< 1 Mojzes 48 >

1 Pripetilo se je po teh stvareh, da je Jožefu nekdo povedal: »Poglej, tvoj oče je bolan, « in ta je s seboj vzel svoja dva sinova, Manáseja in Efrájima.
Ei tid etter dette hadde hendt, kom dei og sagde med Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg båe sønerne sine, Manasse og Efraim.
2 In nekdo je Jakobu povedal ter rekel: »Glej, tvoj sin Jožef prihaja k tebi.« Izrael se je okrepil in se usedel na postelji.
Og det kom ein med bod um dette til Jakob og sagde: «Josef, son din, kjem til deg!» Då gjorde Israel seg sterk, og reiste seg upp i sengi.
3 Jakob je Jožefu rekel: »Bog Vsemogočni se mi je prikazal pri Luzu, v kánaanski deželi, me blagoslovil
Og Jakob sagde med Josef: «Gud den Allvelduge synte seg for meg i Luz i Kana’ans-land og velsigna meg,
4 in mi rekel: ›Glej, jaz te bom naredil rodovitnega in te namnožil in jaz bom iz tebe naredil množico ljudstev in to deželo bom dal tvojemu semenu za teboj za večno posest.‹
og sagde til meg: «Sjå, eg vil lata deg veksa og aukast og gjera deg til ein flokk med folkeslag; og eg vil gjeva ætti di etter deg dette landet til eiga i all æva.»
5 In sedaj, tvoja dva sinova, Efrájim in Manáse, ki sta ti bila rojena v egiptovski deželi, preden sem prišel k tebi v Egipt, sta moja; kakor Ruben in Simeon, bosta moja.
Dei tvo sønerne dine som du fekk i Egyptarlandet, fyrr eg kom hit til deg, dei skal no vera mine: Efraim og Manasse skal høyra meg til, liksom Ruben og Simeon.
6 Tvoji potomci pa, ki jih boš zaplodil za njima, bodo tvoji in imenovani bodo po imenu svojih bratov v svoji dediščini.
Men dei borni som du sidan hev fenge, dei skal vera dine eigne; etter brørne sine skal dei heita i det landet dei kjem til å erva.
7 Kar pa se mene tiče, ko sem prišel iz Padana, je v kánaanski deželi poleg mene umrla Rahela, na poti, ko je bilo le še malo poti, da pride v Efráto. Pokopal sem jo tam, na poti v Efráto; ta isti je Betlehem.«
For då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på vegen, i Kana’ans-land, då me hadde att so mykje som eit augneleite til Efrat. Og eg jorda henne der, innmed vegen til Efrat, det som no heiter Betlehem.»
8 Izrael je zagledal Jožefova sinova in rekel: »Kdo sta ta [dva]?«
Då Jakob såg sønerne hans Josef, spurde han: «Kven er det?»
9 Jožef je svojemu očetu rekel: »Onadva sta moja sinova, katera mi ju je Bog dal na tem kraju.« Rekel je: »Privedi ju, prosim te, k meni in jaz ju bom blagoslovil.«
Og Josef sagde med far sin: «Det er sønerne mine, som Gud hev gjeve meg her.» Då sagde Jakob: «Kjære væne, kom hit til meg med deim, so eg kann få velsigna deim!»
10 Torej, Izraelove oči so bile od starosti zatemnjene, tako da ni mogel videti. In privedel ju je bliže k njemu in on ju je poljubil ter ju objel.
Men augo hans Israel var dimme av alder; han skilde ikkje klårt. So leidde Josef deim burt til honom, og han kysste deim og tok deim i fanget.
11 Izrael je Jožefu rekel: »Nisem si mislil, da bom videl tvoj obraz in, glej, Bog mi je pokazal tudi tvoje seme.«
Og Israel sagde med Josef: «Eg tenkte aldri eg skulde få sjå deg meir, og sjå no hev Gud endå til late meg få sjå borni dine!»
12 Jožef ju je prestavil izmed svojih kolen in se sam, s svojim obrazom, priklonil k zemlji.
So tok Josef deim ned av fanget hans, og bøygde seg nedåt jordi for honom.
13 Jožef je prijel oba, Efrájima na svojo desnico proti Izraelovi levici in Manáseja na svojo levico proti Izraelovi desnici in ju privedel k njemu.
Sidan tok Josef deim båe, Efraim i høgre handi, midt for vinstre handi hans Israel, og Manasse i vinstre handi, midt for høgre handi hans Jakob, og leidde deim innåt honom.
14 Izrael je iztegnil svojo desnico in jo položil na Efrájimovo glavo, ki je bil mlajši, svojo levico pa na Manásejevo glavo, premišljeno vodeč svoji roki, kajti Manáse je bil prvorojenec.
Og Jakob rette ut høgre handi, og lagde henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste av deim, og vinstre handi lagde han på hovudet hans Manasse. Med vilje lagde han henderne so; for Manasse var eldst.
15 Blagoslovil je Jožefa in rekel: »Bog, pred katerim sta hodila moja očeta, Abraham in Izak, Bog, ki me je hranil vse moje dolgo življenje do današnjega dne,
Og han velsigna Josef og sagde: «Den Gud som federne mine, Abraham og Isak, hadde for augo medan dei ferdast på jordi, den Gud som vara meg frå di eg vart til og til den dag i dag,
16 angel, ki me je odkupil od vsega zla, naj blagoslovi dečka. Naj bo moje ime imenovano na njiju in ime mojih očetov, Abrahama in Izaka. Naj zrasteta v množico na sredi zemlje.«
den engelen som løyste meg ut frå alt vondt, han velsigne sveinarne, so dei kann pryda namnet mitt og namnet åt federne mine, Abraham og Isak, og aukast til ei uhorveleg mengd på jordi!»
17 Ko je Jožef videl, da je njegov oče svojo desnico položil na Efrájimovo glavo, ga je to razžalilo in prijel je roko svojega očeta, da jo odmakne z Efrájimove glave na Manásejevo glavo.
Då Josef såg at far hans hadde lagt høgre handi på hovudet hans Efraim, mislika han det; han fata handi åt far sin og vilde flytja henne frå hovudet hans Efraim burt på hovudet hans Manasse,
18 Jožef je svojemu očetu rekel: »Ne tako, moj oče, kajti ta je prvorojenec, svojo desnico položi na njegovo glavo.«
og han sagde med far sin: «Ikkje so, far! For denne er eldst; legg høgre handi på hans hovud!»
19 Njegov oče pa je odklonil in rekel: »Vem to, moj sin, vem to, tudi on bo postal ljudstvo in tudi on bo velik, toda njegov mlajši brat bo resnično večji kakor on in njegovo seme bo postalo množica narodov.«
Men det vilde ikkje far hans, og han sagde: «Eg veit det, son min, eg veit det. Han og skal verta eit folk, han og skal verta stor, men bror hans som yngre er, han skal verta større; hans ætt skal verta ein fjølde med tjoder.»
20 Blagoslovil ju je ta dan, rekoč: »V tebi bo Izrael blagoslovljen, rekoč: ›Bog [naj] te naredi kakor Efrájima in kakor Manáseja‹« in Efrájima je postavil pred Manáseja.
So velsigna han deim same dagen, og sagde: «Ved deg skal Israel velsigna og segja so: «Gud gjere deg som Efraim og som Manasse!»» - han nemnde Efraim fyre Manasse.
21 Izrael je rekel Jožefu: »Glej, jaz umrem, toda Bog bo z vami in vas bo ponovno privedel v deželo vaših očetov.
Sidan sagde Israel med Josef: «No lyt eg døy, men Gud skal vera med dykk og fylgja dykk attende til landet åt federne dykkar.
22 Poleg tega sem ti dal en delež nad tvojimi brati, ki sem ga s svojim mečem in s svojim lokom vzel iz roke Amoréjcev.«
Og eg gjev deg ein bergås framum brørne dine; den tok eg frå amoriten med sverdet og bogen min.»

< 1 Mojzes 48 >