< Levítico 8 >
1 E falou o SENHOR a Moisés, dizendo:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Toma a Arão e a seus filhos com ele, e as vestimentas, e o azeite da unção, e o bezerro da expiação, e os dois carneiros, e o cesto dos pães ázimos;
«Henta no Aron og sønerne hans, og tak dei heilage klædi og salvingsoljen og syndofferuksen og båe verarne og korgi med søtebrødet,
3 E reúne toda a congregação à porta do tabernáculo do testemunho.
og kalla so heile lyden saman framfor døri åt møtetjeldet!»
4 Fez, pois, Moisés como o SENHOR lhe mandou, e juntou-se a congregação à porta do tabernáculo do testemunho.
Og Moses gjorde som Herren sagde, og lyden samla seg framfor møtetjelddøri.
5 E disse Moisés à congregação: Isto é o que o SENHOR mandou fazer.
Då sagde Moses til deim: «Sjå no kva Herren hev sagt eg skal gjera!»
6 Então Moisés fez chegar a Arão e a seus filhos, e lavou-os com água.
So kalla han til seg Aron og sønerne hans, og tvo dei med vatn,
7 E pôs sobre ele a túnica, e cingiu-o com o cinto; vestiu-lhe depois o manto, e pôs sobre ele o éfode, e cingiu-o com o cinto do éfode, e ajustou-o com ele.
og han hadde underkjolen på Aron, og spente beltet um honom, og klædde honom i prestekjolen, og hengde messehakelen på honom, og batt um honom livgjordi som høyrde til, og med den snørde han messehakelen fast.
8 Pôs-lhe logo encima o peitoral, e nele pôs o Urim e Tumim.
So hadde han bringeduken på honom, og i bringeduken lagde han urim og tummim.
9 Depois pôs a mitra sobre sua cabeça; e sobre a mitra em sua frente dianteira pôs a placa de ouro, a coroa santa; como o SENHOR havia mandado a Moisés.
Og han sette huva på hovudet hans, og framme på huva sette han gullspongi, det heilage hovudgullet, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.
10 E tomou Moisés o azeite da unção, e ungiu o tabernáculo, e todas as coisas que estavam nele, e santificou-as.
So tok Moses salvingsoljen, og salva gudshuset og alt som i det var, og vigsla det,
11 E espargiu dele sobre o altar sete vezes, e ungiu o altar e todos os seus utensílios, e a pia e sua base, para santificá-los.
og han skvette sju vendor på altaret av oljen, og salva altaret og alle dei ting som høyrde til det, og tvåttebalja med foten ho stod på, og vigsla deim.
12 E derramou do azeite da unção sobre a cabeça de Arão, e ungiu-o para santificá-lo.
Og noko av salvingsoljen helte han yver hovudet på Aron, og salva og vigde honom.
13 Depois Moisés fez chegar os filhos de Arão, e vestiu-lhes as túnicas, e cingiu-os com cintos, e ajustou-lhes as tiaras), como o SENHOR o havia mandado a Moisés.
Sidan kalla han til seg sønerne hans Aron, og klædde deim i underkjolar, og spente belte um deim, og batt hovudplagg på deim, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.
14 Fez logo chegar o bezerro da expiação, e Arão e seus filhos puseram suas mãos sobre a cabeça do bezerro da expiação.
So leidde han fram syndofferuksen, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt uksen.
15 E degolou-o; e Moisés tomou o sangue, e pôs com seu dedo sobre as pontas do altar ao redor, e purificou o altar; e lançou o resto do sangue ao pé do altar, e santificou-o para fazer reconciliação sobre ele.
Og då dei hadde slagta honom, tok Moses blodet og strauk rundt ikring på altarhorni med fingeren, og gjorde altaret reint for synd, og det som var att av blodet, helte han ut tett innmed altarfoten. Soleis gjorde han soning for altaret og vigsla det.
16 Depois tomou toda a gordura que estava sobre os intestinos, e o redenho do fígado, e os dois rins, e a gordura deles, e o fez Moisés arder sobre o altar.
So tok han alt feittet som var på innvolen, og den store livreflaga og båe nyro med talgi på, og brende det på altaret, so røyken steig upp mot himmelen.
17 Mas o bezerro, e seu couro, e sua carne, e seu excremento, queimou-o ao fogo fora do acampamento; como o SENHOR o havia mandado a Moisés.
Men sjølve uksen, både hudi og kjøtet og møki, brende han i elden utanfor lægret, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.
18 Depois fez chegar o carneiro do holocausto, e Arão e seus filhos puseram suas mãos sobre a cabeça do carneiro:
So leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt veren.
19 E degolou-o; e espargiu Moisés o sangue sobre o altar em derredor.
Og då dei hadde slagta honom, skvette Moses blodet rundt ikring på altaret.
20 E cortou o carneiro em pedaços; e Moisés fez arder a cabeça, e os pedaços, e a gordura.
Men sjølve veren lema dei sund, og Moses brende hovudet og kjøtet og feittet;
21 Lavou logo com água os intestinos e pernas, e queimou Moisés todo o carneiro sobre o altar: holocausto em cheiro suave, oferta acesa ao SENHOR; como o havia o SENHOR mandado a Moisés.
innvolen og føterne tvo dei fyrst i vatn, og so brende Moses heile veren på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. Det vart eit brennoffer som anga godt, ein offerrett for Herren var det; alt vart gjort soleis som Herren hadde sagt med Moses.
22 Depois fez chegar o outro carneiro, o carneiro das consagrações, e Arão e seus filhos puseram suas mãos sobre a cabeça do carneiro:
So leidde han fram den andre veren, vigsleveren, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt veren.
23 E degolou-o; e tomou Moisés de seu sangue, e pôs sobre a ponta da orelha direita de Arão, e sobre o dedo polegar de sua mão direita, e sobre o dedo polegar de seu pé direito.
Og då dei hadde slagta honom, tok Moses noko av blodet og strauk på den høgre øyresnippen åt Aron og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans.
24 Fez chegar logo os filhos de Arão, e pôs Moisés do sangue sobre a ponta de suas orelhas direitas, e sobre os polegares de suas mãos direitas, e sobre os polegares de seus pés direitos: e espargiu Moisés o sangue sobre o altar em derredor;
So kalla han til seg sønerne hans Aron, og strauk noko av blodet på den høgre øyresnippen og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi deira, og det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret.
25 E depois tomou a gordura, e a cauda, e toda a gordura que estava sobre os intestinos, e o redenho do fígado, e os dois rins, e a gordura deles, e a coxa direita;
Og han tok feittet, både spælen alt feittet som var på innvolen, og den store livreflaga og båe nyro med talgi på, og so det høgre låret.
26 E do cesto dos pães ázimos, que estava diante do SENHOR, tomou uma torta sem levedura, e uma torta de pão de azeite, e um bolo, e o pôs com a gordura e com a coxa direita;
Og or søtebrødkorgi som stod framfor augo åt Herren, tok han ei hellekake og eit oljebrød og ein tunnbrødleiv og lagde uppå på feittet og verlåret.
27 E o pôs tudo nas mãos de Arão, e nas mãos de seus filhos, e o fez mover: oferta agitada diante do SENHOR.
Og so lagde han alt saman i henderne på Aron og sønerne hans og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
28 Depois tomou aquelas coisas Moisés das mãos deles, e as fez arder no altar sobre o holocausto: as consagrações em cheiro suave, oferta acesa ao SENHOR.
Sidan tok han det utor henderne deira, og brende det på altaret saman med brennofferet, so røyken steig upp mot himmelen; det var eit vigsleoffer som gav god ange, ein offerrett for Herren var det.
29 E tomou Moisés o peito, e moveu-o, oferta movida diante do SENHOR: do carneiro das consagrações aquela foi a parte de Moisés; como o SENHOR o havia mandado a Moisés.
Og Moses tok bringestykket, og svinga det att og fram for Herrens åsyn; det var den luten Moses fekk av vigsleveren, soleis som Herren hadde sagt med Moses.
30 Logo tomou Moisés do azeite da unção, e do sangue que estava sobre o altar, e espargiu sobre Arão, e sobre suas vestiduras, sobre seus filhos, e sobre as vestiduras de seus filhos com ele; e santificou a Arão, e suas vestiduras, e a seus filhos, e as vestiduras de seus filhos com ele.
So tok Moses noko av salvingsoljen og noko av blodet som stod på altaret og skvette på Aron og klædi hans og på sønerne hans og klædi deira; og vigsla Aron og klædi hans og sameleis sønerne hans og klædi deira.
31 E disse Moisés a Arão e a seus filhos: Comei a carne à porta do tabernáculo do testemunho; e comei-a ali com o pão que está no cesto das consagrações, segundo eu mandei, dizendo: Arão e seus filhos a comerão.
Og Moses sagde til Aron og sønerne hans: «De skal sjoda kjøtet i døri åt møtetjeldet og eta det attåt brødet som er i vigsleofferkorgi; for so hev Gud sagt med meg: «Aron og sønerne hans skal eta det, » hev han sagt.
32 E o que sobrar da carne e do pão, queimareis ao fogo.
Men det som vert att av kjøt og brød, skal de brenna i elden.
33 Da porta do tabernáculo do testemunho não saireis em sete dias, até o dia que se cumprirem os dias de vossas consagrações: porque por sete dias sereis consagrados.
Og so lyt de i sju dagar halda dykk innmed møtetjelddøri, alt til den dagen då vigsletidi dykkar er ute; for sju dagar skal prestevigsla vara.
34 Da maneira que hoje se fez, mandou fazer o SENHOR para expiar-vos.
Som de hev gjort i dag, so skal de gjera dei hine dagarne og, so de kann få nåde, segjer Herren.
35 À porta, pois, do tabernáculo do testemunho estareis dia e noite por sete dias, e guardareis a ordenança diante do SENHOR, para que não morrais; porque assim me foi mandado.
Og i møtetjelddøri skal de sitja dag og natt i sju jamdøger og halda dykk etter det som Herren hev sagt, so de ikkje skal missa livet; for so hev Herren sagt med meg.»
36 E Arão e seus filhos fizeram todas as coisas que mandou o SENHOR por meio de Moisés.
Og Aron og sønerne hans gjorde alt det som Herren hadde late Moses segja til deim.