< Salmenes 9 >

1 Til songmeisteren, etter Mut-labben; ein salme av David. Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil fortelja um alle dine under.
For the choirmaster. To the tune of “The Death of the Son.” A Psalm of David. I will give thanks to the LORD with all my heart; I will recount all Your wonders.
2 Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste!
I will be glad and rejoice in You; I will sing praise to Your name, O Most High.
3 av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunnar for ditt andlit.
When my enemies retreat, they stumble and perish before You.
4 For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar.
For You have upheld my just cause; You sit on Your throne judging righteously.
5 Du hev aga heidningarne, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid.
You have rebuked the nations; You have destroyed the wicked; You have erased their name forever and ever.
6 Fienden er all lagd i øyde til æveleg tid, byarne hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut.
The enemy has come to eternal ruin, and You have uprooted their cities; the very memory of them has vanished.
7 Men Herren sit som konge til æveleg tid, han hev sett upp sin stol til doms,
But the LORD abides forever; He has established His throne for judgment.
8 og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folkeslag med rettvisa.
He judges the world with justice; He governs the people with equity.
9 Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
The LORD is a refuge for the oppressed, a stronghold in times of trouble.
10 Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje deim som søkjer deg, Herre!
Those who know Your name trust in You, for You, O LORD, have not forsaken those who seek You.
11 Syng lovsong til Herren som bur på Sion! forkynn millom folki hans store gjerningar!
Sing praises to the LORD, who dwells in Zion; proclaim His deeds among the nations.
12 For han som hemner blod, kjem deim i hug, han gløymer ikkje ropet frå dei arme.
For the Avenger of bloodshed remembers; He does not ignore the cry of the afflicted.
13 Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av deim som meg hatar, du som lyfter meg upp frå daudens portar,
Be merciful to me, O LORD; see how my enemies afflict me! Lift me up from the gates of death,
14 so eg kann forkynna all din pris, i portarne åt Sions dotter fagna meg i di frelsa.
that I may declare all Your praises— that within the gates of Daughter Zion I may rejoice in Your salvation.
15 Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
The nations have fallen into a pit of their making; their feet are caught in the net they have hidden.
16 Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verk hans eigne hender gjorde. (Higgajon, Sela)
The LORD is known by the justice He brings; the wicked are ensnared by the work of their hands.
17 Dei ugudlege skal fara burt til helheimen, alle heidningar som gløymer Gud. (Sheol h7585)
The wicked will return to Sheol— all the nations who forget God. (Sheol h7585)
18 For den fatige vert ikkje gløymd for alltid, dei arme folks von ikkje spillt i all æva.
For the needy will not always be forgotten; nor the hope of the oppressed forever dashed.
19 Statt upp, Herre, lat ikkje menneskje få magt, lat heidningarne verta dømde for di åsyn!
Rise up, O LORD, do not let man prevail; let the nations be judged in Your presence.
20 Set rædsla i deim, Herre! Lat heidningarne kjenna at dei er menneskje! (Sela)
Lay terror upon them, O LORD; let the nations know they are but men.

< Salmenes 9 >