< Salmenes 62 >
1 Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David. Einast hjå Gud er mi sjæl still, frå honom kjem mi frelsa.
For the choirmaster. According to Jeduthun. A Psalm of David. In God alone my soul finds rest; my salvation comes from Him.
2 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.
He alone is my rock and my salvation. He is my fortress; I will never be shaken.
3 Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg?
How long will you threaten a man? Will all of you throw him down like a leaning wall or a tottering fence?
4 Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. (Sela)
They fully intend to cast him down from his lofty perch; they delight in lies; with their mouths they bless, but inwardly they curse.
5 Einast hjå Gud ver still, mi sjæl, for frå honom kjem mi von.
Rest in God alone, O my soul, for my hope comes from Him.
6 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.
He alone is my rock and my salvation; He is my fortress; I will not be shaken.
7 Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.
My salvation and my honor rest on God, my strong rock; my refuge is in God.
8 Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. (Sela)
Trust in Him at all times, O people; pour out your hearts before Him. God is our refuge.
9 Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman.
Lowborn men are but a vapor, the exalted but a lie. Weighed on the scale, they go up; together they are but a vapor.
10 Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det!
Place no trust in extortion, or false hope in stolen goods. If your riches increase, do not set your heart upon them.
11 Ein gong hev Gud sagt, tvo gonger hev eg høyrt dette, at styrke høyrer Gud til.
God has spoken once; I have heard this twice: that power belongs to God,
12 Og hjå deg, Herre, er miskunn, for du gjev kvar ein etter hans gjerning.
and loving devotion to You, O Lord. For You will repay each man according to his deeds.