< 1 Crônicas 28 >
1 Então David convocou em Jerusalém todos os príncipes de Israel, os príncipes das tribos, e os capitães das turmas, que serviam o rei, e os capitães dos milhares, e os capitães das centenas, e os maiorais de toda a fazenda e possessão do rei, e de seus filhos, como também os eunucos e varões, e todo o varão valente.
Og David kalla i hop alle Israels hovdingar til Jerusalem, ættarhovdingarne, hovdingarne yver herskifti som tente kongen, og hovudsmennerne yver tusund og yver hundrad, og tilsynsmennerne yver all eiga og buskapen åt kongen og sønerne hans, og dertil hirdmennerne og kjemporne og alle djerve hermenner.
2 E pôs-se o rei David em pé, e disse: Ouvi-me, irmãos meus, e povo meu: Em meu coração propuz eu edificar uma casa de repouso para a arca do concerto do Senhor e para o escabelo dos pés do nosso Deus, e eu tinha feito o preparo para a edificar.
Og kong David reis upp og sagde: «Høyr på meg, brørne mine, og folket mitt! Eg hadde tenkt meg til å byggja eit hus til kvilestad for Herrens sambandskista og for fotskammelen åt vår Gud, og eg hadde rådt meg byggjevyrke.
3 Porém Deus me disse: Não edificarás casa ao meu nome, porque és homem de guerra, e derramaste muito sangue.
Men Gud sagde til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein hermann og hev rent ut blod.»
4 E o Senhor Deus de Israel escolheu-me de toda a casa de meu pai, para que eternamente fosse rei sobre Israel; porque a Judá escolheu por príncipe, e a casa de meu pai na casa de Judá: e entre os filhos de meu pai se agradou de mim para me fazer reinar sobre todo o Israel.
Men Herren, Israels Gud, valde like vel meg ut or heile farsætti mi til å vera konge yver Israel i all æva; for Juda valde han ut til å vera fyrste, og or Judas hus min fars hus, og millom sønerne åt far min hadde han hugnad i meg, og gjorde meg til konge yver Israel.
5 E, de todos os meus filhos (porque muitos filhos me deu o Senhor), escolheu ele o meu filho Salomão para se assentar no trono do reino do Senhor sobre Israel.
Og av alle sønerne mine - for Herren hev gjeve meg mange søner - valde han ut Salomo, son min, til å sitja i Herrens kongsstol yver Israel.
6 E me disse: Teu filho Salomão, ele edificará a minha casa e os meus átrios; porque o escolhi para filho, e eu lhe serei por pai.
Og han sagde til meg: «Salomo, son din, er den som skal byggja huset mitt og fyregardarne mine; for honom hev eg kåra ut til son min, og eg skal vera far hans.
7 E estabelecerei o seu reino para sempre, se perseverar em cumprir os meus mandamentos e os meus juízos, como até ao dia de hoje.
Og eg skal grunnfesta kongedømet hans for all tid, i fall han er stød til å halda bodi og loverne mine liksom no.»
8 Agora, pois, perante os olhos de todo o Israel, a congregação do Senhor, e perante os ouvidos do nosso Deus, guardai e buscai todos os mandamentos do Senhor vosso Deus, para que possuais esta boa terra, e a façais herdar a vossos filhos depois de vós, para sempre.
Og no segjer eg framfor heile Israel, Herrens lyd, og for vår Gud, som høyrer det: «Haldt alle bodi frå Herren, dykkar Gud, og spør etter deim, so de kann få hava dette gode landet og lata det ganga i arv åt borni dykkar til æveleg tid!»
9 E tu, meu filho Salomão, conhece o Deus de teu pai, e serve-o com um coração perfeito e com uma alma voluntária; porque esquadrinha o Senhor todos os corações, e entende todas as imaginações dos pensamentos: se o buscares, será achado de ti; porém, se o deixares, rejeitar-te-á para sempre.
Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.
10 Olha pois agora, porque o Senhor te escolheu para edificares uma casa para o santuário; esforça-te, e faze a obra.
So sjå deg no fyre; for Herren hev kåra deg ut til å byggja eit hus åt heilagdomen. Ver sterk og tak fat på verket!»
11 E deu David a Salomão, seu filho, o risco do alpendre com as suas casarias, e as suas tesourarias, e os seus cenáculos, e as suas recâmaras de dentro, como também da casa do propiciatório.
Og David gav Salomo, son sin, eit bilæte av forhalli og tempelbygnaderne og buderne, yversalarne og innromi og romet åt nådestolen,
12 E também o risco de tudo quanto tinha no seu ânimo, a saber; dos átrios da casa do Senhor, e de todas as câmaras do redor, para os tesouros da casa de Deus, e para os tesouros das coisas sagradas:
og eit bilæte av alt det som leika i hugen hans, av tuni åt Herrens hus, og alle kovarne rundt ikring for skattarne som høyrde Guds hus til, og for dei ting som var vigde åt Herren,
13 E das turmas dos sacerdotes, e dos levitas, e de toda a obra do ministério da casa do Senhor, e de todos os vasos do ministério da casa do Senhor.
og fyreskrifter um presteskifti og levitskifti og um all tenesta i Herrens hus, og um alle kjeraldi som skulde brukast ved gudstenesta i Herrens hus,
14 O ouro deu, segundo o peso do ouro, para todos os vasos de cada ministério: também a prata, por peso, para todos os vasos de prata, para todos os vasos de cada ministério:
og um gullet med uppgåva på den gullvegti som kvart kjerald til gudstenesta heldt, og um all sylvkjerald med uppgåva på vegti som kvart kjerald til tenesta heldt.
15 E o peso para os castiçais de ouro, e suas candeias de ouro, segundo o peso de cada castiçal e as suas candeias: também para os castiçais de prata, segundo o peso do castiçal e as suas candeias, segundo o ministério de cada castiçal.
Og han gav upp vegti på gull-ljosestakarne med gull-lamporne som til høyrde, serskilt for kvar stake og lampa, og vegti på kvar sylvljosestake med lamporne som til høyrde, etter det kvar stake skulde brukast til,
16 Também deu o ouro por peso para as mesas da proposição, para cada mesa: como também a prata para as mesas de prata.
like eins vegti på gullet til skodebrødsbordi, kvart bord for seg, og sylvet til sylvbordi.
17 E ouro puro para os garfos, e para as bacias, e para as escudelas, e para as taças de ouro, para cada taça seu peso; como também para as taças de prata, para cada taça seu peso.
Og han gav honom fyreskrifter um gaflarne og skålerne og kannorne av skirt gull, og um gullstaupi og sylvstaupi, og gav upp vegti på kvart gullstaup og sylv staup,
18 E para o altar do incenso, ouro purificado, por seu peso: como também o ouro para o modelo do carro, a saber, dos cherubins, que haviam de estender as asas, e cobrir a arca do concerto do Senhor.
og um røykjelsealtaret av reinsa gull etter vegt, og eit bilæte av vogni, gullkerubarne som breidde ut vengjerne og hylde Herrens sambandskista.
19 Tudo isto, disse David, por escrito me deram a entender por mandado do Senhor, a saber, todas as obras deste risco.
«Um alt dette, » sagde David, «som skal gjerast etter bilæte, hev Herren rettleidt meg i ei skrift frå si hand.»
20 E disse David a Salomão seu filho: Esforça-te e tem bom ânimo, e obra; não temas, nem te espavoreças; porque o Senhor Deus, meu Deus, há de ser contigo; não te deixará, nem te desamparará, até que acabes toda a obra do serviço da casa do Senhor.
Og David sagde til Salomo, son sin: «Ver sterk og stød og tak fat på verket; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla. For Gud Herren, min Gud, skal vera med deg. Han vil ikkje sleppa deg og slå handi av deg, fyrr det er fullført, alt arbeidet som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.
21 E eis que ai tens as turmas dos sacerdotes e dos levitas para todo o ministério da casa de Deus: estão também contigo, para toda a obra, voluntários com sabedoria de toda a espécie para todo o ministério; como também todos os príncipes, e todo o povo, para todos os teus mandados.
Og sjå, her er alle skifti av prestar og levitar, som skal gjera allskyns tenesta i Guds hus. Og til alt som skal gjerast, hev du hjå deg alle slag folk som er viljuge og hev fenge visdom til alle slag arbeid; dessutan er hovdingarne og alt folket reiduge til alt det du segjer deim fyre.»