< Ezequiel 47 >
1 Depois disto ele me fez voltar à entrada da casa; e eis que águas saíam de debaixo do umbral da casa para o oriente, pois a fachada da casa estava para o oriente; e as águas desciam de debaixo, desde o lado direito da casa, do lado sul do altar.
So let han meg tilbake til inngangen åt huset. Og sjå, det kom vatn ut under dørstokken på huset mot aust, for framsida på huset snudde i aust. Og vatnet rann ned frå høgre sida på huset sunnanfor altaret.
2 E ele me tirou [pelo] caminho da porta do norte, e me fez rodear pelo caminho de fora, até a porta externa, pelo caminho voltado ao oriente; e eis que águas corriam do lado direito.
Sidan let han meg ganga ut gjenom nordporten og fylgde meg ikring utanfor til ytreporten, den porten som snur austetter. Og sjå, det kom vatn vellande fram undan høgresida.
3 E quando aquele homem saiu para o oriente, tinha em sua mão um cordel de medir; ele mediu mil côvados, e me fez passar pelas águas, que [chegavam] aos tornozelos.
Mannen gjekk no austetter med mælesnor i handi og mælte tusund alner. Og han hadde meg til å vada yver vatnet, vatn til okleleden.
4 E mediu mil [côvados], e me fez passar pelas águas, que [chegavam] aos joelhos. Mediu [mais] mil, e me fez passar pelas águas, que [chegavam] à cintura.
So mælte han endå tusund alner til og hadde meg til å vada yver vatnet, vatn til knes. So mælte han endå tusund alner og hadde meg til å vada yver vatnet; det gjekk då upp til lenderne.
5 E mediu [mais] mil, e já era um rio que eu não podia passar, porque as águas eram tão profundas que o rio não se podia atravessar a pé, somente a nado.
So mælte han endå tusund alner, og no var det ei å som eg ikkje kunde vada. For vatnet hadde vakse, vatn til å symja i, ei å som ikkje let seg vada.
6 Então me disse: “Viste [isto], filho do homem?” Depois ele me levou e trouxe-me de volta à margem do rio.
Og han sagde med meg: «Hev du set det, menneskjeson?» Og han let meg ganga tilbake uppå å-breiddi.
7 Quando voltei, eis que na margem do rio havia muitíssimas árvores, de um lado e do outro.
Då eg kom dit att, stod det på å-breiddi ei mengd med tre på den sida og hi sida.
8 Então me disse: “Estas águas saem para a região do oriente, descem à planície, e entram no mar; e quando chegarem ao mar, tornarão saudáveis as águas.
Og han sagde med meg: «Dette vatnet renn ut til austbygderne og fløymar ned i øydemarki. So fell det ut i havet. Når det er flødt ut i havet, vert vatnet der friskt.
9 E será que toda alma vivente que se move por onde quer que estes rio passar, viverá; e haverá muitíssimos peixes por ali terem passado estas águas, e ficarão saudáveis; e tudo viverá por onde quer que este este rio passar.
Og det skal henda at alt kvikjende som liver og yr alle stader der den tviflaumande åi renn, skal livna, og det skal verta ei ovmengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, so vert det helsebot og liv alle stader der åi renn.
10 Será também que pescadores estarão junto a ele; desde En-Gedi até En-Eglaim haverá [lugares para] se estender redes; seus peixes serão segundo suas espécies, como os peixes do grande mar, em muitíssima quantidade.
Og det skal henda at fiskarar skal standa frammed vatnet frå En-Gedi til En-Eglajim; fiskestøde for garnbruk skal det og vera. Fisken der skal vera i ovende mengd, kvar etter sitt slag, som i Storhavet.
11 Porém seus charcos e seus pântanos não ficarão saudáveis; estarão salgados.
Men myrarne og deplarne der skal ikkje verta friske; dei er etla åt saltet.
12 E junto do rio, em suas margens de um lado e do outro, crescerá toda árvore de comer; sua folha nunca cairá, nem seu fruto faltará; em [todos os] seus meses produzirá frutos, porque suas águas saem do santuário; e seu fruto servirá de alimento, e sua folha de remédio.”
Og frammed åi, på båe å-breidderne, skal det veksa upp frukttre av alle slag. Lauvet på deim skal ikkje visna og frukti ikkje trjota. Kvar månad skal dei bera ny frukt, for vatnet åt deim renn ut frå heilagdomen. Og frukti på deim skal vera til mat, og lauvet til lækjedom.»
13 Assim diz o Senhor DEUS: “Este é o limite em que tomareis a terra em herança segundo as doze tribos de Israel: José [terá] duas partes.
So segjer Herren, Herren: Dette er landskilet, og innan det skal de taka dykk landet til odel etter Israels tolv ætter. Åt Josef skal det vera tvo luter.
14 E a herdareis igualmente, um como o outro; [terra] a qual jurei de mão levantada que daria aos vossos pais; portanto esta terra será a vossa herança.
Og de skal taka det til odel, den eine som den andre, for di eg hev rett upp handi mi på at eg vilde gjeva federne dykkar det; so skal då dette landet verta utskift til odel og eiga.
15 E este será o limite da terra para o lado norte: desde o mar Grande, a caminho de Hetlom, e indo por Lebo-Hamate até Zedade;
Dette er då landskilet: På nordsida: frå Storhavet langs med Hetlonvegen til ein kjem til Sedad,
16 Berota, Sibraim (que está entre o limite de Damasco e o limite de Hamate); Hazer-Haticom, que está junto ao limite de Haurã.
Hamat, Berota, Sibrajim, som ligg millom Damaskus-skilet og Hamat-skilet, det millomste Haser, som ligg innmed Havran-skilet.
17 E o limite será do mar [até] Haser-Enom, ao limite de Damasco ao norte, e ao limite de Hamate; [este será] o lado norte.
Soleis er då landskilet frå havet til Hasar-Enon attmed Damaskus-skilet og framleides endå lenger nordetter upp til Hamat-skilet. Dette er nordsida.
18 Ao lado do oriente, passando entre Haurã e Damasco, e entre Gileade e a terra de Israel, junto ao Jordão; medireis desde o limite até do mar do oriente; [este será] o lado do oriente.
Austsida - millom Havran og Damaskus og millom Gilead og Israelsland - er Jordan: frå nordskilet til Austhavet skal de mæla. Dette er austsida.
19 E ao lado sul, ao sul, será desde Tamar até as águas de Meribá-Cades, indo ao longo do ribeiro até o grande mar; e [este será] o lado sul, ao sul.
På sudsida, mot sud; frå Tamar til Meribotvatnet attmed Kades, til bekken, alt til Storhavet. Dette er sudsida, mot sud.
20 E o lado do ocidente será o grande mar, desde o limite até Lebo-Hamate; este será o lado do ocidente.
På vestsida er Storhavet frå dette skilet til dit der ein gjeng til Hamat. Dette er vestsida.
21 Repartireis, pois, esta terra entre vós, segundo as tribos de Israel.
Og de skal byta landet millom dykk etter Israels ætter.
22 E será que a sorteareis em herança para vós, e para os estrangeiros que peregrinam entre vós, que tiverem gerado filhos entre vós; e vos serão como nativos entre os filhos de Israel; repartirão herança convosco, entre as tribos de Israel.
Og soleis skal det vera: De skal skifta det ut til odel åt dykk sjølve og dei framande som bur hjå dykk og hev fenge born ibland dykk. Og dei skal vera for dykk som dei som er fødde og borne i sjølve Israel; odelsjord skal dei hava med dykk ibland ætterne i Israel.
23 E será que na tribo onde o estrangeiro peregrinar, ali [lhe] dareis sua herança”, diz o Senhor DEUS.
Og so skal det vera: I den ætti der den framande bur, der skal de gjeva honom odelsjordi si, segjer Herren, Herren.