< Isaías 29 >

1 ¡Ay Ariel, Ariel, ciudad donde acampó David! Añadan un año a otro, sigan su curso las solemnidades.
Usæl, Ariel, Ariel, du by der David slo læger! Legg år til år, lat høgtiderne ganga sin rundgang!
2 Pero Yo pondré a Ariel en apuro. Será una ciudad de lamento y llanto, y me será como Ariel.
Då vil eg gjera det trongt for Ariel, og der skal vera sorg og jammer. Men då skal det verta meg eit verkelegt Ariel.
3 Porque acamparé alrededor de ti. Te sitiaré con campamentos y levantaré empalizadas contra ti.
Eg vil slå læger rundt ikring deg, og eg vil ringa deg inne med vaktpostar og kasta upp vollar imot deg.
4 Entonces serás humillada. Hablarás desde el suelo, y tu voz también será como si fuera de un espíritu que habla desde el polvo. Tu lenguaje susurrará desde el polvo.
Då skal du tala lågmælt frå jordi, og frå moldi skal du mulla fram ordi dine, og røysti di skal høyrast frå jordi liksom frå ein som manar draugar, og frå moldi skal talen din kviskra.
5 La multitud de tus enemigos será como granos de polvo fino, la multitud de tus agresores, como nube de pasto seco. Pero de repente, en un momento,
Men so skal mengdi av fiendarne dine verta som dumba, og mengdi av valdsmennerne som fjukande agner, og det skal henda i ein augneblink, dåtteleg.
6 serás castigada de parte de Yavé de las huestes con terremotos y el estruendo de grandes truenos, gran ruido, huracán, tempestad y llama de fuego consumidor.
Frå Herren, allhers drott, skal heimsøkjing koma med bulder og bråk og med veldug dyn, vindkast og storm og øydande eld.
7 Entonces la multitud de todas las naciones que combaten contra Ariel, que pelean contra ella y su fortaleza y la afligen, serán como un sueño, como una visión nocturna,
Og mengdi av alle dei heidningfolki som strider mot Ariel, skal verta som ein draum, ei syn um natti, alle dei som strider mot det og borgi i det, og som trengjer seg inn på det.
8 como el hambriento sueña que come y se despierta con el estómago vacío, o como el sediento sueña que bebe. Pero cuando despierta está cansado y tiene sed. Así será la multitud de todas las naciones que pelean contra la Montaña Sion.
Og det skal ganga liksom når den svoltne drøymer og tykkjer han et, men når han vaknar, då er han tom, og liksom når den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk, men når han vaknar, sjå, då er han magtlaus, og sjæli hans ormegtast; soleis skal det ganga alle dei mange heidningfolki som strider mot Sionsfjellet.
9 ¡Asómbrense y maravíllense! ¡Deslúmbrense y queden ciegos! Embriáguense, pero no con vino. Tambaléense, pero no por el licor.
Stir på kvarandre og vert øre! Gjer dykk blinde og vert blinde! De er drukne, men ikkje av vin; de ragar, men ikkje av sterk drykk.
10 Porque Yavé derramó sobre ustedes, oh profetas, un espíritu de letargo. Cerró sus ojos, oh videntes, y cubrió sus cabezas.
For Herren hev rent ut yver dykk ein djup svevns ande, og han hev late att dykkar augo, profetarne, og sveipt yver dykkar hovud, sjåarane.
11 Así, toda visión les es como palabras de un rollo sellado. Si se da a uno que sabe leer y se le dice: Lee ahora esto, él responde: No puedo, porque está sellado.
Og soleis hev syni av alt i hop vorte dykk som ordi i ei forsigla bok; rettar ein henne til ein som er lesekunnig og segjer: «Les dette!» so segjer han: «Eg kann ikkje, for ho er forsigla.»
12 Luego se da el rollo al que no sabe leer y se le dice: Lee ahora esto. Y él responde: No sé leer.
Eller ein retter boki til ein som ikkje skynar skrift og segjer: «Les dette!» so segjer han: «Eg skynar ikkje skrift.»
13 ʼAdonay dice: Ya que este pueblo se me acerca con la boca y me honra con sus labios, pero su corazón está lejos de Mí. Su temor hacia Mí no es más que un mandamiento de hombres que les fue enseñado.
Og Herren segjer: Etter di dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med lipporne sine, men held hjarta sitt langt burte frå meg, og deira otte for meg er eit menneskjebod som dei hev lært,
14 Por tanto Yo ciertamente volveré a excitar la admiración de este pueblo con un prodigio grande y espantoso. Porque perecerá la sabiduría de sus sabios y se desvanecerá la inteligencia de sus entendidos.
sjå, difor vil eg halda ved med å fara underleg åt med dette folket, underleg og ovunderleg, og visdomen åt deira vise skal forgangast, og vitet åt deira vituge menner skal løyna seg.
15 ¡Ay de los que esconden sus planes profundamente de Yavé! Hacen sus obras en la oscuridad y dicen: ¿Quién nos ve? ¿Quién nos conoce?
Usæle dei som vil løyna i dypti for Herren det som dei hev fyre seg, og som gjer i myrkret gjerningarne sine, og som segjer: «Kven ser oss, og kven kjenner oss?»
16 Su perversidad ciertamente será estimada como la arcilla del alfarero. ¿Dirá la obra a su hacedor: No me hiciste? ¿Dirá la vasija al que la formó: No me entendiste?
Å, kor bakvendt! Er pottemakaren å rekna lik med leiret hans, so det han hev gjort, kunde segja um honom som gjorde det: «Han hev ikkje gjort meg, » og det som er laga, segja um honom som laga det: «Han hev ikkje vit på det?»
17 ¿No se convertirá el Líbano en un campo fructífero dentro de poco tiempo, y el campo fructífero será considerado como un bosque?
Er det ikkje endå ei liti stund, so skal Libanon verta til ein frukthage og frukthagen verta rekna som skog?
18 Aquel día los sordos oirán las Palabras del Rollo, y los ojos de los ciegos verán desde su neblina y oscuridad.
Og på den dagen skal dei daude høyra ordi i boki, og ut frå dimma og myrker skal augo åt dei blinde sjå,
19 Los humildes crecerán en alegría de Yavé, y los necesitados de la humanidad se regocijarán con el Santo de Israel.
Og dei spaklyndte skal gleda seg dess meir i Herren, og dei fatigaste millom menneskjom fegnast i Israels Heilage.
20 Porque no quedarán tiranos, y el burlador será exterminado. Ciertamente todos los que intentan hacer el mal serán destruidos.
For burte er valdsmannen, og ute er det med spottaren, og utrudde er alle som er årvake til å gjera urett,
21 Los que inducen al hombre a pecar con palabras, ponen trampas al que reprende en la puerta y pervierten la causa del justo con falsos argumentos.
dei som gjer folk til syndarar for eit ord skuld, og legg snaror for den som skipar rett på tinget, og som med uppdikt rengjer retten for den rettferdige.
22 Por tanto Yavé, Quien redimió a Abraham, dice a la casa de Jacob: Ya no se avergonzará Jacob. Tampoco volverá a palidecer su semblante.
Difor, so segjer Herren so til Jakobs hus, han som løyste ut Abraham: No skal Jakob ikkje verta til skammar, og no skal han sleppa verta bleik i andlitet sitt.
23 Porque verá en medio de ellos a sus hijos, obra de mis manos, quienes santificarán mi Nombre. Sí, santificarán al Santo de Jacob, y temerán al ʼElohim de Israel.
For når han og borni hans ser det mine hender hev gjort midt ibland deim, då skal dei helga namnet mitt, og dei skal helga Jakobs Heilage, og Israels Gud skal dei ottast.
24 Los extraviados de espíritu tendrán entendimiento, y los murmuradores aprenderán la lección.
Og dei som for vilt i si ånd, skal læra vit, og dei som knurrar, skal taka mot lærdom.

< Isaías 29 >