< Salmenes 65 >

1 Til songmeisteren; ein salme av David, ein song. Gud, dei er stille for deg og prisar deg på Sion, og dei gjev deg det dei hev lova.
For the Chief Musician. A Psalm. A Song of David. Praise waiteth for thee, O God, in Zion; And unto thee shall the vow be performed.
2 Du som høyrer bøner, til deg kjem alt kjøt.
O thou that hearest prayer, Unto thee shall all flesh come.
3 Når misgjerningar hev vorte for sterke for meg, so forlet du våre forbrot.
Iniquities prevail against me: As for our transgressions, thou wilt forgive them.
4 Sæl er den som du vel ut og let koma nær, so han bur i dine fyregardar; me vil metta oss med det gode i ditt hus, ditt heilage tempel.
Blessed is the man whom thou choosest, and causest to approach [unto thee], That he may dwell in thy courts: We shall be satisfied with the goodness of thy house, Thy holy temple.
5 Med skræmelege gjerningar bønhøyrer du oss i rettferd, du, vår Frelse-Gud, ei livd for alle heimsens endar og havet langt burte.
By terrible things thou wilt answer us in righteousness, O God of our salvation, Thou that art the confidence of all the ends of the earth, And of them that are afar off upon the sea:
6 Han gjer fjelli faste med si kraft, gyrd med velde.
Who by his strength setteth fast the mountains, Being girded about with might;
7 Han døyver havsens dur, bylgjeduren og bråket av folkeslagi.
Who stilleth the roaring of the seas, The roaring of their waves, And the tumult of the peoples.
8 Og dei som bur ved endarne av jordi, ræddast for dine teikn, heimen for morgon og kveld fyller du med lovsong.
They also that dwell in the uttermost parts are afraid at thy tokens: Thou makest the outgoings of the morning and evening to rejoice.
9 Du hev gjesta jordi og gjeve henne ovnøgd, du hev gjort henne ovleg rik, Guds bekk er full av vatn. Du hev laga til korn for folk, for soleis laga du jordi til.
Thou visitest the earth, and waterest it, Thou greatly enrichest it; The river of God is full of water: Thou providest them grain, when thou hast so prepared the earth.
10 Du vatna hennar plogforer, jamna dei med upp-pløgde åkrar, du bløytte henne med regnskurer, velsigna hennar grøda.
Thou waterest its furrows abundantly; Thou settlest the ridges thereof: Thou makest it soft with showers; Thou blessest the springing thereof.
11 Du hev krynt ditt gode år, og dine fotspor dryp av feitt.
Thou crownest the year with thy goodness; And thy paths drop fatness.
12 Beiti i øydemarki dryp, og haugarne gyrdar seg med lovsong.
They drop upon the pastures of the wilderness; And the hills are girded with joy.
13 Engjarne er klædde med sauer, og dalarne er fyllte med korn; folk fegnast og syng.
The pastures are clothed with flocks; The valleys also are covered over with grain; They shout for joy, they also sing.

< Salmenes 65 >