< Salmenes 81 >
1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf. Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
To the chief Musician upon Gittith, [A Psalm] of Asaph. Sing aloud unto God our strength: make a joyful noise unto the God of Jacob.
2 Set i med song, og lat trumma høyrast, den væne cither med harpa!
Take a psalm, and bring hither the timbrel, the pleasant harp with the psaltery.
3 Blås i lur ved nymåne, ved fullmåne på vår høgtidsdag!
Blow up the trumpet in the new moon, in the time appointed, on our solemn feast day.
4 For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
For this [was] a statute for Israel, [and] a law of the God of Jacob.
5 Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:
This he ordained in Joseph [for] a testimony, when he went out through the land of Egypt: [where] I heard a language [that] I understood not.
6 «Eg løyste hans oksl frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
I removed his shoulder from the burden: his hands were delivered from the pots.
7 I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. (Sela)
Thou calledst in trouble, and I delivered thee; I answered thee in the secret place of thunder: I proved thee at the waters of Meribah. (Selah)
8 Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg!
Hear, O my people, and I will testify unto thee: O Israel, if thou wilt hearken unto me;
9 Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
There shall no strange god be in thee; neither shalt thou worship any strange god.
10 Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom!
I [am] the LORD thy God, which brought thee out of the land of Egypt: open thy mouth wide, and I will fill it.
11 Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
But my people would not hearken to my voice; and Israel would none of me.
12 So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.
So I gave them up unto their own hearts’ lust: [and] they walked in their own counsels.
13 Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde vandra på mine vegar!
Oh that my people had hearkened unto me, [and] Israel had walked in my ways!
14 Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar.
I should soon have subdued their enemies, and turned my hand against their adversaries.
15 Dei som hatar Herren, skulde høla honom, og deira tid skulde vara æveleg.
The haters of the LORD should have submitted themselves unto him: but their time should have endured for ever.
16 Og eg skulde føda honom med den beste kveite, og frå berget skulde eg metta deg med honning.»
He should have fed them also with the finest of the wheat: and with honey out of the rock should I have satisfied thee.