< Sakarias 2 >
1 Og eg lyfte upp augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi.
I lifted up my eyes, and saw, and behold, a man with a measuring line in his hand.
2 Då spurde eg: «Kvar gjeng du?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor breidt og kor langt det skal verta.»
Then I asked, “Where are you going?” He said to me, “To measure Jerusalem, to see what is its width and what is its length.”
3 Då kom han fram den engelen som tala med meg, og ein annan engel kom imot honom.
Behold, the angel who talked with me went out, and another angel went out to meet him,
4 Og han sagde til honom: «Spring og seg til denne unge mannen: «Fritt og ope skal Jerusalem liggja; slik ei mengd med folk og fe skal finnast der.
and said to him, “Run, speak to this young man, saying, ‘Jerusalem will be inhabited as villages without walls, because of the multitude of men and livestock in it.
5 Men eg skal sjølv vera ein eldmur rundt ikring, segjer Herren, og eg skal syna meg herleg der inne.»»
For I,’ says the LORD, ‘will be to her a wall of fire around it, and I will be the glory in the middle of her.
6 Ai, ai! Skunda dykk burt frå Norderlandet, segjer Herren; for eg hev då spreidt dykk for alle heimsens fire vindar, segjer Herren.
Come! Come! Flee from the land of the north,’ says the LORD; ‘for I have spread you abroad as the four winds of the sky,’ says the LORD.
7 Ai! Sion! Røm undan, du som bur hjå dotteri Babel.
‘Come, Zion! Escape, you who dwell with the daughter of Babylon.’
8 For so segjer Herren, drott: For sin herlegdom skuld hev Herren sendt meg til heidningfolki som plundra dykk; for den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans.
For the LORD of Armies says: ‘For honour he has sent me to the nations which plundered you; for he who touches you touches the apple of his eye.
9 Sjå, eg lyfter handi mi mot deim, og dei skal verta til herfang for trælarne sine, og de skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg.
For, behold, I will shake my hand over them, and they will be a plunder to those who served them; and you will know that the LORD of Armies has sent me.
10 Ropa høgt av frygd og gleda, du dotter Sion! For sjå, eg kjem og vil bu hjå deg, segjer Herren.
Sing and rejoice, daughter of Zion! For behold, I come and I will dwell within you,’ says the LORD.
11 Og mange heidningfolk skal venda seg til Herren på den dagen og verta mitt folk; ja, eg vil bu hjå deg, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til deg.
Many nations shall join themselves to the LORD in that day, and shall be my people; and I will dwell amongst you, and you shall know that the LORD of Armies has sent me to you.
12 Og til sin eigedom og arvlut skal Herren taka Juda i det heilage landet og endå ein gong velja ut Jerusalem.
The LORD will inherit Judah as his portion in the holy land, and will again choose Jerusalem.
13 Ver stilt, alt kjøt, for Herren! For han hev rise upp og gjenge ut or sin heilage bustad.
Be silent, all flesh, before the LORD; for he has roused himself from his holy habitation!”