< Sakarias 1 >

1 I den åttande månaden i andre styringsåret åt Darius kom Herrens ord til profeten Zakarja, son til Berekja, son til Iddo; han sagde:
in mense octavo in anno secundo Darii factum est verbum Domini ad Zacchariam filium Barachiae filium Addo prophetam dicens
2 Ofseleg harm var Herren på federne dykkar.
iratus est Dominus super patres vestros iracundia
3 Seg difor no til deim: So segjer Herren, allhers drott: Vend um til meg, segjer Herren, allhers drott, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers drott.
et dices ad eos haec dicit Dominus exercituum convertimini ad me ait Dominus exercituum et convertar ad vos dicit Dominus exercituum
4 Ver ikkje like federne dykkar som dei fyrre profetarne varsla med desse ordi: «So segjer Herren, allhers drott: Vend då um frå dei vonde vegarne dykkar og dei vonde gjerningarne dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.
ne sitis sicut patres vestri ad quos clamabant prophetae priores dicentes haec dicit Dominus exercituum convertimini de viis vestris malis et cogitationibus vestris pessimis et non audierunt neque adtenderunt ad me dicit Dominus
5 Federne dykkar, kvar er dei? Og profetarne, kann dei liva til æveleg tid?
patres vestri ubi sunt et prophetae numquid in sempiternum vivent
6 Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud mine tenarar, profetarne, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sagde: «Som Herren, allhers drott, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss.»
verumtamen verba mea et legitima mea quae mandavi servis meis prophetis numquid non conprehenderunt patres vestros et conversi sunt et dixerunt sicut cogitavit Dominus exercituum facere nobis secundum vias nostras et secundum adinventiones nostras fecit nobis
7 På den fire og tjugande dagen i ellevte månaden - det er månaden sebat - i andre styringsåret åt Darius, kom Herrens ord til profeten Zakarja, son til Berekja, son til Iddo, soleis:
in die vicesima et quarta undecimo mense sabath in anno secundo Darii factum est verbum Domini ad Zacchariam filium Barachiae filium Addo prophetam dicens
8 Ei syn hadde eg um natti: Ein mann ridande på ein raud hest; han stod still millom myrtetrei i dalbotnen, og attanfor han stod raude, brune og kvite hestar.
vidi per noctem et ecce vir ascendens super equum rufum et ipse stabat inter myrteta quae erant in profundo et post eum equi rufi varii et albi
9 Då spurde eg: «Kva er dette, herre?» Og engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva dette er.»
et dixi quid sunt isti domine mi et dixit ad me angelus qui loquebatur in me ego ostendam tibi quid sint haec
10 Mannen millom myrtetrei tok då til ords og sagde: Dette er dei som Herren hev sendt ut til å fara ikring på jordi.»
et respondit vir qui stabat inter myrteta et dixit isti sunt quos misit Dominus ut perambularent terram
11 Og dei tok til ords og svara Herrens engel som stod millom myrtetrei: «Me hev fare ikring på jordi, og me hev set at heile jordi kviler i fred og ro.»
et responderunt angelo Domini qui stabat inter myrteta et dixerunt perambulavimus terram et ecce omnis terra habitatur et quiescit
12 Då tok Herrens engel til ords og sagde: «Herre, allhers drott! Kor lenge vil du drygja fyrr du gjer miskunn mot Jerusalem og byarne i Juda, som du hev harmast på no i sytti år?»
et respondit angelus Domini et dixit Domine exercituum usquequo tu non misereberis Hierusalem et urbium Iuda quibus iratus es iste septuagesimus annus est
13 Herren svara då engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.
et respondit Dominus angelo qui loquebatur in me verba bona verba consolatoria
14 Og engelen som tala med meg, sagde til meg: «Dette skal du forkynna: So segjer Herren, allhers drott: Eg er brennande ihuga for Jerusalem og Sion,
et dixit ad me angelus qui loquebatur in me clama dicens haec dicit Dominus exercituum zelatus sum Hierusalem et Sion zelo magno
15 og gruveleg vreid er eg på dei sjølv-trygge heidningfolki; for eg var berre litegrand vreid; men dei auka ulukka.
et ira magna ego irascor super gentes opulentas quia ego iratus sum parum ipsi vero adiuverunt in malum
16 Difor segjer Herren so: Eg vil atter venda meg til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers drott, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.
propterea haec dicit Dominus revertar ad Hierusalem in misericordiis domus mea aedificabitur in ea ait Dominus exercituum et perpendiculum extendetur super Hierusalem
17 Framleides skal du forkynna: So segjer Herren, allhers drott: Endå ein gong skal byarne mine fløyma yver av det som godt er, endå skal Herren trøysta Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem.»
adhuc clama dicens haec dicit Dominus exercituum adhuc affluent civitates meae bonis et consolabitur Dominus adhuc Sion et eliget adhuc Hierusalem
18 So lyfte eg upp augo mine og fekk sjå fire horn.
et levavi oculos meos et vidi et ecce quattuor cornua
19 Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kva er dette?» Og han sagde til meg: «Dette er dei horni som hev spreidt Juda, Israel og Jerusalem.»
et dixi ad angelum qui loquebatur in me quid sunt haec et dixit ad me haec sunt cornua quae ventilaverunt Iudam et Israhel et Hierusalem
20 So let Herren meg sjå fire smedar,
et ostendit mihi Dominus quattuor fabros
21 og eg spurde: «Kva skal desse gjera?» Han svara: «Det var horni som spreidde Juda so at ingen lyfte hovudet sitt. Desse er no komne og skal skræma deim og slå av horni på dei heidningfolki som lyfte horn mot Judalandet til å spreida det.»
et dixi quid isti veniunt facere qui ait dicens haec sunt cornua quae ventilaverunt Iudam per singulos viros et nemo eorum levavit caput suum et venerunt isti deterrere ea ut deiciant cornua gentium quae levaverunt cornu super terram Iuda ut dispergerent eam

< Sakarias 1 >