< Sakarias 8 >

1 Og Herren, allhers drott, sende ordet sitt soleis:
Og den Herre Zebaoths Ord kom til mig saalunde:
2 So segjer Herren, allhers drott: Eg er mykje, mykje ihuga for Sion, ja, med brennande harm er eg ihuga for det.
Saa siger den Herre Zebaoth: Jeg er nidkær for Zion med en stor Nidkærhed, og med en stor Harme er jeg nidkær for den.
3 So segjer Herren: Eg vil venda attende til Sion og taka bustad i Jerusalem, og Jerusalem skal heita «Truskapsbyen» og fjellet åt Herren, allhers drott, «Heilagfjellet».
Saa siger Herren: Jeg vender tilbage til Zion og vil bo midt i Jerusalem, og Jerusalem skal kaldes Sandhedens Stad, og den Herre Zebaoths Bjerg Hellighedens Bjerg.
4 So segjer Herren, allhers drott: Atter skal gamle menner og gamle kvinnor sitja på torgi i Jerusalem, alle med stav i hand for deira alderdom skuld,
Saa siger den Herre Zebaoth: Der skal endnu sidde gamle Mænd og gamle Kvinder paa Jerusalems Gader, og hver med sin Stav i sin Haand for den høje Alders Skyld.
5 og torgi i byen skal vera fulle av gutar og gjentor som leikar seg der på torgi.
Og Stadens Gader skulle være fulde af unge Drenge og Piger, som lege paa dens Gader.
6 So segjer Herren, allhers drott: Um dette kjem til å synast umogelegt for leivningen av dette folket i dei dagar, skulde det då og synast umogelegt for meg? segjer Herren, allhers drott.
Saa siger, den Herre Zebaoth: Naar det vil være underligt for Øjnene af de overblevne af dette Folk i de Dage, mon det da ogsaa vil være underligt for mine Øjne? siger den Herre Zebaoth?
7 So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg skal frelsa folket mitt frå Austerheimen og Vesterheimen
Saa siger den Herre Zebaoth: Se, jeg frelser mit Folk fra Landet imod Østen og fra Landet imod Solens Nedgang.
8 og føra deim heim, og dei skal bu i Jerusalem og vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud i truskap og rettferd.
Og, jeg villade dem komme, og de skulle bo midt i Jerusalem; og de skulle være mit Folk, og jeg vil være deres Gud i Sandhed og i Retfærdighed.
9 So segjer Herren, allhers drott: Lat dykkar hender vera sterke, de som i denne tid høyrer desse ordi av dei same profetarne som tala på den dagen då grunnsteinen vart lagd til huset åt Herren, allhers drott, templet, som skulde byggjast upp!
Saa siger den Herre Zebaoth: Eders Hænder vorde stærke! I, som høre i disse Dage disse Ord af de Profeters Mund, som vare der paa den Dag, da Grundvolden til den Herre Zebaoths Hus til Templet blev lagt, saa at det byggedes!
10 Fyre desse dagarne hadde korkje folk eller fe løn for strævet sitt, og korkje den som gjekk ut eller den som gjekk inn var trygg for fienden; for eg slepte alle menneskje laus på kvarandre.
Thi før hine Dage var der ingen Løn for Menneskene og ingen Løn for Dyrene; og for den, som drog ud, og for den, som drog ind, var ikke Fred for Fjenden; og jeg lod alle Mennesker løs, hver imod sin Næste.
11 Men no vil eg ikkje vera som i dei framfarne tider mot leivningen av dette folket, segjer Herren, allhers drott.
Men hu vil jeg ikke være som i de forrige Dage for det overblevne af dette Folk, siger den Herre Zebaoth.
12 Nei, trygt skal sædet vera: Vintreet skal gjeva si frukt og jordi si grøda, himmelen skal gjeva si dogg, og eg skal gjeva leivningen av dette folket alt dette til eiga.
Thi Fredens Plantning, Vintræet, skal give sin Frugt og Jorden give sin Grøde og Himlene give deres Dug; og jeg vil lade de overblevne af dette Folk arve alle disse Ting.
13 Då skal det henda: liksom de hev vore ei forbanning millom folki, både Judas hus og Israels hus, so vil eg no frelsa dykk, og de skal verta ei velsigning. Ottast ikkje! Lat dykkar hender vera sterke!
Og det skal ske, ligesom I af Judas Hus og af Israels Hus vare en Forbandelse iblandt Hedningerne, saaledes vil jeg nu frelse eder, og I skulle vorde en Velsignelse; frygter ikke, eders Hænder vorde stærke!
14 For so segjer Herren, allhers drott: Liksom eg sette meg fyre å gjera vondt imot dykk, då federne dykkar gjorde meg harm, og eg ikkje angra på det, segjer Herren, allhers drott,
Thi saa siger den Herre Zebaoth: Ligesom jeg tænkte at gøre eder ondt, der eders Fædre fortørnede mig, siger den Herre Zebaoth, og jeg angrede det ikke:
15 soleis hev eg no i desse dagarne sett meg fyre å gjera vel imot Jerusalem og Judas hus. Ottast ikkje!
Saaledes har jeg derimod tænkt i disse Dage at gøre vel imod Jerusalem og Judas Hus; frygter ikke!
16 Dette er det de skal gjera: Tala sanning med kvarandre! Seg rette og fredsæle domar i portarne dykkar!
Disse ere de Ting, som I skulle gøre: Taler Sandhed, hver med sin Næste, dømmer Sandhed og Fredens Dom i eders Porte!
17 Tenk ikkje på vondt mot kvarandre i hjarta dykkar, og hav ikkje hug til rang eid! For alt slikt hatar eg, segjer Herren.
Og optænker ikke ondt, den ene imod den anden, i eders Hjerte, og elsker ikke falsk Ed; thi alle disse Ting, dem hader jeg, siger Herren.
18 Og ordet frå Herren, allhers drott, kom til meg soleis:
Og den Herre Zebaoths Ord kom til mig saaledes:
19 So segjer Herren: Fasta i den fjorde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta Judas hus til frygd og gleda og gilde høgtider. Men elska sanningi og freden!
Saa siger den Herre Zebaoth: Fasten i den fjerde Maaned og Fasten i den femte og Fasten i den syvende og Fasten i den tiende skal blive Judas Hus til Fryd og til Glæde og til gode Højtider; men elsker Sandheden og Freden!
20 So segjer Herren, allhers drott: Endå skal det verta so at folkeslag skal koma, ja, folk frå mange byar,
Saa siger den Herre Zebaoth: Endnu skal det ske, at Folkeslag skulle komme og mange Stæders Indbyggere;
21 og folket i den eine byen skal fara til den andre og segja: «Kom, lat oss ganga av stad og blidka Herren og søkja Herren, allhers drott!» «Eg vil ganga, eg og.»
og den ene Stads Indbyggere skulle gaa til den anden og sige: Lader os gaa hen at bede ydmygelig for Herrens Ansigt og at søge den Herre Zebaoth; — „ogsaa jeg vil gaa‟.
22 Og då skal det koma mange folkeslag og mannsterke heidningfolk og søkja Herren, allhers drott, i Jerusalem, og blidka Herren.
Og mange Folkeslag og mægtige Folkefærd skulle komme for at søge den Herre Zebaoth i Jerusalem og bede ydmygelig for Herrens Ansigt.
23 So segjer Herren, allhers drott: I dei dagarne skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidningfolk, tek fat i kjolesnippen åt ein mann frå Juda og segjer: «Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Herren er med dykk.»
Saa siger den Herre Zebaoth: Det skal ske i de Dage, at ti Mænd af alle Folkeslags Tungemaal skulle tage fat, ja, tage fat i, en jødisk Mands Flig, og sige: Vi ville gaa med eder, thi vi have hørt, at Gud er med eder.

< Sakarias 8 >