< Jeremias 32 >
1 A palavra que veio a Jeremias da parte do Senhor, no ano décimo de Zedekias, rei de Judá; este ano foi o ano dezoito de Nabucodonozor
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande styringsåret åt Sidkia, Juda-kongen, det er det attande året Nebukadressar var konge.
2 (Cercava, porém, então o exército do rei de Babilônia a Jerusalém; e Jeremias, o profeta, estava encerrado no pátio da guarda que estava na casa do rei de Judá;
Det var ved det leitet at Babel-kongens her kringsette Jerusalem, og profeten Jeremia var innestengd i vaktgarden som høyrde til Juda-kongens hus.
3 Porque Zedekias, rei de Judá, o tinha encerrado, dizendo: Porque profetizas tu, dizendo: Assim diz o Senhor: Eis que entrego esta cidade na mão do rei de Babilônia, e ele a tomará;
Der hadde Sidkia, Juda-kongen, stengt honom inne med so falne ord: «Kvi spår du og segjer: «So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på Babel-kongen, og han skal taka honom,
4 E Zedekias, rei de Judá, não escapará das mãos dos caldeus; mas certamente será entregue na mão do rei de Babilônia, e com ele falará boca a boca, e os seus olhos verão os dele
og Sidkia, Juda-kongen, skal ikkje sleppa or henderne på kaldæarane, men han skal til vissa verta gjeven i henderne på Babel-kongen, og tala med honom, munn mot munn, og sjå honom, auga mot auga,
5 E levará Zedekias para Babilônia, e ali estará, até que eu visite, diz o Senhor, e, ainda que pelejeis contra os caldeus, não ganhareis?)
og til Babel skal han føra Sidkia, og der skal han vera til eg vitjar honom, segjer Herren; når de strider mot kaldæarane, skal lukka ikkje fylgja dykk.»»
6 Disse pois Jeremias: veio a mim a palavra do Senhor, dizendo:
Og Jeremia sagde: «Herrens ord kom til meg; han sagde:
7 Eis que Hanameel, filho de Sallum, teu tio, virá a ti, dizendo: Compra para ti a minha herdade que está em Anathot, pois tens o direito de resgate para compra-la.
Sjå, Hanamel, son åt Sallum, farbror din, kjem til deg og segjer: «Kjøp deg jordi mi i Anatot! For du hev odelsretten til å løysa henne.»»
8 Veio pois a mim Hanameel, filho de meu tio, segundo a palavra do Senhor, ao pátio da guarda, e me disse: Compra agora a minha herdade que está em Anathot, que está na terra de Benjamin; porque tens o direito hereditário, e tens o resgate; compra-a para ti. Então entendi que isto era a palavra do Senhor.
Og Hanamel, son åt farbror min, kom etter Herrens ord til meg i vaktgarden og sagde med meg: «Kjøp jordi mi som er i Anatot i Benjaminslandet! For du hev odelsretten, og du hev skyldnaden til å løysa. Kjøp då!» Då skyna eg at det var ord frå Herren.
9 Comprei pois a herdade de Hanameel, filho de meu tio, a qual está em Anathot; e pesei-lhe o dinheiro, dezesete siclos de prata.
Og eg kjøpte jordi av Hanamel, son åt farbror min, i Anatot, og vog sylvet åt honom, syttan sylvdalar.
10 E subscrevi o auto, e selei-o, e o fiz testificar por testemunhas: e pesei-lhe o dinheiro numa balança.
So skreiv eg det i eit kjøpebrev og sette innsigle på og tok vitne og vog sylvet på ei skålvegt.
11 E tomei o auto da compra, tanto o selado, conforme o mandado e os estatutos, como o aberto.
Sidan tok eg kjøpebrevet, det innsigla, med avtalen og skilordi, og det opne,
12 E dei o auto da compra a Baruch, filho de Nerias, filho de Maaseias, perante os olhos de Hanameel, filho de meu tio, e perante os olhos das testemunhas, que subscreveram o conhecimento da compra, e perante os olhos de todos os judeus que se assentavam no pátio da guarda.
og eg gav kjøpebrevet til Baruk, son åt Neria Mahsejason, for augo på Hanamel, frenden min, og for augo på vitni som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei jødarne som sat i vaktgarden.
13 E dei ordem a Baruch, perante os olhos deles, dizendo:
Og eg bad Baruk for augo på deim og sagde:
14 Assim diz o Senhor dos exércitos, o Deus de Israel: Toma estes autos, este auto de compra, tanto o selado, como o aberto, e mete-os num vaso de barro, para que se possam conservar muitos dias,
«So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Tak desse brevi, både kjøpebrevet med innsigle og det opne brevet, og legg deim i ei leirkrukka, so dei kann standa seg i lang tid!
15 Porque assim diz o Senhor dos exércitos, o Deus de Israel: Ainda se comprarão casas, e campos, e vinhas nesta terra.
For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Enn skal det verta kjøpt hus og jorder og vinhagar i dette landet.»
16 E depois que dei o auto da compra a Baruch, filho de Nerias, orei ao Senhor, dizendo:
Då eg so hadde gjeve Baruk Neriason kjøpebrevet, bad eg til Herren og sagde:
17 Ah Senhor Jehovah! eis que tu fizeste os céus e a terra com a tua grande potência, e com o teu braço estendido: não te é maravilhosa coisa alguma:
Å Herre, Herre! Sjå, du hev gjort himmelen og jordi med di store magt og med din strake arm; ingen ting er for vand for deg,
18 Que usas de benignidade com milhares, e rendes a maldade dos pais no seio dos filhos depois deles: o grande, o poderoso Deus cujo nome é o Senhor dos exércitos:
du som gjer miskunn mot tusund på tusund, og for misgjerdi åt federne gjev du borni deira etter deim att uppi fanget, du store, velduge Gud - Herren, allhers drott, er namnet ditt -
19 Grande em conselho, e magnífico em feito; porque os teus olhos estão abertos sobre todos os caminhos dos filhos dos homens, para dar a cada um segundo os seus caminhos e segundo o fruto das suas obras:
stor i råd og megtig i verk, du som hev augo dine opne yver alle vegarne åt mannsborni, so du kann gjeva kvar mann etter hans veg og etter den grøda hans verk hev bore,
20 Que puseste sinais e maravilhas na terra do Egito até ao dia de hoje, tanto em Israel, como entre os outros homens, e te fizeste um nome, qual tu tens neste dia.
du som gjorde teikn og under i Egyptarlandet alt til denne dag, både i Israel og med andre menneskje, og gjorde deg namnfræg, so som du er enno i dag.
21 E tiraste o teu povo Israel da terra do Egito, com sinais e com maravilhas, e com mão forte, e com braço estendido, e com grande espanto,
Og du førde ditt folk ut or Egyptarlandet med teikn og med under og med sterk hand og strak arm og med stor fælska.
22 E lhes deste esta terra, que juraste a seus pais que lhes havias de dar: terra que mana leite e mel.
Og du gav deim dette landet som du hadde svore federne deira å gjeva deim, eit land som fløymer med mjølk og honning.
23 E entraram nela, e a possuiram, porém não obedeceram à tua voz, nem andaram na tua lei; tudo o que lhes mandaste que fizessem, eles não o fizeram; pelo que fizeste que lhes sucedesse todo este mal
Og dei kom og tok det til eiga, men dei høyrde ikkje på di røyst og ferdast ikkje etter loverne dine. Dei gjorde ikkje noko av det du hadde bode deim å gjera. Då let du all denne ulukka koma på deim.
24 Eis aqui os valados! já vieram contra a cidade para toma-la, e a cidade está dada na mão dos caldeus, que pelejam contra ela, por causa da espada, e da fome, e da pestilência; e o que falaste se ez, e eis aqui o estás presenciando.
Sjå, umlægringsvollarne er alt komne innåt byen, so dei kann taka honom, og ved sverd og svolt og sott er byen gjeven i henderne på kaldæarane, som strider imot honom. So no er det kome det du truga med, og sjå, du ser det.
25 Contudo tu me disseste, Senhor Jehovah: Compra para ti o campo por dinheiro, e faze que o testifiquem testemunhas, posto que a cidade esteja já dada na mão dos caldeus.
Og like vel hev du, Herre, Herre, sagt med meg: «Kjøp deg jordi for sylv og tak vitne på det!» - endå byen er gjeven i henderne på kaldæarane.
26 Então veio a palavra do Senhor a Jeremias, dizendo:
Då kom Herrens ord til Jeremia; han sagde:
27 Eis que eu sou o Senhor Deus de toda a carne: porventura ser-me-ia coisa alguma maravilhosa?
Sjå, eg er Herren, all kjøts Gud: skulde nokon ting vera for vand for meg?
28 Portanto assim diz o Senhor: Eis que eu entrego esta cidade na mão dos caldeus, e na mão de Nabucodonozor, rei de Babilônia, e toma-la-á.
Difor, so segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på kaldæarane og i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og han skal taka honom.
29 E os caldeus, que pelejam contra esta cidade, entrarão nela, porão fogo a esta cidade, e queimarão juntamente as casas sobre cujos terraços queimarão incenso a Baal e oferecerão libações a outros deuses, para me provocarem à ira.
Og kaldæarane, som strider mot denne byen, skal koma og setja eld på denne byen og brenna honom med dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt Ba’al og rent ut drykkoffer for andre gudar til å harma meg med.
30 Porque os filhos de Israel e os filhos de Judá não fizeram senão mal aos meus olhos, desde a sua mocidade; porque os filhos de Israel somente me provocaram à ira com as obras das suas mãos, diz o Senhor.
For Israels born og Judas born hev berre gjort det som vondt er framfor augo mine, alt frå si ungdomstid, ja, Israels born hev berre harma meg med dei verk deira hender hev gjort, segjer Herren.
31 Porque para a minha ira e para o meu furor me foi esta cidade, desde o dia em que a edificaram, e até ao dia de hoje, para que a tirasse da minha face;
For denne byen hev vore til å gjera meg vreid og harm ifrå den dagen dei bygde honom, og alt fram til denne dag, so eg lyt taka honom burt frå mi åsyn
32 Por toda a maldade dos filhos de Israel, e dos filhos de Judá, que fizeram, para me provocarem à ira, assim ele como os seus reis, os seus príncipes, os seus sacerdotes, e os seus profetas, como também os homens de Judá e os moradores de Jerusalém.
for all vondskapen som Israels born og Judas born hev gjort til å harma meg med, dei sjølve, deira kongar, deira hovdingar, deira prestar og deira profetar, Juda-menner og Jerusalems-buar.
33 E me viraram as costas, e não o rosto: ainda que eu os ensinava, madrugando e ensinando-os, contudo eles não ouviram, para receberem o ensino.
Og dei snudde ryggen til meg og ikkje andlitet, og endå eg lærde dei jamt og samt, so høyrde dei ikkje, so dei tok age.
34 Antes puseram as suas abominações na casa que se chama pelo meu nome, para a profanarem.
Men dei sette sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, so dei sulka det ut.
35 E edificaram os altos de Baal, que estão no vale do filho de Hinnom, para fazerem que seus filhos e suas filhas passassem pelo fogo a Moloch; o que nunca lhes ordenei, nem subiu ao meu coração, que fizessem tal abominação; para fazerem pecar a Judá.
Og dei bygde dei Ba’al-haugarne som er i Hinnomssons-dalen, for dei vilde lata sønerne og døtterne sine ganga gjenom elden for Molek - slikt hadde eg då ikkje påbode, og aldri var det kome meg i hugen at dei skulde gjera slikt eit skjemdarverk og soleis få Juda til å synda.
36 E por isso agora assim diz o Senhor o Deus de Israel, acerca desta cidade, da qual vós dizeis: Já está dada na mão do rei de Babilônia, à espada, e à fome, e à pestilência:
Og no, difor, segjer Herren, Israels Gud, um denne byen som de segjer sofalne ord um: «Han er gjeven i henderne på Babel-kongen ved sverd og svolt og sott»:
37 Eis que eu os congregarei de todas as terras, para onde os houver lançado na minha ira, e no meu furor, e na minha grande indignação; e os tornarei a trazer a este lugar, e farei que habitem nele seguramente.
Sjå, eg samlar deim ut or alle dei landi som eg hev drive deim til i min vreide og harm og store gram, og eg vil lata deim snu attende til denne staden og bu her trygge.
38 E me serão por povo, e eu lhes serei por Deus.
Då skal dei vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
39 E lhes darei um mesmo coração, e um mesmo caminho, para que me temam todos os dias, para seu bem, e de seus filhos, depois deles.
Og eg vil gjeva deim eitt hjarta og ein veg, so dei ottast meg alle dagar, til bate for deim sjølve og sønerne deira etter deim.
40 E farei com eles um concerto eterno, que não tornarei de após eles, para fazer-lhes bem; e porei o meu temor no seu coração, para que nunca se apartem de mim
Og eg vil gjera ei ævepakt med deim, at eg aldri skal snu ifrå deim med mine velgjerningar mot deim, og eg vil leggja otte for meg i deira hjarta, so dei ikkje skal vika frå meg.
41 E alegrar-me-ei deles, fazendo-lhes bem; e os plantarei nesta terra certamente, com todo o meu coração e com toda a minha alma.
Og eg vil fagna meg yver deim og gjera vel imot deim, og eg vil planta deim i dette landet med truskap, av alt mitt hjarta og av all mi sjæl.
42 Porque assim diz o Senhor: Como eu trouxe sobre este povo todo este grande mal, assim eu trarei sobre ele todo o bem que eu falo a respeito dele.
For so segjer Herren: Liksom eg hev late all denne store ulukka koma yver dette folket, soleis vil eg og lata alt det gode koma yver deim, som eg hev lova deim.
43 E comprar-se-ão campos nesta terra, da qual vós dizeis: Já está tão deserta, que não há nela nem homem nem animal; está dada na mão dos caldeus.
Og jorder skal verta kjøpte i dette landet som de kallar «ei audn utan folk og fe, gjevi i henderne på kaldæarane».
44 Comprarão campos por dinheiro, e subscreverão os autos, e os selarão, e farão que testifiquem testemunhas na terra de Benjamin, e nos contornos de Jerusalém, e nas cidades de Judá, e nas cidades das montanhas, e nas cidades das planícies, e nas cidades do sul; porque os farei voltar do seu cativeiro, diz o Senhor.
Jorder skal dei kjøpa for sylv og skriva kjøpebrev med innsigle på og vitne til i Benjaminslandet og i umkverven kring Jerusalem og i Juda-byarne, både i fjellbyarne og i byarne på flatlendet og i Sudlandet. For eg vil gjera ende på deira utlægd, segjer Herren.