< Salmenes 92 >

1 Ein salme, ein song til kviledagen. Det er godt å prisa Herren, og å syngja ditt namn lov, du Høgste,
מִזְמוֹר שִׁיר לְיוֹם הַשַׁבָּֽת׃ טוֹב לְהֹדוֹת לַיהוָה וּלְזַמֵּר לְשִׁמְךָ עֶלְיֽוֹן׃
2 å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um næterne,
לְהַגִּיד בַּבֹּקֶר חַסְֽדֶּךָ וֶאֱמֽוּנָתְךָ בַּלֵּילֽוֹת׃
3 med tistrengs-cither og med harpa, med tankefullt spel på cither.
עֲ‍ֽלֵי־עָשׂוֹר וַעֲלֵי־נָבֶל עֲלֵי הִגָּיוֹן בְּכִנּֽוֹר׃
4 For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort.
כִּי שִׂמַּחְתַּנִי יְהוָה בְּפָעֳלֶךָ בְּֽמַעֲשֵׂי יָדֶיךָ אֲרַנֵּֽן׃
5 Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.
מַה־גָּדְלוּ מַעֲשֶׂיךָ יְהוָה מְאֹד עָמְקוּ מַחְשְׁבֹתֶֽיךָ׃
6 Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje.
אִֽישׁ־בַּעַר לֹא יֵדָע וּכְסִיל לֹא־יָבִין אֶת־זֹֽאת׃
7 Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.
בִּפְרֹחַ רְשָׁעִים ׀ כְּמוֹ עֵשֶׂב וַיָּצִיצוּ כָּל־פֹּעֲלֵי אָוֶן לְהִשָּֽׁמְדָם עֲדֵי־עַֽד׃
8 Men du, Herre, er høg i all æva.
וְאַתָּה מָרוֹם לְעֹלָם יְהוָֽה׃
9 For sjå dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde.
כִּי הִנֵּה אֹיְבֶיךָ יְֽהוָה כִּֽי־הִנֵּה אֹיְבֶיךָ יֹאבֵדוּ יִתְפָּרְדוּ כָּל־פֹּעֲלֵי אָֽוֶן׃
10 Du lyfter upp mitt horn som hornet til villuksen, frisk olje er rent yver meg.
וַתָּרֶם כִּרְאֵים קַרְנִי בַּלֹּתִי בְּשֶׁמֶן רַעֲנָֽן׃
11 Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg.
וַתַּבֵּט עֵינִי בְּשׁוּרָי בַּקָּמִים עָלַי מְרֵעִים תִּשְׁמַעְנָה אָזְנָֽי׃
12 Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa.
צַדִּיק כַּתָּמָר יִפְרָח כְּאֶרֶז בַּלְּבָנוֹן יִשְׂגֶּֽה׃
13 Dei er planta i Herrens hus og skal grønka i Guds fyregardar.
שְׁתוּלִים בְּבֵית יְהוָה בְּחַצְרוֹת אֱלֹהֵינוּ יַפְרִֽיחוּ׃
14 Endå i høg alder skyt dei friske renningar, dei er groande og grønkande
עוֹד יְנוּבוּן בְּשֵׂיבָה דְּשֵׁנִים וְרַֽעֲנַנִּים יִהְיֽוּ׃
15 til å forkynna at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i honom.
לְהַגִּיד כִּֽי־יָשָׁר יְהוָה צוּרִי וְֽלֹא־עלתה עַוְלָתָה בּֽוֹ׃

< Salmenes 92 >