< Sakarias 14 >

1 Sjå, det kjem ein Herrens dag då dei skal skifta ut ditt herfang inne i deg.
Behold, a day of the LORD comes, when your plunder will be divided within you.
2 Då skal eg samla alle folkeslagi til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnorne skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
For I will gather all nations against Jerusalem to battle; and the city will be taken, the houses rifled, and the women ravished. Half of the city will go out into captivity, and the rest of the people will not be cut off from the city.
3 Og Herren skal fara ut og strida mot desse folki som han stridde fyrr på slagdagen.
Then the LORD will go out and fight against those nations, as when he fought in the day of battle.
4 På den dagen skal han standa med føterne på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord og andre helvti mot sud.
His feet will stand in that day on the Mount of Olives, which is before Jerusalem on the east; and the Mount of Olives will be split in two from east to west, making a very great valley. Half of the mountain will move towards the north, and half of it towards the south.
5 Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal nå heilt til Asel; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda. Då skal han koma, Herren, min Gud - alle heilage med deg.
You shall flee by the valley of my mountains, for the valley of the mountains shall reach to Azel. Yes, you shall flee, just like you fled from before the earthquake in the days of Uzziah king of Judah. The LORD my God will come, and all the holy ones with you.
6 På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; stjernorne skal kverva burt.
It will happen in that day that there will not be light, cold, or frost.
7 Og det skal koma ein viss dag - han er kjend av Herren - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost.
It will be a unique day which is known to the LORD—not day, and not night; but it will come to pass that at evening time there will be light.
8 Og på den dagen skal det strøyma livande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.
It will happen in that day that living waters will go out from Jerusalem, half of them towards the eastern sea, and half of them towards the western sea. It will be so in summer and in winter.
9 Då skal Herren vera konge yver heile jordi; på den dagen skal Herren vera ein og namnet hans eitt.
The LORD will be King over all the earth. In that day the LORD will be one, and his name one.
10 Heile landet skal verta som Jordan-kverven, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, radt ifrå Benjamins-porten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersorne åt kongen.
All the land will be made like the Arabah, from Geba to Rimmon south of Jerusalem; and she will be lifted up and will dwell in her place, from Benjamin’s gate to the place of the first gate, to the corner gate, and from the tower of Hananel to the king’s wine presses.
11 Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir, og Jerusalem skal liggja der trygt.
Men will dwell therein, and there will be no more curse; but Jerusalem will dwell safely.
12 Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna, medan dei stend på sine føter, augo deira skal rotna i holorne sine, og tunga skal rotna i munnen på deim.
This will be the plague with which the LORD will strike all the peoples who have fought against Jerusalem: their flesh will consume away while they stand on their feet, and their eyes will consume away in their sockets, and their tongue will consume away in their mouth.
13 På den dagen skal ei stor rædsla frå Herren koma yver deim, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.
It will happen in that day that a great panic from the LORD will be amongst them; and they will each seize the hand of his neighbour, and his hand will rise up against the hand of his neighbour.
14 Ogso Juda skal strida i Jerusalem, og då skal han samlast, rikdomen frå alle heidningfolki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd.
Judah also will fight at Jerusalem; and the wealth of all the surrounding nations will be gathered together: gold, silver, and clothing, in great abundance.
15 Den same refsingi skal og koma yver hestarne og muldyri og kamelarne og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri.
A plague like this will fall on the horse, on the mule, on the camel, on the donkey, and on all the animals that will be in those camps.
16 Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og beda til kongen, Herren, allhers drott, og høgtida lauvhyttehelgi.
It will happen that everyone who is left of all the nations that came against Jerusalem will go up from year to year to worship the King, the LORD of Armies, and to keep the feast of booths.
17 Og um nokre av ætterne på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og bed til kongen, Herren, allhers drott, so skal det ikkje koma regn hjå deim.
It will be that whoever of all the families of the earth doesn’t go up to Jerusalem to worship the King, the LORD of Armies, on them there will be no rain.
18 Dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal den same refsingi koma yver deim som Herren let koma yver dei heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
If the family of Egypt doesn’t go up and doesn’t come, neither will it rain on them. This will be the plague with which the LORD will strike the nations that don’t go up to keep the feast of booths.
19 Dette er syndestraffi for Egyptarland og for alle heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
This will be the punishment of Egypt and the punishment of all the nations that don’t go up to keep the feast of booths.
20 På den dagen skal det standa på bjøllerne åt hestarne: «Vigd åt Herren, » og grytorne i Herrens hus skal vera som offerskålerne framfor altaret.
In that day there will be inscribed on the bells of the horses, “HOLY TO THE LORD”; and the pots in the LORD’s house will be like the bowls before the altar.
21 Og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera vigd åt Herren, allhers drott, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av deim og koka i deim, og det skal ikkje meir finnast nokon kræmer i huset åt Herren, allhers drott, på den dagen.
Yes, every pot in Jerusalem and in Judah will be holy to the LORD of Armies; and all those who sacrifice will come and take of them, and cook in them. In that day there will no longer be a Canaanite in the house of the LORD of Armies.

< Sakarias 14 >