< Salmenes 64 >
1 Til songmeisteren; ein salme av David. Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv frå fiende-skræmsla!
For the Leader. A Psalm of David. Hear my voice, O God, in my complaint; preserve my life from the terror of the enemy.
2 Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,
Hide me from the council of evil-doers; from the tumult of the workers of iniquity;
3 som kvesser si tunga som eit sverd, siktar med si pil, det beiske ord,
Who have whet their tongue like a sword, and have aimed their arrow, a poisoned word;
4 og vil skjota ned den uskuldige i løynd; brått skyt dei honom og ræddast ikkje.
That they may shoot in secret places at the blameless; suddenly do they shoot at him, and fear not.
5 Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?»
They encourage one another in an evil matter; they converse of laying snares secretly; they ask, who would see them.
6 Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt.
They search out iniquities, they have accomplished a diligent search; even in the inward thought of every one, and the deep heart.
7 Då skyt Gud deim, pili kjem brått og sårar deim.
But God doth shoot at them with an arrow suddenly; thence are their wounds.
8 Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet.
So they make their own tongue a stumbling unto themselves; all that see them shake the head.
9 Og alle menneskje ræddast og forkynner Guds gjerning, og hans verk skynar dei.
And all men fear; and they declare the work of God, and understand His doing.
10 Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til honom, og alle ærlege av hjarta prise seg sæle.
The righteous shall be glad in the LORD, and shall take refuge in Him; and all the upright in heart shall glory.