< Salmenes 89 >

1 Ein salme til lærdom av ezrahiten Etan. Um Herrens miskunns verk vil eg æveleg syngja frå ætt til ætt vil eg med min munn forkynna hans truskap.
Of understanding, for Ethan the Ezrahite. The mercies of the Lord I will sing for ever. I will shew forth thy truth with my mouth to generation and generation.
2 For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen gjer du din truskap fast.
For thou hast said: Mercy shall be built up for ever in the heavens: thy truth shall be prepared in them.
3 «Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min:
I have made a covenant with my elect: I have sworn to David my servant:
4 «Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.»» (Sela)
Thy seed will I settle for ever. And I will build up thy throne unto generation and generation.
5 Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage.
The heavens shall confess thy wonders, O Lord: and thy truth in the church of the saints.
6 For kven i dei høge skyer likjest Herren? Kven er lik Herren millom gudesøner?
For who in the clouds can be compared to the Lord: or who among the sons of God shall be like to God?
7 Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom.
God, who is glorified in the assembly of the saints: great and terrible above all them that are about him.
8 Herre, allhers drott, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg.
O Lord God of hosts, who is like to thee? thou art mighty, O Lord, and thy truth is round about thee.
9 Du råder yver havsens ovmod; når bylgjorne i det reiser seg, stiller du deim.
Thou rulest the power of the sea: and appeasest the motion of the waves thereof.
10 Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen, med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar.
Thou hast humbled the proud one, as one that is slain: with the arm of thy strength thou hast scattered thy enemies.
11 Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt.
Thine are the heavens, and thine is the earth: the world and the fulness thereof thou hast founded:
12 Nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast i ditt namn.
The north and the sea thou hast created. Thabor and Hermon shall rejoice in thy name:
13 Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand.
Thy arm is with might. Let thy hand be strengthened, and thy right hand exalted:
14 Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; miskunn og truskap gjeng fyre di åsyn.
Justice and judgment are the preparation of thy throne. Mercy and truth shall go before thy face:
15 Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlit skal dei ferdast.
Blessed is the people that knoweth jubilation. They shall walk, O Lord, in the light of thy countenance:
16 I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde.
And in thy name they shall rejoice all the day, and in thy justice they shall be exalted.
17 For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn.
For thou art the glory of their strength: and in thy good pleasure shall our horn be exalted.
18 For Herren høyrer vår skjold til, og vår konge til Israels Heilage.
For our protection is of the Lord, and of our king the holy one of Israel.
19 Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sagde: «Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldug, eg hev upphøgt ein ungdom av folket.
Then thou spokest in a vision to thy saints, and saidst: I have laid help upon one that is mighty, and have exalted one chosen out of my people.
20 Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva honom.
I have found David my servant: with my holy oil I have anointed him.
21 Mi hand skal alltid vera med honom, og min arm skal styrkja honom.
For my hand shall help him: and my arm shall strengthen him.
22 Fienden skal ikkje trengja honom, og den urettferdige skal ikkje kua honom.
The enemy shall have no advantage over him: nor the son of iniquity have power to hurt him.
23 Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn, og slå deim som hatar honom.
And I will cut down his enemies before his face; and them that hate him I will put to flight.
24 Og min truskap og mi miskunn skal vera med honom, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft.
And my truth and my mercy shall be with him: and in my name shall his horn be exalted.
25 Eg vil leggja hans hand på havet og hans høgre hand på elvarne.
And I will set his hand in the sea; and his right hand in the rivers.
26 Han skal ropa til meg: «Du er min far, min Gud og mitt frelse-fjell!»
He shall cry out to me: Thou art my father: my God, and the support of my salvation.
27 Og eg vil setja honom til den fyrstefødde, til den høgste av kongarne på jordi.
And I will make him my firstborn, high above the kings of the earth.
28 Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom.
I will keep my mercy for him for ever: and my covenant faithful to him.
29 Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer.
And I will make his seed to endure for evermore: and his throne as the days of heaven.
30 Dersom hans born forlet mi lov og ikkje vandrar etter mine domar,
And if his children forsake my law, and walk not in my judgments:
31 dersom dei bryt mine bodord og ikkje held mine fyresegner,
If they profane my justices: and keep not my commandments:
32 då vil eg heimsøkja deira misgjerd med ris og deira skuld med plågor.
I will visit their iniquities with a rod: and their sins with stripes.
33 Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå honom, og ikkje vil eg svika i min truskap.
But my mercy I will not take away from him: nor will I suffer my truth to fail.
34 Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor.
Neither will I profane my covenant: and the words that proceed from my mouth I will not make void.
35 Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga.
Once have I sworn by my holiness: I will not lie unto David:
36 Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn.
His seed shall endure for ever.
37 Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i skyi er trufast.» (Sela)
And his throne as the sun before me: and as the moon perfect for ever, and a faithful witness in heaven.
38 Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva.
But thou hast rejected and despised: thou hast been angry with thy anointed.
39 Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev skjemt hans kruna og kasta henne på jordi.
Thou hast overthrown the covenant of thy servant: thou hast profaned his sanctuary on the earth.
40 Du hev brote ned alle murarne hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar.
Thou hast broken down all his hedges: thou hast made his strength fear.
41 Alle som fer fram på vegen, plundrar honom, han hev vorte til spott for grannarne sine.
All that pass by the way have robbed him: he is become a reproach to his neighbours.
42 Du hev upphøgt den høgre hand til hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade.
Thou hast set up the right hand of them that oppress him: thou hast made all his enemies to rejoice.
43 Du hev og late og hans sverdsegg vika, og hev ikkje halde honom uppe i striden.
Thou hast turned away the help of his sword; and hast not assisted him in battle.
44 Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi.
Thou hast made his purification to cease: and thou hast cast his throne down to the ground.
45 Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev lagt skam yver honom. (Sela)
Thou hast shortened the days of his time: thou hast covered him with confusion.
46 Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld?
How long, O Lord, turnest thou away unto the end? shall thy anger burn like fire?
47 Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle menneskjeborn.
Remember what my substance is for hast thou made all the children of men in vain?
48 Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? (Sela) (Sheol h7585)
Who is the man that shall live, and not see death: that shall deliver his soul from the hand of hell? (Sheol h7585)
49 Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap?
Lord, where are thy ancient mercies, according to what thou didst swear to David in thy truth?
50 Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg må bera i fanget alle dei mange folk,
Be mindful, O Lord, of the reproach of thy servants (which I have held in my bosom) of many nations:
51 at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar hans fotspor som du hev salva.
Wherewith thy enemies have reproached, O Lord; wherewith they have reproached the change of thy anointed.
52 Lova vere Herren æveleg! Amen, amen!
Blessed be the Lord for evermore. So be it. So be it.

< Salmenes 89 >