< Jeremija 15 >

1 Potem mi je Gospod rekel: »Čeprav bi pred menoj stala Mojzes in Samuel, vendar moj um ne bi mogel biti k temu ljudstvu. Vrzi jih iz mojega pogleda in naj gredo naprej.
Då sagde Herren med meg: Um so Moses og Samuel stod fram for mi åsyn, skulde mi sjæl ikkje venda seg til dette folket. Driv deim burt frå mi åsyn, og lat deim fara!
2 Zgodilo se bo, če ti rečejo: ›Kam naj gremo naprej?‹ Potem jim boš rekel: ›Tako govori Gospod: ›Tisti, ki ste za smrt, k smrti; tisti, ki ste za meč, k meču; tisti, ki ste za lakoto, k lakoti in tisti, ki ste za ujetništvo, k ujetništvu.‹
Og når dei segjer med deg: «Kvar skal me då fara?» so skal du segja med deim: So segjer Herren: Til dauden den som åt dauden er etla, og til sverdet den som åt sverdet er etla, og til svolten den som åt svolten er etla, og til utlægd den som åt utlægd er etla.
3 Nad njimi bom določil štiri vrste, ‹ govori Gospod: ›meč, da ubija in pse, da trgajo ter perjad neba in zemeljske živali, da požirajo in uničujejo.
Fire slag heimsøkjingar byd eg då ut imot deg: Sverdet til å drepa, og hundarne til å draga deim burt, og fuglarne under himmelen og dyri på marki til å eta deim og øyda deim.
4 Povzročil jim bom, da bodo odstranjeni v vsa kraljestva zemlje, zaradi Manáseja, sina Ezekíja, Judovega kralja, za to, kar je storil v Jeruzalemu.
Og eg vil gjera deim til ei skræma for alle kongeriki på jord, for det som Manasse Hizkiason, Juda-kongen, gjorde i Jerusalem.
5 Kajti kdo bo imel usmiljenje nad teboj, oh [prestolnica] Jeruzalem? Kdo te bo obžaloval? Kdo bo šel vstran, da te vpraša, kako si?
For kven vil tykkja synd i deg, Jerusalem, og kven vil syna deg medkjensla, og kven vil gjera seg ærend og spyrja um det stend vel til med deg?
6 Zapustila si me, ‹ govori Gospod, ›umaknila si se nazaj. Zato bom zoper tebe iztegnil svojo roko in te uničil; izmučen sem od kesanja.
Du støytte meg ifrå deg, segjer Herren, du gjekk din veg. Difor retter eg handi ut imot deg og tyner deg; eg er trøytt av å ynkast.
7 Vejál jih bom z vejálnikom v velikih vratih dežele; oropal jih bom otrok, uničil bom svoje ljudstvo, ker se niso vrnili iz svojih poti.
Og eg kastar deim med kasteskovl attmed landsens portar, eg gjer folket mitt barnlaust, eg tyner det - frå sine vegar snudde dei ikkje.
8 Njihove vdove so mi [številčno] narasle nad peskom morja. Zoper mater mladeničev sem nadnje opoldan privedel plenitelja. Storil sem mu, da je nenadoma padel nanjo in strahote so padle nad mesto.
Enkjorne deira vert fleire enn havsens sand; yver møderne til deira unge menner let eg ein tynar koma høgstedags leite, let rædsla og fælske dåtteleg koma yver deim.
9 Tista, ki jih je rodila sedem, peša. Izročila je duha. Njeno sonce je zašlo, medtem ko je bil še dan. Bila je osramočena in zmedena. Preostanek izmed njih bom izročil meču pred njihovimi sovražniki, ‹« govori Gospod.
Ho som fødde sju søner, talmast burt og andast, hennar sol gjeng ned medan det enn er dag; ho vert skjemd og til skammar. Og det som vert att av deim, gjev eg åt sverdet framfor deira fiendar, segjer Herren.
10 »Gorje meni, moja mati, da si me rodila, človeka prepira in človeka spora celotni zemlji! Niti nisem posojal za obresti niti mi ljudje niso posojali za obresti, vendar me vsakdo izmed njih preklinja.«
Eie meg, mor mi, at du skulde føda meg, meg som alle folk i landet strider og trættar med! Ikkje hev eg lånt deim og ikkje hev dei lånt meg, og endå bannar dei meg alle i hop.
11 Gospod je rekel: »Resnično, dobro bo s tvojim preostankom. Resnično, povzročil bom, da bo sovražnik dobro ravnal s teboj v času zla in v času stiske.
Herren sagde: Visseleg, eg vil fria deg, so det gjeng deg godt. Visseleg, eg vil lata fienden naudbeda deg når ulukka og naudi kjem på deim.
12 Se bo železo zlomilo, severno železo in jeklo?
Kann ein brjota sund jarn, jarn frå Norderland, og kopar?
13 Tvoje imetje in tvoje zaklade bom izročil v plen brez cene in to za vse tvoje grehe, celo v vseh tvojih mejah.
Godset ditt og skattarne dine vil eg gjeva til ran - utan betaling, og det for alle synderne dine, og innan alle dine landskil.
14 Storil ti bom, da v deželo, ki je ne poznaš, preideš s svojimi sovražniki. Kajti ogenj je vnet v moji jezi, ki bo gorel na vas.«
Og eg vil lata fiendarne dine føra det burt, inn i eit land som du ikkje kjenner. For ein eld er kveikt i min vreide, mot dykk skal han loga.
15 Oh Gospod, ti veš. Spomni se me in me obišči in me maščuj nad mojimi preganjalci. V svoji potrpežljivosti me ne odvzemi proč. Vedi, da sem zaradi tebe trpel grajo.
Du veit det, Herre, kom meg i hug og vitja meg, og hemn meg på deim som forfylgjer meg! Tak meg ikkje burt, langmodig som du er! Hugsa at eg tek imot svivyrda for di skuld!
16 Tvoje besede so bile najdene in sem jih jedel, in tvoja beseda mi je bila radost in veselje mojega srca, kajti imenovan sem po tvojem imenu, oh Gospod, Bog nad bojevniki.
Eg fann dine ord, og eg åt deim, og dine ord vart til frygd for meg og til fagnad for mitt hjarta; for eg er uppkalla etter ditt namn, Herre, allhers Gud.
17 Nisem sedel v zboru zasmehovalcev niti se nisem razveseljeval; sam sem sedel zaradi tvoje roke, kajti napolnil si me z ogorčenjem.
Eg hev ikkje sete i lag med skjemtande menner og gama meg; gripen av di hand hev eg sete einsleg, for du fyllte meg med harm.
18 Zakaj je moja bolečina neprestana in moja rana, ki odklanja biti ozdravljena, nezaceljiva? Ali mi hočete biti vsi skupaj kakor lažnivec in kakor vode, ki odpovedo?
Kvi er mi liding æveleg, og kvi vil såret mitt batna? Det vil ikkje gro. Du er vorten som ein svikal bekk åt meg, som vatn ein ikkje kann lita på.
19 Zato tako govori Gospod: »Če se spreobrneš, potem te bom ponovno privedel in boš stal pred menoj. Če odvzameš dragoceno iz hudobnega, boš kakor moja usta. Oni naj se vrnejo k tebi, toda ti se ne vrni k njim.
Difor, so segjer Herren: Um du vender um, vil eg atter lata deg standa framfor mi åsyn, og um du skil det dyre frå det verdlause, då skal eg hava deg som min munn. Dei skal då venda seg til deg, men du skal ikkje venda deg til deim.
20 Temu ljudstvu te bom naredil za ograjen bronast zid. Borili se bodo zoper tebe, toda ne bodo prevladali zoper tebe, kajti jaz sem s teboj, da te rešim in da te osvobodim, ‹ govori Gospod.
Og eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket; og dei skal strida imot deg, men ikkje vinna på deg, for eg er med deg og vil frelsa og berga deg, segjer Herren.
21 ›Rešil te bom iz roke zlobnih in odkupil te bom iz roke strašnih.‹«
Eg vil berga deg utor henderne på dei vonde og fria deg utor nevarne på valdsmenner.

< Jeremija 15 >