< Salmenes 61 >

1 Til songmeisteren, på strengleik; av David. Gud, høyr mitt klagerop, merka mi bøn!
לַמְנַצֵּחַ ׀ עַֽל־נְגִינַת לְדָוִֽד׃ שִׁמְעָה אֱלֹהִים רִנָּתִי הַקְשִׁיבָה תְּפִלָּתִֽי׃
2 Frå enden av jordi ropar eg til deg, medan hjarta vanmegtast; på eit fjell som er for høgt for meg, må du føra meg upp.
מִקְצֵה הָאָרֶץ ׀ אֵלֶיךָ אֶקְרָא בַּעֲטֹף לִבִּי בְּצוּר־יָרוּם מִמֶּנִּי תַנְחֵֽנִי׃
3 For du hev vore mi livd, eit sterkt tårn mot fienden.
כִּֽי־הָיִיתָ מַחְסֶה לִי מִגְדַּל־עֹז מִפְּנֵי אוֹיֵֽב׃
4 Eg vil æveleg bu i ditt tjeld, finna livd i skuggen av dine vengjer. (Sela)
אָגוּרָה בְאָהָלְךָ עוֹלָמִים אֶֽחֱסֶה בְסֵתֶר כְּנָפֶיךָ סֶּֽלָה׃
5 For du, Gud, hev høyrt på mine lovnader, deim som ottast ditt namn, hev du gjeve deira arv.
כִּֽי־אַתָּה אֱלֹהִים שָׁמַעְתָּ לִנְדָרָי נָתַתָּ יְרֻשַּׁת יִרְאֵי שְׁמֶֽךָ׃
6 Du vil leggja dagar til kongens dagar, hans år skal vera som ætt etter ætt.
יָמִים עַל־יְמֵי־מֶלֶךְ תּוֹסִיף שְׁנוֹתָיו כְּמוֹ־דֹר וָדֹֽר׃
7 Han skal sitja æveleg for Guds åsyn; set miskunn og truskap til å vara honom!
יֵשֵׁב עוֹלָם לִפְנֵי אֱלֹהִים חֶסֶד וֶאֱמֶת מַן יִנְצְרֻֽהוּ׃
8 So vil eg æveleg lovsyngja ditt namn, at eg kann løysa mine lovnader dag etter dag.
כֵּן אֲזַמְּרָה שִׁמְךָ לָעַד לְֽשַׁלְּמִי נְדָרַי יוֹם ׀ יֽוֹם׃

< Salmenes 61 >