< Jeremías 7 >

1 PALABRA que fué de Jehová á Jeremías, diciendo:
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
2 Ponte á la puerta de la casa de Jehová, y predica allí esta palabra, y di: Oid palabra de Jehová, todo Judá, los que entráis por estas puertas para adorar á Jehová.
Gakk og statt i porten til Herrens hus og ropa der ut dette ordet, og seg: Høyr Herrens ord, alt Juda, de som gjeng inn gjenom desse portarne og vil tilbeda Herren!
3 Así ha dicho Jehová de los ejércitos, Dios de Israel: Mejorad vuestros caminos y vuestras obras, y os haré morar en este lugar.
So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykkar vegar og dykkar gjerningar betrast, so skal eg lata dykk bu på denne staden.
4 No fiéis en palabras de mentira, diciendo: Templo de Jehová, templo de Jehová, templo de Jehová es éste.
Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer: «Dette er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel.»
5 Mas si mejorareis cumplidamente vuestros caminos y vuestras obras; si con exactitud hiciereis derecho entre el hombre y su prójimo,
Men um de let dykkar vegar og gjerningar betrast, um de skifter rett millom mann og mann,
6 Ni oprimiereis al peregrino, al huérfano, y á la viuda, ni en este lugar derramareis la sangre inocente, ni anduviereis en pos de dioses ajenos para mal vuestro;
ikkje er harde mot den framande, den farlause og enkja, og ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden, og ikkje ferdast etter andre gudar til ulukka for dykk sjølve,
7 Os haré morar en este lugar, en la tierra que dí á vuestros padres para siempre.
då vil eg lata dykk bu på denne staden, i landet som eg gav federne dykkar, frå æva og til æva.
8 He aquí vosotros os confiáis en palabras de mentira, que no aprovechan.
Sjå, de lit på ljugarord som det ikkje er gagn i.
9 ¿Hurtando, matando, y adulterando, y jurando falso, é incensando á Baal, y andando tras dioses extraños que no conocisteis,
Er det ikkje so: de stel, myrder og driv hor og gjer rang eid og brenner røykjelse for Ba’al og fer etter andre gudar som de ikkje kjenner,
10 Vendréis y os pondréis delante de mí en esta casa sobre la cual es invocado mi nombre, y diréis: Librados somos: para hacer todas estas abominaciones?
og so kjem de og stend framfor mi åsyn i dette huset som er uppkalla etter mitt namn, og segjer: «No er me berga» - so de sidan kann gjera all denne styggedomen.
11 ¿Es cueva de ladrones delante de vuestros ojos esta casa, sobre la cual es invocado mi nombre? He aquí que también yo veo, dice Jehová.
Er då dette huset som er uppkalla etter mitt namn vorte eit røvarbol i dykkar augo? Eg med, sjå eg ser på det soleis, segjer Herren.
12 Andad empero ahora á mi lugar que fué en Silo, donde hice que morase mi nombre al principio, y ved lo que le hice por la maldad de mi pueblo Israel.
For gakk til bustaden min i Silo, der som eg i fyrstningi let namnet mitt bu, og sjå kva eg hev gjort med det for vondskapen skuld i mitt folk Israel.
13 Ahora pues, por cuanto habéis vosotros hecho todas estas obras, dice Jehová, y bien que os hablé, madrugando para hablar, no oísteis, y os llamé, y no respondisteis;
Og no, etter di de gjer alle desse gjerningarne, segjer Herren, og eg tala jamt og samt, men de lydde ikkje, eg kalla på dykk, men de svara ikkje,
14 Haré también á esta casa sobre la cual es invocado mi nombre, en la que vosotros confiáis, y á este lugar que dí á vosotros y á vuestros padres, como hice á Silo:
so vil eg gjera med det huset som er uppkalla etter mitt namn, og som de lit på, og med den staden eg gav dykk og federne dykkar, likeins som eg hev gjort med Silo.
15 Que os echaré de mi presencia como eché á todos vuestros hermanos, á toda la generación de Ephraim.
Og eg vil støyta dykk burt frå mi åsyn, likeins som eg støytte frå meg alle brørne dykkar, all Efraims ætt.
16 Tú pues, no ores por este pueblo, ni levantes por ellos clamor ni oración, ni me ruegues; porque no te oiré.
Men du, du skal ikkje beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim og ikkje naudbeda meg, for eg høyrer deg ikkje.
17 ¿No ves lo que estos hacen en las ciudades de Judá y en las calles de Jerusalem?
Ser du ikkje kva dei gjer i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne?
18 Los hijos cogen la leña, y los padres encienden el fuego, y las mujeres amasan la masa, para hacer tortas á la reina del cielo y para hacer ofrendas á dioses ajenos, por provocarme á ira.
Borni sankar i hop ved, og federne kveikjer elden, og kvinnorne knodar deig til å laga kakor åt himmeldronningi, og drykkoffer renner dei ut for andre gudar, til å gjera det leidt for meg.
19 ¿Provocaránme ellos á ira, dice Jehová, y no más bien [obran] ellos mismos para confusión de sus rostros?
Gjer dei då meg noko leidt? segjer Herren, er det ikkje seg sjølve, so skammi må liggja utanpå deim?
20 Por tanto, así ha dicho el Señor Jehová: He aquí que mi furor y mi ira se derrama sobre este lugar, sobre los hombres, sobre los animales, y sobre los árboles del campo, y sobre los frutos de la tierra; y encenderáse, y no se apagará.
Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, min vreide og min harm vert utrend yver denne staden, yver menneskja og yver dyri og yver trei på marki og yver grøda på jordi, og han skal brenna og ikkje slokna.
21 Así ha dicho Jehová de los ejércitos, Dios de Israel: Añadid vuestros holocaustos sobre vuestros sacrificios, y comed carne.
So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Legg brennofferi dykkar attåt slagtofferi og et kjøt?
22 Porque no hablé yo con vuestros padres, ni les mandé el día que los saqué de la tierra de Egipto, acerca de holocaustos y de víctimas:
For den dagen eg førde federne dykkar ut or Egyptarlandet, tala eg ikkje med deim um eller gav deim noko bod um brennoffer og slagtoffer.
23 Mas esto les mandé, diciendo: Escuchad mi voz, y seré á vosotros por Dios, y vosotros me seréis por pueblo; y andad en todo camino que os mandare, para que os vaya bien.
Men dette baud eg deim og sagde: «Lyd mi røyst, so skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk, og gakk allstødt på den vegen som eg byd dykk, so det kann ganga dykk vel.»
24 Y no oyeron ni inclinaron su oído; antes caminaron en [sus] consejos, en la dureza de su corazón malvado, y fueron hacia atrás y no hacia adelante,
Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men ferdast etter sine eigne råder, sitt harde vonde hjarta, og dei snudde ryggen til meg og ikkje andlitet.
25 Desde el día que vuestros padres salieron de la tierra de Egipto hasta hoy. Y os envié á todos los profetas mis siervos, cada día madrugando y enviándolos:
Alt ifrå den dagen då federne dykkar for ut or Egyptarlandet og heilt til denne dag hev eg dagstødt, jamt og samt, sendt alle mine tenarar, profetarne, til dykk.
26 Mas no me oyeron ni inclinaron su oído; antes endurecieron su cerviz, é hicieron peor que sus padres.
Men dei lydde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til, men dei var hardnakka og for enn verre fram enn federne deira.
27 Tú pues les dirás todas estas palabras, mas no te oirán; aun los llamarás, y no te responderán.
Og du skal tala alle desse ordi til deim, men dei vil ikkje lyda på deg, og du skal ropa åt deim, men dei vil ikkje svara deg.
28 Les dirás por tanto: Esta es la gente que no escuchó la voz de Jehová su Dios, ni tomó corrección; perdióse la fe, y de la boca de ellos fué cortada.
Seg då med deim: «Dette er folket som ikkje lydde på Herren, sin Guds, røyst og ikkje let seg aga; truskapen er burt kvorven og ut-øydd or deira munn.»
29 Trasquila tu cabello, y arrójalo, y levanta llanto sobre las alturas; porque Jehová ha aborrecido y dejado la nación de su ira.
Klypp av håret ditt og kasta det burt og set i med eit syrgjekvæde på dei snaude haugar! For Herren hev vanda og støytt frå seg denne ætti som han er harm på.
30 Porque los hijos de Judá han hecho lo malo ante mis ojos, dice Jehová; pusieron sus abominaciones en la casa sobre la cual mi nombre fué invocado, amancillándola.
For Juda-sønerne hev gjort det som vondt er i mine augo, segjer Herren. Dei hev sett sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, og sulka det.
31 Y han edificado los altos de Topheth, que es en el valle del hijo de Hinnom, para quemar al fuego sus hijos y sus hijas, cosa que yo no les mandé, ni subió en mi corazón.
Og dei hev bygt Tofet-haugar, dei som er i Hinnomssons-dalen, til å brenna sine søner og døtter i eld på - som eg ikkje hev bode, og som ikkje var kome meg i hugen.
32 Por tanto, he aquí vendrán días, ha dicho Jehová, que no se diga más, Topheth, ni valle del hijo de Hinnom, sino Valle de la Matanza; y serán enterrados en Topheth, por no haber lugar.
Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen», og dei skal gravleggja i Tofet, av di dei vantar rom.
33 Y serán los cuerpos muertos de este pueblo para comida de las aves del cielo y de las bestias de la tierra; y no habrá quien las espante.
Og liki av dette folket skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jord, og ingen skal skræma deim burt.
34 Y haré cesar de las ciudades de Judá, y de la calles de Jerusalem, voz de gozo y voz de alegría, voz de esposo y voz de esposa; porque la tierra será en desolación.
Då vil eg lata kverva burt or byarne i Juda og frå gatorne i Jerusalem fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, for landet skal verta lagt i øyde.

< Jeremías 7 >