< Salomos Høisang 8 >
1 Å, gjev at du var som ein bror for meg, hadde soge mor sitt brjost. Um eg då fann deg der ute, eg deg kysste, og ingen meg neiste for det.
2 Eg leidde deg, førde deg til mor sitt hus, og du lærde meg, eg kryddevin gav deg, saft frå mitt granattre.
3 Hans vinstre er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
4 Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, at de ikkje vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.»
5 «Kven er ho som frå heidi stig upp, studd til sin ven?» «Under apallen vekte eg deg. Der åtte ho deg di mor, der fekk ho deg ho som deg fødde.»
6 «Ved hjarta meg hav som eit segl, som eit segl på din arm. Kjærleik som dauden er sterk, som helheimen strid i si trå. Ho logar som logande eld, gneisten frå Herren. (Sheol )
7 Kor store vatni so er, dei aldri fær kjærleik sløkt, ingi elvar kann fløyma han burt. Um du alt som du åtte for kjærleik baud, so vart du berre til narr.»
8 «Ei liti syster me eig, ho hev ingen barm. Kva skal me med syster gjera, den tidi når belarar kjem?»
9 «Er ho ein mur, me byggjer på den ein murkrans av sylv. Men er ho ei dør, me stengjer ho att med eit cederspjeld.»
10 «Eg er ein mur, og min barm som tårni på den. Då vart eg i augo hans ei som finn fred.
11 I Ba’al-Hamon ein vingard hev Salomo ått. Han garden til vaktarar gav. Kvar mann for dråtten fekk dei tusund sekel sylv.
12 Min vingard den hev eg sjølv, dine tusund du Salomo tak, tvo hundrad på vaktaran’ fell.
13 Du som bur inni hagom, felager lyder, lat meg høyra ditt mål!»
14 «Å fly, du min ven, ei gasella lik eller ungan hjort på dei angande fjellom!»