< Sakarias 3 >

1 So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga honom.
대제사장 여호수아는 여호와의 사자 앞에 섰고 사단은 그의 우편에 서서 그를 대적하는 것을 여호와께서 내게 보이시니라
2 Men Herren sagde til Satan: «Herren skal skjella deg ut, Satan! Herren skal skjella deg ut, han som hev valt ut Jerusalem! Er ikkje denne ein brand som er berga ut or elden?»
여호와께서 사단에게 이르시되 사단아, 여호와가 너를 책망하노라 예루살렘을 택한 여호와가 너를 책망하노라 이는 불에서 꺼낸 그슬린 나무가 아니냐 하실때에
3 Men Josva var klædd i skitne klæde der han stod framfor engelen.
여호수아가 더러운 옷을 입고 천사 앞에 섰는지라
4 Då tok engelen til ords og sagde til deim som stod framfor honom: «Tak av honom dei skitne klædi!» Og til honom sjølv sagde han: «Sjå, eg hev teke burt syndeskuldi di, og no skal du klædast i høgtidsbunad.»
여호와께서 자기 앞에 선 자들에게 명하사 그 더러운 옷을 벗기라 하시고 또 여호수아에게 이르시되 내가 네 죄과를 제하여 버렸으니 네게 아름다운 옷을 입히리라 하시기로
5 Då sagde eg: «Å, set ei rein huva på hovudet hans!» Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på honom klædi, medan Herrens engel stod der.
내가 말하되 정한 관을 그 머리에 씌우소서 하매 곧 정한 관을 그 머리에 씌우며 옷을 입히고 여호와의 사자는 곁에 섰더라
6 Og Herrens engel vitna for Josva og sagde:
여호와의 사자가 여호수아에게 증거하여 가로되
7 «So segjer Herren, allhers drott: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine fyresegner, so skal du både få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg lov til å ferdast millom desse som her stend.
만군의 여호와의 말씀에 네가 만일 내 도를 준행하며 내 율례를 지키면 네가 내 집을 다스릴 것이요 내 뜰을 지킬 것이며 내가 또 너로 여기 섰는 자들 중에 왕래케 하리라
8 Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og dine felager som sit her framfyre deg, skal vera teikn og fyrebod; for sjå, eg vil lata tenaren min, Renning koma.
대제사장 여호수아야 너와 네 앞에 앉은 네 동료들은 내 말을 들을 것이니라 이들은 예표의 사람이라 내가 내 종 순을 나게하리라
9 For sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo - på denne steinen ritar eg innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers drott, og eg taka burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag.
만군의 여호와가 말하노라 내가 너 여호수아 앞에 세운 돌을 보라 한 돌에 일곱 눈이 있느니라 내가 새길 것을 새기며 이 땅의 죄악을 하루에 제하리라
10 På den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal kvar og ein av dykk kunna beda venen sin til gjestebod under vintreet og fiketreet.»
만군의 여호와가 말하노라 그 날에 너희가 각각 포도나무와 무화과나무 아래서 서로 초대하리라 하셨느니라

< Sakarias 3 >