< Salmenes 6 >
1 Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David. Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm!
2 Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande.
3 Og mi sjæl er storleg skjelvrædd. Og du, Herre, kor lenge?
4 Vend deg um att, Herre, fri ut mi sjæl, frels meg for di miskunn skuld!
5 For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen? (Sheol )
6 Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje.
7 Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg.
8 Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål.
9 Herren hev høyrt mi audmjuke påkalling, Herren, tek imot mi bøn.
10 Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal venda attende, verta skjemde i ein augneblink.