< Jeremías 25 >
1 Palabra que fue a Jeremías de todo el pueblo de Judá, en el año cuarto de Joacim, hijo de Josías, rey de Judá, el cual es el año primero de Nabucodonosor, rey de Babilonia.
Det ordet som kom til Jeremia um all Juda-lyden i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiason, Juda-kongen, det er fyrste styringsåret åt Nebukadressar, Babel-kongen,
2 Lo que habló Jeremías profeta a todo el pueblo de Judá, y a todos los moradores de Jerusalem, diciendo:
og som profeten Jeremia tala til heile Juda-folket og til alle Jerusalems-buarne; han sagde:
3 Desde el año trece de Josías, hijo de Amón, rey de Judá, hasta este día, que son veinte y tres años, fue a mi palabra de Jehová, la cual hablé a vosotros, madrugando y hablando, y no oísteis.
Frå det trettande styringsåret åt Josia Amonsson, Juda-kongen, og alt til denne dag, no i tri og tjuge år, hev Herrens ord kome til meg, og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de vilde ikkje høyra.
4 Y envió Jehová a vosotros todos sus siervos profetas, madrugando y enviando, y no oísteis, ni abajasteis vuestro oído para oír;
Og Herren sende til dykk alle tenararne sine, profetarne, jamt og samt, men de vilde ikkje høyra og lagde ikkje øyra til, so de kunde høyra.
5 Diciendo: Volvéos ahora de vuestro mal camino, y de la maldad de vuestras obras, y morád sobre la tierra que os dio Jehová, a vosotros y a vuestros padres para siempre;
Han sagde: Vend um, kvar og ein frå sin vonde veg og frå dykkar vonde åtferd! so skal de få bu i det landet som Herren gav dykk og federne dykkar frå æva og til æva.
6 Y no caminéis en pos de dioses ajenos, sirviéndoles y encorvándoos a ellos; ni me provoquéis a ira con la obra de vuestras manos, y no os haré mal.
Og ferdast ikkje etter andre gudar, so de tener og tilbed deim, og gjer meg ikkje harm med slikt som henderne dykkar hev gjort! so eg ikkje skal gjera dykk noko ilt.
7 Y no me oísteis, dijo Jehová, para provocarme a ira con la obra de vuestras manos, para mal vuestro.
Men de lydde ikkje på meg, segjer Herren, men de vilde harma meg med slikt som henderne dykkar hev gjort dykk sjølve til tjon.
8 Por tanto así dijo Jehová de los ejércitos: Porque no oísteis mis palabras.
Difor, so segjer Herren, allhers drott: Av di de ikkje lydde på mine ord,
9 He aquí que yo enviaré, y tomaré todos los linajes del aquilón, dice Jehová, y a Nabucodonosor, rey de Babilonia, mi siervo, y traerlos he contra esta tierra, y contra sus moradores, y contra todas estas naciones al derredor; y matarlos he, y ponerlos he por escarnio, y por silbo, y en soledades perpetuas.
sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.
10 Y haré perder de entre ellos voz de gozo, y voz de alegría, voz de desposado, y voz de desposada, voz de muelas, y luz de antorcha.
Og eg vil gjera det audt hjå deim for fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, handkvern-dur og lampeljos.
11 Y toda esta tierra será puesta en soledad, en espanto; y servirán estas naciones al rey de Babilonia setenta años:
Og alt dette landet skal verta til audn og øyda, og desse folki skal tena Babel-kongen i sytti år.
12 Y será que cuando fueren cumplidos los setenta años, visitaré sobre el rey de Babilonia, y sobre aquella nación su maldad, dijo Jehová, y sobre la tierra de los Caldeos; y yo la pondré en desiertos para siempre.
Og når sytti år er lidne, vil eg heimsøkja Babel-kongen og dette folket for deira misgjerningar, segjer Herren, og Kaldæarlandet vil eg heimsøkja og gjera det til ævelege øydemarker.
13 Y traeré sobre aquella tierra todas mis palabras que he hablado contra ella, con todo lo que está escrito en este libro, profetizado por Jeremías, contra todas las naciones.
Og eg vil lata koma yver det landet alle ordi mine som eg hev tala um det, alt som er skrive i denne boki, det som Jeremia hev spått um alle folkeslagi.
14 Porque se servirán también de ellos muchas naciones, y reyes grandes; y yo les pagaré conforme a su obra, y conforme a la obra de sus manos.
For velduge folk og store kongar skal trælka deim og, og eg vil gjeva deim lika for deira verk og for det henderne deira hev gjort.
15 Porque así me dijo Jehová Dios de Israel: Toma de mi mano el vaso del vino de este furor, y da de beber de él a todas las naciones a las cuales yo te envío.
For so sagde Herren, Israels Gud, med meg: Tak dette staupet med vreide-vin or mi hand og lat alle folkeslagi som eg sender deg til, drikka av det!
16 Y beberán, y temblarán, y enloquecerán delante de la espada que yo envío entre ellos.
Og dei skal drikka og raga og rasa for det sverdet som eg sender ibland deim.
17 Y tomé el vaso de la mano de Jehová, y di de beber a todas las naciones a las cuales me envió Jehová:
Eg tok då staupet or Herrens hand og let alle dei folki drikka som han sende meg til:
18 A Jerusalem, y a las ciudades de Judá, y a sus reyes, y sus príncipes, para que yo las pusiese en soledad, en escarnio, y en silbo y en maldición, como este día:
Jerusalem og byarne i Juda og kongarne og hovdingarne der, for å gjera deim til audn og øyda, til ei spott og til ei våbøn - so som det er den dag i dag -
19 A Faraón, rey de Egipto, y a sus siervos, y a sus príncipes, y a todo su pueblo:
Farao, egyptarkongen, og hans tenarar og hovdingar og all landslyden hans
20 Y a toda la mistura; y a todos los reyes de tierra de Hus; y a todos los reyes de tierra de Palestina, y a Ascalón, y Gaza, y Accarón, y a la resta de Azoto:
og alt blandingsfolket hans og alle kongarne i Us-landet og alle kongarne i Filistarlandet og Askalon og Gaza og Ekron og det som er att av Asdod,
21 A Edom, y Moab, y a los hijos de Ammón:
Edom og Moab og Ammons-sønerne
22 Y a todos los reyes de Tiro, y a todos los reyes de Sidón, y a los reyes de las islas que están de ese cabo de la mar:
og alle kongarne i Tyrus og alle kongarne i Sidon og kongarne på havstrenderne, burtanfor havet,
23 Y a Dedán, y Tema, y Buz, y a todos los que están al cabo del mundo:
Dedan og Tema og Buz og alle med rundklypt hår
24 Y a todos los reyes de Arabia, y a todos los reyes de la Arabia que habita en el desierto:
og alle kongarne i Arabia og alle kongarne yver blandingsfolket som bur i øydemarki,
25 Y a todos los reyes de Zambrí, y a todos los reyes de Elam, y a todos los reyes de Media:
og alle kongarne i Zimri og alle kongarne i Elam og alle kongarne i Media
26 Y a todos los reyes del aquilón, los de cerca y los de lejos, los unos de los otros; y a todos los reinos de la tierra que están sobre la haz de la tierra, y el rey de Sesac beberá después de ellos.
og alle kongarne i Nordheimen, dei nærbuande og dei burtlengste, ein med hin, ja, alle riki i verdi utyver jordflata. Og Sesak-kongen skal drikka etter deim.
27 Decirles has pues: Así dijo Jehová de los ejércitos, Dios de Israel: Bebéd, y emborracháos, y vomitád, y caéd, y no os levantéis delante de la espada que yo envío entre vosotros.
Og du skal segja med deim: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Drikk til de vert drukne og spyr, og dett so de ikkje kann standa upp att - for sverdet som eg sender ibland dykk!
28 Y será que si no quisieren tomar el vaso de tu mano para beber, decirles has: Así dijo Jehová de los ejércitos: Bebiendo bebéd.
Men vil dei ikkje taka staupet or di hand og drikka, då skal du segja med deim: So segjer Herren, allhers drott: Drikka skal de.
29 Porque he aquí que a la ciudad sobre la cual es llamado mi nombre yo comienzo a hacer mal, ¿y vosotros solos seréis absueltos? No seréis absueltos; porque espada traigo sobre todo los moradores de la tierra, dijo Jehová de los ejércitos.
For sjå, eg let ulukka fyrst råka den byen som er uppkalla etter mitt namn - og so skulde de sleppa å umgjelda! De skal ikkje sleppa å umgjelda, for sverd byd eg ut imot alle som bur på jordi, segjer Herren, allhers drott.
30 Tú pues profetizarás a ellos todas estas palabras, y decirles has: Jehová bramará como león de lo alto, y de la morada de su santidad dará su voz: bramando bramará sobre su morada, canción de lagareros cantará a todos los moradores de la tierra.
Og du skal kunngjera for deim alle desse profetordi. Og du skal segja med deim: Herren skal bura frå høgdi og lata si røyst ljoma frå sin heilage bustad, ja, han skal stor-bura yver sitt beiteland, setja i med eit rop, liksom når dei trøder vinpersa, imot alle som bur på jordi.
31 Llegó el estruendo hasta el cabo de la tierra; porque juicio de Jehová con las naciones: él es el Juez de toda carne: los impíos entregará a la espada, dijo Jehová.
Det omar av ein dyn alt til enden av jordi, for Herren hev ei trætta med folki, han gjeng til doms med alt kjøt; han let sverdet få dei ugudlege, segjer Herren.
32 Así dijo Jehová de los ejércitos: He aquí que el mal sale de nación en nación, y grande tempestad se levantará de los fines de la tierra.
So segjer Herren, allhers drott: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endarne av jordi.
33 Y serán muertos de Jehová en aquel día desde el un cabo de la tierra hasta el otro cabo: no se endecharán, ni se cogerán, ni se enterrarán: como estiércol serán sobre la haz de la tierra.
Og dei som Herren hev slege den dagen, skal liggja daude frå eine enden av jordi til hin; ingen skal gråta yver deim eller samla deim i hop og jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta.
34 Aullád, pastores, y clamád, y revolcaos en el polvo, los mayorales del hato; porque vuestros días son cumplidos para ser degollados, y esparcidos vosotros; y caeréis como vaso de codicia.
Barma dykk, de hyrdingar, og ropa, og velt dykk i moldi, de gjævingar i hjordi! for tidi til å slagta dykk er komi. Og eg vil spreida dykk, og de skal detta ned liksom eit dyrverdigt kjerald.
35 Y la huida se perderá de los pastores; y el escapamiento, de los mayorales del hato.
Då vert det ingi livd for hyrdingarne og ingi undankoma for gjævingarne i hjordi.
36 Voz de la grita de los pastores, y aullido de los mayorales del hato se oirá; porque Jehová asoló sus majadas.
Høyr kor hyrdingarne ropar, kor gjævingarne i hjordi øyar seg! For Herren øyder ut beitemarki deira,
37 Y las majadas pacíficas serán taladas, por la ira del furor de Jehová.
og dei fredfulle engjarne vert aude for Herrens brennande vreide.
38 Desamparó como leoncillo su morada; porque la tierra de ellos fue asolada por la ira del opresor, y por el enojo de su furor.
Fram stig han som ei ungløva ut or si kjørr; ja, landet deira vert til ei audn for det herjande sverdet og for hans brennande vreide.