< Sakarias 13 >

1 På den dagen skal det vera ei opi kjelda for Davids hus og for deim som bor i Jerusalem til å tvætta av synd og ureinskap.
in die illa erit fons patens domus David et habitantibus Hierusalem in ablutionem peccatoris et menstruatae
2 Og på den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal eg rydja ut namni på avgudsbilæti or landet, so ingen meir skal minnast deim, ja, ogso profetarne og den ureine åndi skal eg senda ut or landet.
et erit in die illa dicit Dominus exercituum disperdam nomina idolorum de terra et non memorabuntur ultra et prophetas et spiritum inmundum auferam de terra
3 Og um nokon sidan gjev seg til å spå, so skal far hans og mor hans, hans eigne foreldre, segja til honom: «Du kann ikkje få liva; for du hev tala lygn i Herrens namn.» Og far hans og mor hans, hans eigne foreldre, skal stinga honom ned når han gjev seg til å spå.
et erit cum prophetaverit quispiam ultra dicent ei pater eius et mater eius qui genuerunt eum non vives quia mendacium locutus es in nomine Domini et configent eum pater eius et mater eius genitores eius cum prophetaverit
4 På den dagen skal alle profetarne skjemmast ved synerne sine når dei spår, og dei skal ikkje klæda på seg ein hårkyrtel for å ljuga.
et erit in die illa confundentur prophetae unusquisque ex visione sua cum prophetaverit nec operientur pallio saccino ut mentiantur
5 Men kvar og ein av dei skal segja: «Eg er ikkje nokon profet. Ein jorddyrkar er eg. Ein mann som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.»
sed dicet non sum propheta homo agricola ego sum quoniam Adam exemplum meum ab adulescentia mea
6 Og um ein spør honom: «Kva er det for nokre sår du hev der på bringa di?» so kjem han til å svara: «Deim hev eg fenge i huset hjå venerne mine.»
et dicetur ei quid sunt plagae istae in medio manuum tuarum et dicet his plagatus sum in domo eorum qui diligebant me
7 Vakna upp, du sverd, mot hyrdingen min, mot den mannen som stend meg so nær, segjer Herren, allhers drott. Slå hyrdingen, og lat sauerne spreidast, og eg skal hava handi mi mot dei små.
framea suscitare super pastorem meum et super virum coherentem mihi dicit Dominus exercituum percute pastorem et dispergantur oves et convertam manum meam ad parvulos
8 Og i heile landet, segjer Herren, skal tvo tridjepartar øydast og andast; men ein tridjepart skal leivast der,
et erunt in omni terra dicit Dominus partes duae in ea disperdentur et deficient et tertia pars relinquetur in ea
9 og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer honom som ein skirer sylv, og prøver honom som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal svara deim; eg skal segja: «Dette er mitt folk; » og dei skal svara: «Herren er min Gud.»
et ducam tertiam partem per ignem et uram eas sicut uritur argentum et probabo eos sicut probatur aurum ipse vocabit nomen meum et ego exaudiam eum dicam populus meus es et ipse dicet Dominus Deus meus

< Sakarias 13 >