer den Heilage, den Sannordige, han som hev Davids lykel, han som let upp, og ingen let att, og let att, og ingen let upp:
8 Yo conozco tus obras: he aquí, he dado una puerta abierta delante de ti, la cual ninguno puede cerrar; porque tienes un poco de potencia, y has guardado mi palabra, y no has negado mi nombre.
Eg veit um dine gjerningar. Sjå, eg hev sett framfyre deg ei opna dør, og ingen kann lata henne att; for du hev liti kraft, og hev like vel halde mitt ord og ikkje forneitta mitt namn.
9 He aquí, yo doy de la sinagoga de Satanás, los que se dicen ser Judíos, y no lo son, mas mienten; he aquí, yo los constreñiré á que vengan y adoren delante de tus pies, y sepan que yo te he amado.
Sjå, eg let nokre av Satans synagoga koma, som segjer dei er jødar, og ikkje er det, men lyg; sjå, eg vil gjera so at dei skal koma og falla ned for føterne dine og kjenna at eg hev elska deg.
10 Porque has guardado la palabra de mi paciencia, yo también te guardaré de la hora de la tentación que ha de venir en todo el mundo, para probar á los que moran en la tierra.
Sidan du hev teke vare på mitt ord um tolmod, so vil eg og halda deg fri frå den freistings stund som skal koma yver all heimen til å freista deim som bur på jordi.
11 He aquí, yo vengo presto; retén lo que tienes, para que ninguno tome tu corona.
Eg kjem snart; haldt fast på det du hev, so ingen skal taka kruna di!
12 Al que venciere, yo lo haré columna en el templo de mi Dios, y nunca más saldrá fuera; y escribiré sobre él el nombre de mi Dios, y el nombre de la ciudad de mi Dios, la nueva Jerusalem, la cual desciende del cielo de con mi Dios, y mi nombre nuevo.
Den som sigrar, honom vil eg gjera til ein pilar i min Guds tempel, og han skal aldri meir ganga ut derifrå, og eg vil skriva på honom min Guds namn og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, det som kjem ned frå himmelen frå min Gud, og mitt namn det nye.
13 El que tiene oído, oiga lo que el Espíritu dice á las iglesias.
Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!
14 Y escribe al ángel de la iglesia en LAODICEA: He aquí dice el Amén, el testigo fiel y verdadero, el principio de la creación de Dios:
Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea: Dette segjer han som er amen, det truverdige og sannordige vitnet, upphavet til Guds skapning:
15 Yo conozco tus obras, que ni eres frío, ni caliente. ¡Ojalá fueses frío, ó caliente!
Eg veit um dine gjerningar, at du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm!
16 Mas porque eres tibio, y no frío ni caliente, te vomitaré de mi boca.
Men so, då du er lunka og korkje kald eller varm, vil eg spy deg ut or munnen min.
17 Porque tú dices: Yo soy rico, y estoy enriquecido, y no tengo necesidad de ninguna cosa; y no conoces que tú eres un cuitado y miserable y pobre y ciego y desnudo;
Sidan du segjer: «Eg er rik og hev ovnøgd og treng ingen ting», og du veit ikkje at du er arm og ynkeleg og fatig og blind og naken,
18 Yo te amonesto que de mí compres oro afinado en fuego, para que seas hecho rico, y seas vestido de vestiduras blancas, para que no se descubra la vergüenza de tu desnudez; y unge tus ojos con colirio, para que veas.
so råder eg deg til å kjøpa av meg gull som er glødt i eld, so du kann verta rik, og kvite klæde, so du kann klæda deg med deim, og skammi av din nakenskap ikkje skal verta synberr, og salva augo dine med augnesalve, so du kann sjå!
19 Yo reprendo y castigo á todos los que amo: sé pues celoso, y arrepiéntete.
Alle deim som eg elskar, deim refser og tuktar eg. Ver difor ihuga og vend um!
20 He aquí, yo estoy á la puerta y llamo: si alguno oyere mi voz y abriere la puerta, entraré á él, y cenaré con él, y él conmigo.
Sjå, eg stend for døri og bankar på; dersom nokon høyrer mi røyst og let upp døri, so vil eg ganga inn til honom og halda nattverd med honom, og han med meg.
21 Al que venciere, yo le daré que se siente conmigo en mi trono; así como yo he vencido, y me he sentado con mi Padre en su trono.
Den som sigrar, honom vil eg gjeva å sitja med meg på min kongsstol, liksom og eg hev sigra og sett meg med min Fader på hans kongsstol.
22 El que tiene oído, oiga lo que el Espíritu dice á las iglesias.
Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!»