< lūkaḥ 13 >

1 aparañca pīlātō yēṣāṁ gālīlīyānāṁ raktāni balīnāṁ raktaiḥ sahāmiśrayat tēṣāṁ gālīlīyānāṁ vr̥ttāntaṁ katipayajanā upasthāpya yīśavē kathayāmāsuḥ|
På same tidi kom det nokre og fortalde honom dei galilæarane som Pilatus drap med dei bar fram offeret sitt, so blodet deira blanda seg med offerblodet.
2 tataḥ sa pratyuvāca tēṣāṁ lōkānām ētādr̥śī durgati rghaṭitā tatkāraṇād yūyaṁ kimanyēbhyō gālīlīyēbhyōpyadhikapāpinastān bōdhadhvē?
Då tok han til ords og sagde til deim: «Trur de desse galilæarane var større syndarar enn alle andre galilæarar, sidan det gjekk deim soleis?
3 yuṣmānahaṁ vadāmi tathā na kintu manaḥsu na parāvarttitēṣu yūyamapi tathā naṁkṣyatha|
Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på sovori vis.
4 aparañca śīlōhanāmna uccagr̥hasya patanād yē'ṣṭādaśajanā mr̥tāstē yirūśālami nivāsisarvvalōkēbhyō'dhikāparādhinaḥ kiṁ yūyamityaṁ bōdhadhvē?
Eller dei attan som Siloatårnet datt nedyver og slo i hel, trur de dei var verre brotsmenner enn alt hitt folket som bur i Jerusalem?
5 yuṣmānahaṁ vadāmi tathā na kintu manaḥsu na parivarttitēṣu yūyamapi tathā naṁkṣyatha|
Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på same vis.»
6 anantaraṁ sa imāṁ dr̥ṣṭāntakathāmakathayad ēkō janō drākṣākṣētramadhya ēkamuḍumbaravr̥kṣaṁ rōpitavān| paścāt sa āgatya tasmin phalāni gavēṣayāmāsa,
So sagde han denne likningi: «Ein mann hadde eit fiketre, som stod i vingarden hans. Han kom og leita etter frukt på det, men fann ingi.
7 kintu phalāprāptēḥ kāraṇād udyānakāraṁ bhr̥tyaṁ jagāda, paśya vatsaratrayaṁ yāvadāgatya ētasminnuḍumbaratarau kṣalānyanvicchāmi, kintu naikamapi prapnōmi tarurayaṁ kutō vr̥thā sthānaṁ vyāpya tiṣṭhati? ēnaṁ chindhi|
Då sagde han til vingardsmannen: «No er det tridje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fiketreet og finn ingi. Hogg det ned! Kvi skal det og binda burt jordi?»
8 tatō bhr̥tyaḥ pratyuvāca, hē prabhō punarvarṣamēkaṁ sthātum ādiśa; ētasya mūlasya caturdikṣu khanitvāham ālavālaṁ sthāpayāmi|
«Herre, lat det få standa i år og!» svara vingardsmannen, «til eg fær grave kring det og lagt hævd innåt;
9 tataḥ phalituṁ śaknōti yadi na phalati tarhi paścāt chētsyasi|
kann henda det ber eit anna år; gjer det’kje det, so fær du hogga det ned!»»
10 atha viśrāmavārē bhajanagēhē yīśurupadiśati
Ein kviledag lærde Jesus i ei av synagogorne.
11 tasmit samayē bhūtagrastatvāt kubjībhūyāṣṭādaśavarṣāṇi yāvat kēnāpyupāyēna r̥ju rbhavituṁ na śaknōti yā durbbalā strī,
Der var det ei kvinna som hadde havt ei vond ånd i seg i attan år, og den hadde gjort henne so magtlaus at ho var tvikrokut og ikkje på nokor vis kunde halda seg upprett.
12 tāṁ tatrōpasthitāṁ vilōkya yīśustāmāhūya kathitavān hē nāri tava daurbbalyāt tvaṁ muktā bhava|
Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg. «No er du løyst frå vanmagti di, kvinna!» sagde han
13 tataḥ paraṁ tasyā gātrē hastārpaṇamātrāt sā r̥jurbhūtvēśvarasya dhanyavādaṁ karttumārēbhē|
og lagde henderne på henne; og med ein gong rette ho seg upp, og lova Gud.
14 kintu viśrāmavārē yīśunā tasyāḥ svāsthyakaraṇād bhajanagēhasyādhipatiḥ prakupya lōkān uvāca, ṣaṭsu dinēṣu lōkaiḥ karmma karttavyaṁ tasmāddhētōḥ svāsthyārthaṁ tēṣu dinēṣu āgacchata, viśrāmavārē māgacchata|
Då tok synagoge-forstandaren til ords - han var harm for di Jesus hadde lækt på kviledagen - og sagde til folket: «Det er seks dagar ein lyt arbeida; på deim kann de koma og lata dykk lækja, og ikkje på kviledagen!»
15 tadā pabhuḥ pratyuvāca rē kapaṭinō yuṣmākam ēkaikō janō viśrāmavārē svīyaṁ svīyaṁ vr̥ṣabhaṁ gardabhaṁ vā bandhanānmōcayitvā jalaṁ pāyayituṁ kiṁ na nayati?
«Hyklarar!» svara Herren honom då, «løyser ikkje kvar ein av dykk uksen og asnet sitt av båsen um kviledagen, og leider deim av og vatnar deim?
16 tarhyāṣṭādaśavatsarān yāvat śaitānā baddhā ibrāhīmaḥ santatiriyaṁ nārī kiṁ viśrāmavārē na mōcayitavyā?
Og denne kvinna, som er Abrahams dotter, og som Satan hev halde bundi, tenkje seg til, i attan år, skulde ikkje ho løysast or det bandet, for di um det er kviledag?»
17 ēṣu vākyēṣu kathitēṣu tasya vipakṣāḥ salajjā jātāḥ kintu tēna kr̥tasarvvamahākarmmakāraṇāt lōkanivahaḥ sānandō'bhavat|
Då han sagde det, skjemdest alle dei som stod honom imot, og heile folket gledde seg yver alt det underfulle han gjorde.
18 anantaraṁ sōvadad īśvarasya rājyaṁ kasya sadr̥śaṁ? kēna tadupamāsyāmi?
So sagde han då: «Kva er Guds rike likt? kva skal eg likna det med?
19 yat sarṣapabījaṁ gr̥hītvā kaścijjana udyāna uptavān tad bījamaṅkuritaṁ sat mahāvr̥kṣō'jāyata, tatastasya śākhāsu vihāyasīyavihagā āgatya nyūṣuḥ, tadrājyaṁ tādr̥śēna sarṣapabījēna tulyaṁ|
Det er likt eit senapskorn som ein mann tok og sådde i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglarne i lufti bygde reir i greinerne på det.»
20 punaḥ kathayāmāsa, īśvarasya rājyaṁ kasya sadr̥śaṁ vadiṣyāmi? yat kiṇvaṁ kācit strī gr̥hītvā drōṇatrayaparimitagōdhūmacūrṇēṣu sthāpayāmāsa,
So sagde han atter: «Kva skal eg likna Guds rike med?
21 tataḥ kramēṇa tat sarvvagōdhūmacūrṇaṁ vyāpnōti, tasya kiṇvasya tulyam īśvarasya rājyaṁ|
Det er likt ein surdeig som ei kvinna tok og gøymde i tri skjeppor mjøl til alt saman var syrt.»
22 tataḥ sa yirūśālamnagaraṁ prati yātrāṁ kr̥tvā nagarē nagarē grāmē grāmē samupadiśan jagāma|
So for han kring frå by til by og frå grend til grend og lærde folket, alt med han var på veg til Jerusalem.
23 tadā kaścijjanastaṁ papraccha, hē prabhō kiṁ kēvalam alpē lōkāḥ paritrāsyantē?
Det var ein som sagde til honom: «Herre, er det få som vert frelste?» Då sagde han til deim:
24 tataḥ sa lōkān uvāca, saṁkīrṇadvārēṇa pravēṣṭuṁ yataghvaṁ, yatōhaṁ yuṣmān vadāmi, bahavaḥ pravēṣṭuṁ cēṣṭiṣyantē kintu na śakṣyanti|
«Stræva alt de kann for å koma inn igjenom den tronge døri! Mange, segjer eg dykk, skal freista å koma inn, men er ikkje god til.
25 gr̥hapatinōtthāya dvārē ruddhē sati yadi yūyaṁ bahiḥ sthitvā dvāramāhatya vadatha, hē prabhō hē prabhō asmatkāraṇād dvāraṁ mōcayatu, tataḥ sa iti prativakṣyati, yūyaṁ kutratyā lōkā ityahaṁ na jānāmi|
Når husbonden fyrst hev reist seg og stengt døri, og de so gjev dykk til å standa utanfor og banka på døri og segja: «Herre, lat upp åt oss!» då skal han svara dykk so: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå.»
26 tadā yūyaṁ vadiṣyatha, tava sākṣād vayaṁ bhējanaṁ pānañca kr̥tavantaḥ, tvañcāsmākaṁ nagarasya pathi samupadiṣṭavān|
Tek de då på å segja som so: «Me hev ete og drukke i lag med deg, og du lærde i gatorne våre, »
27 kintu sa vakṣyati, yuṣmānahaṁ vadāmi, yūyaṁ kutratyā lōkā ityahaṁ na jānāmi; hē durācāriṇō yūyaṁ mattō dūrībhavata|
so skal han svara: «Eg segjer dykk: Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Hav dykk burt frå meg, alle de som gjorde urett!»
28 tadā ibrāhīmaṁ ishākaṁ yākūbañca sarvvabhaviṣyadvādinaśca īśvarasya rājyaṁ prāptān svāṁśca bahiṣkr̥tān dr̥ṣṭvā yūyaṁ rōdanaṁ dantairdantagharṣaṇañca kariṣyatha|
Der skal det vera gråt og tanngnistring, når de fær sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetarne i Guds rike, men de sjølve vert kasta ut.
29 aparañca pūrvvapaścimadakṣiṇōttaradigbhyō lōkā āgatya īśvarasya rājyē nivatsyanti|
Og det skal koma folk frå aust og frå vest og frå nord og frå sud og setja seg til bords i Guds rike.
30 paśyatētthaṁ śēṣīyā lōkā agrā bhaviṣyanti, agrīyā lōkāśca śēṣā bhaviṣyanti|
Men kom i hug at det finst dei som er millom dei siste, og skal vera millom dei fyrste, og det finst dei som er millom dei fyrste og skal vera millom dei siste.»
31 aparañca tasmin dinē kiyantaḥ phirūśina āgatya yīśuṁ prōcuḥ, bahirgaccha, sthānādasmāt prasthānaṁ kuru, hērōd tvāṁ jighāṁsati|
I same bilet kom det nokre farisæarar og sagde med honom: «Tak ut og far herifrå! Herodes tenkjer på å drepa deg.»
32 tataḥ sa pratyavōcat paśyatādya śvaśca bhūtān vihāpya rōgiṇō'rōgiṇaḥ kr̥tvā tr̥tīyēhni sētsyāmi, kathāmētāṁ yūyamitvā taṁ bhūrimāyaṁ vadata|
Han svara: «Gakk og seg den reven: «I dag og i morgon driv eg ut djevlar og gjer sjuke friske att; tridje dagen er eg til endes komen;
33 tatrāpyadya śvaḥ paraśvaśca mayā gamanāgamanē karttavyē, yatō hētō ryirūśālamō bahiḥ kutrāpi kōpi bhaviṣyadvādī na ghāniṣyatē|
men i dag og i morgon og dagen etter lyt eg ferdast; for det ber aldri til at ein profet let livet annanstad enn i Jerusalem.»
34 hē yirūśālam hē yirūśālam tvaṁ bhaviṣyadvādinō haṁsi tavāntikē prēritān prastarairmārayasi ca, yathā kukkuṭī nijapakṣādhaḥ svaśāvakān saṁgr̥hlāti, tathāhamapi tava śiśūn saṁgrahītuṁ kativārān aicchaṁ kintu tvaṁ naicchaḥ|
Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne og steinar deim som er sende til deg, kor ofte vilde eg’kje ha samla borni dine kring meg, liksom fuglemori samlar ungeflokken under vengjerne! Men de vilde ikkje.
35 paśyata yuṣmākaṁ vāsasthānāni prōcchidyamānāni parityaktāni ca bhaviṣyanti; yuṣmānahaṁ yathārthaṁ vadāmi, yaḥ prabhō rnāmnāgacchati sa dhanya iti vācaṁ yāvatkālaṁ na vadiṣyatha, tāvatkālaṁ yūyaṁ māṁ na drakṣyatha|
Sjå no skal de få hava huset dykkar sjølve. Eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg fyrr den tidi kjem då de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»»

< lūkaḥ 13 >