< Salmenes 84 >

1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Korahs born, ein salme. Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers drott!
In finem, Pro torcularibus filiis Core, Psalmus. Quam dilecta tabernacula tua Domine virtutum:
2 Mi sjæl lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den livande Gud.
concupiscit, et deficit anima mea in atria Domini: Cor meum, et caro mea exultaverunt in Deum vivum.
3 Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers drott, min konge og min Gud!
Etenim passer invenit sibi domum: et turtur nidum sibi, ubi ponat pullos suos: altaria tua Domine virtutum: Rex meus, et Deus meus.
4 Sæle er dei som bur i ditt hus! dei skal alltid lova deg. (Sela)
Beati, qui habitant in domo tua Domine: in sæcula sæculorum laudabunt te.
5 Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar.
Beatus vir, cuius est auxilium abs te: ascensiones in corde suo disposuit,
6 Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei honom til ein kjeldevang, ja, tidlegt regn legg velsigning yver honom.
in valle lacrymarum in loco, quem posuit.
7 Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.
Etenim benedictionem dabit legislator, ibunt de virtute in virtutem: videbitur Deus deorum in Sion.
8 Herre Gud, allhers drott, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! (Sela)
Domine Deus virtutum exaudi orationem meam: auribus percipe Deus Iacob.
9 Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andlitet til honom du hev salva!
Protector noster aspice Deus: et respice in faciem Christi tui.
10 For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi til gudløysa.
Quia melior est dies una in atriis tuis super millia. Elegi abiectus esse in domo Dei mei: magis quam habitare in tabernaculis peccatorum.
11 For Gud Herren er sol og skjold, nåde og ære gjev Herren, han held ikkje undan noko godt frå deim som ferdast i uskyld.
Quia misericordiam, et veritatem diligit Deus: gratiam, et gloriam dabit Dominus.
12 Herre, allhers drott, sæl er den mann som set si lit til deg!
Non privabit bonis eos, qui ambulant in innocentia: Domine virtutum, beatus homo, qui sperat in te.

< Salmenes 84 >