< Salmenes 77 >
1 Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av Asaf. Eg ropar til Gud, og eg vil skrika; eg ropar til Gud, og han vil venda øyra til meg.
2 Den Dagen eg er i naud, søkjer eg Herren, um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjæl vil ikkje lata seg trøysta.
3 Eg vil koma Gud i hug og sukka, eg vil tenkja etter, og mi ånd vanmegtast. (Sela)
4 Du held augo mine vakande, eg er uroleg og talar ikkje.
5 Eg tenkjer på fordoms dagar, på lengst framfarne år.
6 Eg vil koma i hug min strengleik um natti, i mitt hjarta vil eg grunda, og mi ånd vil ransaka.
7 Vil Herren æveleg støyta burt? vil han ikkje lenger visa nåde?
8 Er det for all tid ute med hans miskunn? Hev hans lovnad vorte upp i inkje frå ætt til ætt?
9 Hev Gud gløymt å vera nådig? Eller hev han i vreide stengt for sin godhug? (Sela)
10 Eg segjer: Dette er mi plåga, det er år frå høgre handi til den Høgste.
11 Eg vil forkynna Herrens gjerningar, for eg vil minnast dine under frå fordoms tid.
12 Og eg vil tenkja etter alt ditt verk, og på dine store gjerningar vil eg grunda.
13 Gud, i heilagdom er din veg, kven er ein gud, stor som Gud?
14 Du er den Gud som gjer under; du hev kunngjort din styrke millom folkeslagi.
15 Du hev løyst ditt folk ut med velde, borni åt Jakob og Josef. (Sela)
16 Vatni såg deg, Gud, vatni såg deg og bivra, ja, djupi skalv.
17 Skyerne gav vatn, himmelen dunde, ja, dine piler flaug ikring.
18 Di tora dunde i kvervelstormen, eldingar lyste upp jordriket, jordi skalv og riste.
19 I havet gjekk din veg, og dine stigar gjenom store vatn, og dine fotspor vart ikkje kjende.
20 Du førde ditt folk som ei hjord ved handi åt Moses og Aron.