< လူကး 24 >

1 အထ သပ္တာဟပြထမဒိနေ'တိပြတျူၐေ တာ ယောၐိတး သမ္ပာဒိတံ သုဂန္ဓိဒြဝျံ ဂၖဟီတွာ တဒနျာဘိး ကိယတီဘိး သ္တြီဘိး သဟ ၑ္မၑာနံ ယယုး၊
Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddorne som dei hadde laga til.
2 ကိန္တု ၑ္မၑာနဒွါရာတ် ပါၐာဏမပသာရိတံ ဒၖၐ္ဋွာ
Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå gravi;
3 တား ပြဝိၑျ ပြဘော ရ္ဒေဟမပြာပျ
dei gjekk inn, men fann ikkje likamen åt Herren Jesus.
4 ဝျာကုလာ ဘဝန္တိ ဧတရှိ တေဇောမယဝသ္တြာနွိတော် ဒွေါ် ပုရုၐော် တာသာံ သမီပေ သမုပသ္ထိတော်
Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menner i skinande klæde innmed deim,
5 တသ္မာတ္တား ၑင်္ကာယုက္တာ ဘူမာဝဓောမုချသျသ္ထုး၊ တဒါ တော် တာ ဦစတု ရ္မၖတာနာံ မဓျေ ဇီဝန္တံ ကုတော မၖဂယထ?
og med dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sagde mennerne til deim: «Kvi leitar de etter den livande millom dei daude?
6 သောတြ နာသ္တိ သ ဥဒသ္ထာတ်၊
Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sagde med dykk då han endå var i Galilæa,
7 ပါပိနာံ ကရေၐု သမရ္ပိတေန ကြုၑေ ဟတေန စ မနုၐျပုတြေဏ တၖတီယဒိဝသေ ၑ္မၑာနာဒုတ္ထာတဝျမ် ဣတိ ကထာံ သ ဂလီလိ တိၐ္ဌန် ယုၐ္မဘျံ ကထိတဝါန် တာံ သ္မရတ၊
at Menneskjesonen skulde gjevast i henderne på synduge menneskje og krossfestast, og standa upp att tridje dagen!»
8 တဒါ တသျ သာ ကထာ တာသာံ မနးသု ဇာတာ၊
Då kom dei i hug ordi hans,
9 အနန္တရံ ၑ္မၑာနာဒ် ဂတွာ တာ ဧကာဒၑၑိၐျာဒိဘျး သရွွေဘျသ္တာံ ဝါရ္တ္တာံ ကထယာမာသုး၊
og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre.
10 မဂ္ဒလီနီမရိယမ်, ယောဟနာ, ယာကူဗော မာတာ မရိယမ် တဒနျား သင်္ဂိနျော ယောၐိတၑ္စ ပြေရိတေဘျ ဧတား သရွွာ ဝါရ္တ္တား ကထယာမာသုး
Det var Maria Magdalena og Johanna og Jakobs-Maria og dei hine kvinnorne i fylgjet deira - dei sagde dette med apostlarne;
11 ကိန္တု တာသာံ ကထာမ် အနရ္ထကာချာနမာတြံ ဗုဒ္ဓွာ ကောပိ န ပြတျဲတ်၊
men dei tenkte det var noko vas dei for med, og trudde deim ikkje.
12 တဒါ ပိတရ ဥတ္ထာယ ၑ္မၑာနာန္တိကံ ဒဓာဝ, တတြ စ ပြဟွော ဘူတွာ ပါရ္ၑွဲကသ္ထာပိတံ ကေဝလံ ဝသ္တြံ ဒဒရ္ၑ; တသ္မာဒါၑ္စရျျံ မနျမာနော ယဒဃဋတ တန္မနသိ ဝိစာရယန် ပြတသ္ထေ၊
Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt.
13 တသ္မိန္နေဝ ဒိနေ ဒွေါ် ၑိယျော် ယိရူၑာလမၑ္စတုၐ္ကြောၑာန္တရိတမ် ဣမ္မာယုဂြာမံ ဂစ္ဆန္တော်
Same dagen gjekk tvo av deim utetter til ein liten by som heiter Emmaus, og ligg ei mil frå Jerusalem,
14 တာသာံ ဃဋနာနာံ ကထာမကထယတာံ
og på vegen tala dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt.
15 တယောရာလာပဝိစာရယေား ကာလေ ယီၑုရာဂတျ တာဘျာံ သဟ ဇဂါမ
Med dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med deim;
16 ကိန္တု ယထာ တော် တံ န ပရိစိနုတသ္တဒရ္ထံ တယော ရ္ဒၖၐ္ဋိး သံရုဒ္ဓါ၊
men augo deira var fjetra, so dei kjende honom ikkje.
17 သ တော် ပၖၐ္ဋဝါန် ယုဝါံ ဝိၐဏ္ဏော် ကိံ ဝိစာရယန္တော် ဂစ္ဆထး?
«Kva er det for ting de røder so um, med de gjeng etter vegen?» spurde han. Då stana dei, og det var sjåande til at dei sturde.
18 တတသ္တယေား က္လိယပါနာမာ ပြတျုဝါစ ယိရူၑာလမပုရေ'ဓုနာ ယာနျဃဋန္တ တွံ ကေဝလဝိဒေၑီ ကိံ တဒွၖတ္တာန္တံ န ဇာနာသိ?
Og den eine av deim - han heitte Kleopas - tok til ords og sagde til honom: «Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagarne!»
19 သ ပပြစ္ဆ ကာ ဃဋနား? တဒါ တော် ဝက္တုမာရေဘာတေ ယီၑုနာမာ ယော နာသရတီယော ဘဝိၐျဒွါဒီ ဤၑွရသျ မာနုၐာဏာဉ္စ သာက္ၐာတ် ဝါကျေ ကရ္မ္မဏိ စ ၑက္တိမာနာသီတ္
«Kva for noko?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret, » svara dei, «han som var ein profet, megtig i gjerning og ord for Gud og alt folket,
20 တမ် အသ္မာကံ ပြဓာနယာဇကာ ဝိစာရကာၑ္စ ကေနာပိ ပြကာရေဏ ကြုၑေ ဝိဒ္ဓွာ တသျ ပြာဏာနနာၑယန် တဒီယာ ဃဋနား;
korleis øvsteprestarne og rådsherrarne våre fekk dømt honom frå livet og krossfeste honom.
21 ကိန္တု ယ ဣသြာယေလီယလောကာန် ဥဒ္ဓါရယိၐျတိ သ ဧဝါယမ် ဣတျာၑာသ္မာဘိး ကၖတာ၊ တဒျထာ တထာသ္တု တသျာ ဃဋနာယာ အဒျ ဒိနတြယံ ဂတံ၊
Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg.
22 အဓိကန္တွသ္မာကံ သင်္ဂိနီနာံ ကိယတ္သ္တြီဏာံ မုခေဘျော'သမ္ဘဝဝါကျမိဒံ ၑြုတံ;
Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi,
23 တား ပြတျူၐေ ၑ္မၑာနံ ဂတွာ တတြ တသျ ဒေဟမ် အပြာပျ ဝျာဃုဋျေတွာ ပြောက္တဝတျး သွရ္ဂီသဒူတော် ဒၖၐ္ဋာဝသ္မာဘိသ္တော် စာဝါဒိၐ္ဋာံ သ ဇီဝိတဝါန်၊
og fann ikkje likamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englarne hadde sagt at han liver.
24 တတောသ္မာကံ ကဲၑ္စိတ် ၑ္မၑာနမဂမျတ တေ'ပိ သ္တြီဏာံ ဝါကျာနုရူပံ ဒၖၐ္ဋဝန္တး ကိန္တု တံ နာပၑျန်၊
Nokre av felagerne våre gjekk då ut til gravi, og fann det heiltupp so som kvinnorne hadde sagt, men honom såg dei ikkje.»
25 တဒါ သ တာဝုဝါစ, ဟေ အဗောဓော် ဟေ ဘဝိၐျဒွါဒိဘိရုက္တဝါကျံ ပြတျေတုံ ဝိလမ္ဗမာနော်;
«Å, for uvituge de er, » svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale!
26 ဧတတ္သရွွဒုးခံ ဘုက္တွာ သွဘူတိပြာပ္တိး ကိံ ခြီၐ္ဋသျ န နျာယျာ?
Laut ikkje Messias lida dette, fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?»
27 တတး သ မူသာဂြန္ထမာရဘျ သရွွဘဝိၐျဒွါဒိနာံ သရွွၑာသ္တြေ သွသ္မိန် လိခိတာချာနာဘိပြာယံ ဗောဓယာမာသ၊
So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der.
28 အထ ဂမျဂြာမာဘျရ္ဏံ ပြာပျ တေနာဂြေ ဂမနလက္ၐဏေ ဒရ္ၑိတေ
Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger.
29 တော် သာဓယိတွာဝဒတာံ သဟာဝါဘျာံ တိၐ္ဌ ဒိနေ ဂတေ သတိ ရာတြိရဘူတ်; တတး သ တာဘျာံ သာရ္ဒ္ဓံ သ္ထာတုံ ဂၖဟံ ယယော်၊
Men dei nøydde honom og sagde: «Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar.» So gjekk han inn og var hjå deim.
30 ပၑ္စာဒ္ဘေါဇနောပဝေၑကာလေ သ ပူပံ ဂၖဟီတွာ ဤၑွရဂုဏာန် ဇဂါဒ တဉ္စ ဘံက္တွာ တာဘျာံ ဒဒေါ်၊
Som han no sat til bords med deim, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav deim.
31 တဒါ တယော ရ္ဒၖၐ္ဋော် ပြသန္နာယာံ တံ ပြတျဘိဇ္ဉတုး ကိန္တု သ တယေား သာက္ၐာဒန္တရ္ဒဓေ၊
Då vart augo deira upplatne, so dei kjende honom att; men i det same kvarv han burt for augo deira.
32 တတသ္တော် မိထောဘိဓာတုမ် အာရဗ္ဓဝန္တော် ဂမနကာလေ ယဒါ ကထာမကထယတ် ၑာသ္တြာရ္ထဉ္စဗောဓယတ် တဒါဝယော ရ္ဗုဒ္ဓိး ကိံ န ပြာဇွလတ်?
Då sagde dei med einannan: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han lagde ut skrifterne åt oss?»
33 တော် တတ္က္ၐဏာဒုတ္ထာယ ယိရူၑာလမပုရံ ပြတျာယယတုး, တတ္သ္ထာနေ ၑိၐျာဏာမ် ဧကာဒၑာနာံ သင်္ဂိနာဉ္စ ဒရ္ၑနံ ဇာတံ၊
Og dei tok ut i same stund, og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagarne deira samla, og dei sagde:
34 တေ ပြောစုး ပြဘုရုဒတိၐ္ဌဒ် ဣတိ သတျံ ၑိမောနေ ဒရ္ၑနမဒါစ္စ၊
«Herren hev sanneleg stade upp att, og hev synt seg for Simon.»
35 တတး ပထး သရွွဃဋနာယား ပူပဘဉ္ဇနေန တတ္ပရိစယသျ စ သရွွဝၖတ္တာန္တံ တော် ဝက္တုမာရေဘာတေ၊
Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent honom då han braut brødet.
36 ဣတ္ထံ တေ ပရသ္ပရံ ဝဒန္တိ တတ္ကာလေ ယီၑုး သွယံ တေၐာံ မဓျ ပြောတ္ထယ ယုၐ္မာကံ ကလျာဏံ ဘူယာဒ် ဣတျုဝါစ,
Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»
37 ကိန္တု ဘူတံ ပၑျာမ ဣတျနုမာယ တေ သမုဒွိဝိဇိရေ တြေၐုၑ္စ၊
Dei kvakk og vart rædde, og trudde det var ei ånd dei såg.
38 သ ဥဝါစ, ကုတော ဒုးခိတာ ဘဝထ? ယုၐ္မာကံ မနးသု သန္ဒေဟ ဥဒေတိ စ ကုတး?
Då sagde han til deim: «Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar?
39 ဧၐောဟံ, မမ ကရော် ပၑျတ ဝရံ သ္ပၖၐ္ဋွာ ပၑျတ, မမ ယာဒၖၑာနိ ပၑျထ တာဒၖၑာနိ ဘူတသျ မာံသာသ္ထီနိ န သန္တိ၊
Sjå henderne og føterne mine, at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då’kje kjøt og bein, som de ser eg hev.»
40 ဣတျုက္တွာ သ ဟသ္တပါဒါန် ဒရ္ၑယာမာသ၊
Då han hadde sagt det, synte han deim henderne og føterne sine.
41 တေ'သမ္ဘဝံ ဇ္ဉာတွာ သာနန္ဒာ န ပြတျယန်၊ တတး သ တာန် ပပြစ္ဆ, အတြ ယုၐ္မာကံ သမီပေ ခါဒျံ ကိဉ္စိဒသ္တိ?
Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sagde han: «Hev de noko etande her?»
42 တတသ္တေ ကိယဒ္ဒဂ္ဓမတ္သျံ မဓု စ ဒဒုး
Dei gav han eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka,
43 သ တဒါဒါယ တေၐာံ သာက္ၐာဒ် ဗုဘုဇေ
og han tok det og åt det for augo deira.
44 ကထယာမာသ စ မူသာဝျဝသ္ထာယာံ ဘဝိၐျဒွါဒိနာံ ဂြန္ထေၐု ဂီတပုသ္တကေ စ မယိ ယာနိ သရွွာဏိ ဝစနာနိ လိခိတာနိ တဒနုရူပါဏိ ဃဋိၐျန္တေ ယုၐ္မာဘိး သာရ္ဒ္ဓံ သ္ထိတွာဟံ ယဒေတဒွါကျမ် အဝဒံ တဒိဒါနီံ ပြတျက္ၐမဘူတ်၊
So sagde han til deim: «Dette var det eg tala til dykk um då eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetarne og salmarne, laut sannast.»
45 အထ တေဘျး ၑာသ္တြဗောဓာဓိကာရံ ဒတွာဝဒတ်,
So let han upp for tankarne deira, so dei kunde skyna skrifterne.
46 ခြီၐ္ဋေနေတ္ထံ မၖတိယာတနာ ဘောက္တဝျာ တၖတီယဒိနေ စ ၑ္မၑာနာဒုတ္ထာတဝျဉ္စေတိ လိပိရသ္တိ;
«So stend skrive, » sagde han, «at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen,
47 တန္နာမ္နာ ယိရူၑာလမမာရဘျ သရွွဒေၑေ မနးပရာဝရ္တ္တနသျ ပါပမောစနသျ စ သုသံဝါဒး ပြစာရယိတဝျး,
og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut.
48 ဧၐု သရွွေၐု ယူယံ သာက္ၐိဏး၊
De skal sjølve vitna um dette.
49 အပရဉ္စ ပၑျတ ပိတြာ ယတ် ပြတိဇ္ဉာတံ တတ် ပြေၐယိၐျာမိ, အတဧဝ ယာဝတ္ကာလံ ယူယံ သွရ္ဂီယာံ ၑက္တိံ န ပြာပ္သျထ တာဝတ္ကာလံ ယိရူၑာလမ္နဂရေ တိၐ္ဌတ၊
Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen, til de vert budde med kraft frå det høge.»
50 အထ သ တာန် ဗဲထနီယာပရျျန္တံ နီတွာ ဟသ္တာဝုတ္တောလျ အာၑိၐ ဝက္တုမာရေဘေ
Sidan tok han deim med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp henderne og velsigna deim.
51 အာၑိၐံ ဝဒန္နေဝ စ တေဘျး ပၖထဂ် ဘူတွာ သွရ္ဂာယ နီတော'ဘဝတ်၊
Og med han lyste velsigningi, skildest han frå deim og for upp til himmelen.
52 တဒါ တေ တံ ဘဇမာနာ မဟာနန္ဒေန ယိရူၑာလမံ ပြတျာဇဂ္မုး၊
Og dei kasta seg på kne og tilbad honom. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda,
53 တတော နိရန္တရံ မန္ဒိရေ တိၐ္ဌန္တ ဤၑွရသျ ပြၑံသာံ ဓနျဝါဒဉ္စ ကရ္တ္တမ် အာရေဘိရေ၊ ဣတိ။
og sidan var dei allstødt i templet og lova og prisa Gud.

< လူကး 24 >