< Salmenes 68 >

1 Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song. Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar honom, flyr for hans åsyn.
Psalmus Cantici David, in finem. Exurgat Deus, et dissipentur inimici eius, et fugiant qui oderunt eum, a facie eius.
2 Liksom røyk driv burt, so driv du deim burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunnar for Guds åsyn.
Sicut deficit fumus, deficiant: sicut fluit cera a facie ignis, sic pereant peccatores a facie Dei.
3 Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda.
Et iusti epulentur, et exultent in conspectu Dei: et delectentur in laetitia.
4 Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn!
Cantate Deo, psalmum dicite nomini eius: iter facite ei, qui ascendit super occasum: Dominus nomen illi. Exultate in conspectu eius, turbabuntur a facie eius,
5 Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad.
patris orphanorum, et iudicis viduarum. Deus in loco sancto suo:
6 Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende.
Deus qui inhabitare facit unius moris in domo: Qui educit vinctos in fortitudine, similiter eos, qui exasperant, qui habitant in sepulchris.
7 Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki (Sela)
Deus cum egredereris in conspectu populi tui, cum pertransires in deserto:
8 då skalv jordi, ja, himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds, åsyn.
Terra mota est, etenim caeli distillaverunt a facie Dei Sinai, a facie Dei Israel.
9 Rikelegt regn let du falla, Gud, du styrkte arven din då han var utmødd.
Pluviam voluntariam segregabis Deus hereditati tuae: et infirmata est, tu vero perfecisti eam.
10 Ditt folk sette seg ned i landet; Gud, du var god og reidde det til for armingen.
Animalia tua habitabunt in ea: parasti in dulcedine tua pauperi, Deus.
11 Herren gjev sigersong; ein stor skare av kvinnor kjem med gledebod.
Dominus dabit verbum evangelizantibus, virtute multa.
12 Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, deiler herfang.
Rex virtutum dilecti dilecti: et speciei domus dividere spolia.
13 Når de ligg millom felæger, er det som sylvlagde duvevengjer, og vengfjører med grøn gullglima.
Si dormiatis inter medios cleros, pennae columbae deargentatae, et posteriora dorsi eius in pallore auri.
14 Når den Allmegtige spreider kongar der, er det som det snøar på Salmon.
Dum discernit caelestis reges super eam, nive dealbabuntur in Selmon:
15 Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange kollar er Basans fjell.
mons Dei, mons pinguis. Mons coagulatus, mons pinguis:
16 Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.
ut quid suspicamini montes coagulatos? Mons, in quo beneplacitum est Deo habitare in eo: etenim Dominus habitabit in finem.
17 Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen.
Currus Dei decem millibus multiplex, millia laetantium: Dominus in eis in Sina in sancto.
18 Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneskje, ogso av dei tråssuge, at du kunde bu der, Herre Gud.
Ascendisti in altum, cepisti captivitatem: accepisti dona in hominibus: Etenim non credentes, inhabitare Dominum Deum.
19 Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, er Gud vår frelsa. (Sela)
Benedictus Dominus die quotidie: prosperum iter faciet nobis Deus salutarium nostrorum.
20 Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Herren er det utvegar frå dauden.
Deus noster, Deus salvos faciendi: et Domini Domini exitus mortis.
21 Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på honom som ferdast i si syndeskuld.
Verumtamen Deus confringet capita inimicorum suorum: verticem capilli perambulantium in delictis suis.
22 Herren segjer: «Frå Basan tek eg deim att, eg vil taka deim att frå havsens djup,
Dixit Dominus: Ex Basan convertam, convertam in profundum maris:
23 so foten din må trakka i blod, tunga åt hundarne dine få sin lut av fiendarne.»
Ut intingatur pes tuus in sanguine: lingua canum tuorum ex inimicis, ab ipso.
24 Dei ser di sigersferd, Gud, sigersferdi der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen.
Viderunt ingressus tuos Deus, ingressus Dei mei: regis mei qui est in sancto.
25 Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på trummor.
Praevenerunt principes coniuncti psallentibus, in medio iuvencularum tympanistriarum.
26 Lova Gud i samlingarne, lova Herren, de som er av Israels kjelda!
In ecclesiis benedicite Deo Domino, de fontibus Israel.
27 Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver deim, hovdingarne av Juda - deira hop, hovdingarne av Sebulon, hovdingarne av Naftali.
Ibi Beniamin adolescentulus, in mentis excessu. Principes Iuda, duces eorum: principes Zabulon, principes Nephthali.
28 Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!
Manda Deus virtuti tuae: confirma hoc Deus, quod operatus es in nobis.
29 For ditt tempel skuld yver Jerusalem vil kongar føra gåvor til deg.
A templo tuo in Ierusalem, tibi offerent reges munera.
30 Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid.
Increpa feras arundinis, congregatio taurorum in vaccis populorum: ut excludant eos, qui probati sunt argento. Dissipa gentes, quae bella volunt:
31 Velduge menner skal koma frå Egyptarland, Ætiopia skal skunda seg og retta henderne ut til Gud.
venient legati ex Aegypto: Aethiopia praeveniet manus eius Deo.
32 De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren! (Sela)
Regna terrae, cantate Deo: psallite Domino: psallite Deo.
33 Han som fer fram i dei eldegamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldug røyst.
qui ascendit super caelum caeli, ad Orientem. Ecce dabit voci suae vocem virtutis,
34 Gjev Gud magt! Yver Israel er hans høgd, og hans magt i dei høge skyer.
date gloriam Deo super Israel, magnificentia eius, et virtus eius in nubibus.
35 Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket magt og styrke. Lova vere Gud!
Mirabilis Deus in sanctis suis, Deus Israel ipse dabit virtutem, et fortitudinem plebi suae, benedictus Deus.

< Salmenes 68 >