< 2 Crônicas 29 >

1 Tinha Ezequias vinte e cinco anos de idade, quando começou a reinar e reinou vinte e nove anos em Jerusalém: e era o nome de sua mãe Abia, filha de Zacarias.
Hizkia vart konge då han var tjuge år gamall, og ni og tjuge år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Abia og var dotter åt Zakarja.
2 E fez o que era reto aos olhos do Senhor, conforme a tudo quanto fizera David seu pai.
Han gjorde det som rett var i Herrens augo, nett som David, far hans, hadde gjort.
3 Este, no ano primeiro do seu reinado, no mês primeiro, abriu as portas da casa do Senhor, e as reparou.
I den fyrste månaden i det fyrste styringsåret sitt let han opna dørerne til Herrens hus og sette deim i stand.
4 E trouxe os sacerdotes, e os levitas, e os ajuntou na praça oriental,
So let han prestarne og levitarne koma og stemnde deim saman på den opne plassen mot aust.
5 E lhes disse: Ouvi-me, ó levitas, santificai-vos agora, e santificai a casa do Senhor, Deus de vossos pais, e tirai do santuário a imundícia.
Og han sagde til deim: «Høyr på meg, de levitar! No skal de helga dykk sjølve, og deretter skal de helga huset åt Herren, dykkar fedregud, og føra ureinskapen ut or heilagdomen.
6 Porque nossos pais transgrediram, e fizeram o que era mal aos olhos do Senhor nosso Deus, e o deixaram; e desviaram os seus rostos do tabernáculo do Senhor, e lhe deram as costas.
For federne våre hev vore utrugne og hev gjort det som vondt var for augo åt Herren, vår Gud; dei hev gjenge burt ifrå honom, hev vendt si åsyn burt ifrå Herrens hus og snutt ryggen til det.
7 Também fecharam as portas do alpendre, e apagaram as lâmpadas, e não queimaram incenso nem ofereceram holocaustos no santuário, ao Deus de Israel.
Dei hev og stengt dørerne til forhalli, hev sløkt lamporne; ikkje kveikt røykjelse eller ofra brennoffer i heilagdomen åt Israels Gud.
8 Pelo que veio grande ira do Senhor sobre Judá e Jerusalém, e os entregou à perturbação, à assolação, e ao assobio, como vós o estais vendo com os vossos olhos.
Difor kom Herrens harm yver Juda og Jerusalem, og han gjorde deim til eit skræmsel, ei fæla og eit åtløgje, som de ser med eigne augo.
9 Porque eis que nossos pais cairam à espada, e nossos filhos, e nossas filhas, e nossas mulheres por isso estiveram em cativeiro.
Til straff for dette er federne våre falne for sverdet, og sønerne og døtterne og konorne våre er hertekne.
10 Agora me tem vindo ao coração, que façamos um concerto com o Senhor, Deus de Israel; para que se desvie de nós o ardor da sua ira
Difor hev eg no sett meg fyre at eg vil gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, so hans brennande harm må venda seg ifrå oss.
11 Agora, filhos meus, não sejais negligentes; pois o Senhor vos tem escolhido para estardes diante dele para o servirdes, e para serdes seus ministros e queimadores de incenso.
Lat det difor ikkje skorta dykk på ihuge, sønerne mine, for dykk hev Herren valt ut til å standa for hans åsyn og tena honom og vera tenarane hans og kveikja røykjelse for honom.»
12 Então se levantaram os levitas, Mahath, filho d'Amasai, e Joel filho de Azarias, dos filhos dos kohathitas: e dos filhos de Merari, Kis, filho d'Abdi, e Azarias, filho de Jehalelel: e dos gersonitas, Joah, filho de Zimma, e Éden filho de Joah;
Då reiste levitarne seg: Mahat Amasaison og Joel Azarjason av kahatitsønerne; av Merari-sønerne Kis Abdison, og Azarja Jehallelelsson, og av gersonitarne Joah Zimmason, og Eden Joahsson.
13 E dentre os filhos de Elisaphan, Simri e Jeiel: dentre os filhos d'Asaph, Zacarias e Matthanias:
Av Elisafans-sønerne Simri og Je’uel, og av Asafs-sønerne Zakarja og Mattanja,
14 E dentre os filhos d'Heman, Jehiel e Simei: e dentre os filhos de Jeduthun, Semaias e Uziel.
og av Hemans-sønerne Jehuel og Sime’i, og av Jedutuns-sønerne Semaja og Uzziel.
15 E ajuntaram a seus irmãos, e santificaram-se e vieram conforme ao mandado do rei, pelas palavras do Senhor, para purificarem a casa do Senhor.
Dei samla brørne sine, og dei helga seg, og sidan gjekk dei inn for å reinsa Herrens hus, so som kongen hadde bode etter fyresegnerne frå Herren.
16 E os sacerdotes entraram dentro da casa do Senhor, para a purificar, e tiraram para fora, ao pátio da casa do Senhor, toda a imundícia que acharam no templo do Senhor: e os levitas a tomaram, para a levarem para fora, ao ribeiro de Cedron.
Og prestarne gjekk inn det indre av Herrens hus og reinsa det, og alt det ureine som dei fann i Herrens tempel, førde dei ut i tunet ved Herrens hus; der tok levitarne imot det og førde det ut i Kidronsdalen.
17 Começaram pois a santificar ao primeiro do mês primeiro: e ao oitavo dia do mês vieram ao alpendre do Senhor, e santificaram a casa do Senhor em oito dias: e no dia décimo sexto do primeiro mês acabaram.
Den fyrste dagen i den fyrste månaden tok dei til å helga, og den åttande dagen i månaden gjekk dei inn i Herrens forhall og helga Herrens hus i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med det.
18 Então entraram para dentro, ao rei Ezequias, e disseram: Já purificamos toda a casa do Senhor, como também o altar do holocausto com todos os seus vasos e a mesa da proposição com todos os seus vasos.
So gjekk dei inn til kong Hizkia og sagde: «No hev me reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret og alt som til høyrer, og skodebrødsbordet og alt som til høyrer.
19 Também todos os vasos que o rei Achaz no seu reinado lançou fora, na sua transgressão, já preparamos e santificamos: e eis que estão diante do altar do Senhor
Alle dei reidskaparne som kong Ahaz hev vanhelga i sin utruskap medan han var konge, deim hev me sett i stand og helga, og no stend dei framfyre Herrens altar.»
20 Então o rei Ezequias se levantou de madrugada, e ajuntou os maiorais da cidade, e subiu à casa do Senhor.
Tidleg um morgonen samla kong Hizkia dei øvste i byen og gjekk upp til Herrens hus.
21 E trouxeram sete novilhos e sete carneiros, e sete cordeiros, e sete bodes, para sacrifício pelo pecado, pelo reino, e pelo santuário, e por Judá, e disse aos filhos de Aarão, os sacerdotes, que os oferecessem sobre o altar do Senhor.
Og dei førde fram sju uksar, sju verar, sju lamb og sju geitebukkar til syndoffer for kongeriket og heilagdomen og Juda; og han baud Arons-sønerne, prestarne, å ofra deim på Herrens altar.
22 E eles mataram os bois, e os sacerdotes tomaram o sangue e o espargiram sobre o altar: também mataram os carneiros, e espargiram o sangue sobre o altar: semelhantemente mataram os cordeiros, e espargiram o sangue sobre o altar.
Dei slagta då uksane, og prestarne tok imot blodet og skvette det på altaret; so slagta dei verarne og skvette blodet på altaret, so slagta dei lambi og skvette blodet på altaret.
23 Então trouxeram os bodes para sacrifício pelo pecado, perante o rei e a congregação, e lhes impuzeram as suas mãos.
Sidan førde dei syndofferbukkarne fram for kongen og lyden, og dei lagde henderne sine på deim,
24 E os sacerdotes os mataram, e com o seu sangue fizeram expiação do pecado sobre o altar, para reconciliar a todo o Israel: porque o rei tinha ordenado que se fizesse aquele holocausto e sacrifício pelo pecado, por todo o Israel.
so slagta prestarne dei og hadde blodet deira på altaret til syndoffer, til soning for heile Israel; for kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulde vera for heile Israel.
25 E pôs os levitas na casa do Senhor com címbalos, com alaúdes, e com harpas, conforme ao mandado de David e de Gad, o vidente do rei, e do profeta Nathan: porque este mandado veio do Senhor, por mão de seus profetas.
Og han stelte upp levitarne i Herrens hus med cymblar, harpor og cithrar, soleis som David, Gad, sjåaren åt kongen, og profeten Natan hadde bode; for bodet um dette hadde Herren gjeve gjenom profetarne sine.
26 Estavam pois os levitas em pé com os instrumentos de David, e os sacerdotes com as trombetas.
Levitarne stod med Davids spelgogner, og prestarne med lurarne.
27 E deu ordem Ezequias que oferecessem o holocausto sobre o altar, e ao tempo em que começou o holocausto, começou também o canto do Senhor, com as trombetas e com os instrumentos de David, rei de Israel.
Og Hizkia baud at brennofferet skulde ofrast på altaret, og då ofringi tok til, byrja songen for Herren, og lurarne, medan spelgognerne åt David, Israels konge, styrde songen.
28 E toda a congregação se prostrou, quando cantavam o canto, e as trombetas se tocavam: tudo isto até o holocausto se acabar.
Då kasta heile lyden seg til jordi medan songen tona og lurarne let, og alt dette varde til ofringi var til endes.
29 E acabando de o oferecer, o rei e todos quantos com ele se acharam se prostraram e adoraram.
Då dei var ferdige med ofringi, fall kongen på kne og alle dei som var til stades med honom, og dei bad.
30 Então disse o rei Ezequias, e os maiorais, aos levitas que louvassem ao Senhor com as palavras de David, e d'Asaph, o vidente. E o louvaram com alegria e se inclinaram e adoraram.
So baud kong Hizkia og hovdingarne at levitarne skulde syngja Herrens lov med ordi åt David og sjåaren Asaf, og dei song lovsongen med fagnad og bøygde seg og bad.
31 E respondeu Ezequias, e disse: Agora vos consagrastes a vós mesmos ao Senhor; chegai-vos e trazei sacrifícios e ofertas de louvor à casa do Senhor. E a congregação trouxe sacrifícios e ofertas de louvor, e todo o voluntário de coração, holocaustos.
Hizkia tok då til ords og sagde: «No hev de vigt dykk til Herren; kom då fram og før slagtofferi og lovofferi til Herrens hus!» Då førde lyden fram slagtoffer og lovoffer, og kvar ein som vart driven til det i hjarta sitt, førde fram brennoffer.
32 E o número dos holocaustos, que a congregação trouxe, foi de setenta bois, cem carneiros, duzentos cordeiros: tudo isto em holocausto para o Senhor.
Dei brennofferi som lyden førde fram, var sytti uksar, hundrad verar og tvo hundrad lamb; alle dei var brennoffer for Herren.
33 Houve, também de coisas consagradas, seiscentos bois e três mil ovelhas.
Og heilagofferi var seks hundrad uksar og tri tusund sauer.
34 Eram porém os sacerdotes mui poucos, e não podiam esfolar a todos os holocaustos; pelo que seus irmãos os levitas os ajudaram, até a obra se acabar, e até que os outros sacerdotes se santificaram; porque os levitas foram mais retos de coração, para se santificarem, do que os sacerdotes.
Men det var ikkje mange nok av prestarne til å flå alle brennofferi, og brørne deira, levitarne, hjelpte deim difor med det, til arbeidet var fullgjort, og til dess alle prestarne hadde helga seg; for levitarne synte ein ærlegare vilje til å helga seg enn prestarne.
35 E houve também holocaustos em abundância, com a gordura das ofertas pacíficas, e com as ofertas de licor para os holocaustos. Assim se estabeleceu o ministério da casa do Senhor.
Dessutan var det ei mengd med brennoffer og attåt deim feittstykki av takkofferi og dei drykkofferi som høyrde til brennofferi. Soleis fekk dei i stand tenesta i Herrens hus.
36 E Ezequias, e todo o povo se alegraram, de que Deus tinha preparado o povo; porque apressuradamente se fez esta obra.
Og Hizkia og heile folket gledde seg yver det som Gud hadde gjort for folket; for alt dette gjekk fyre seg med eit slag.

< 2 Crônicas 29 >