< Salmenes 58 >

1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David, ein miktam. Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn?
לַמְנַצֵּחַ אַל־תַּשְׁחֵת לְדָוִד מִכְתָּֽם׃ הַאֻמְנָם אֵלֶם צֶדֶק תְּדַבֵּרוּן מֵישָׁרִים תִּשְׁפְּטוּ בְּנֵי אָדָֽם׃
2 Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender.
אַף־בְּלֵב עוֹלֹת תִּפְעָלוּן בָּאָרֶץ חֲמַס יְדֵיכֶם תְּפַלֵּסֽוּן׃
3 Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfang, ljugarane fer vilt alt frå morsliv.
זֹרוּ רְשָׁעִים מֵרָחֶם תָּעוּ מִבֶּטֶן דֹּבְרֵי כָזָֽב׃
4 Eiter hev dei som orme-eiter, dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til,
חֲמַת־לָמוֹ כִּדְמוּת חֲמַת־נָחָשׁ כְּמוֹ־פֶתֶן חֵרֵשׁ יַאְטֵם אׇזְנֽוֹ׃
5 so han ikkje høyrer på røysti åt tauvrekallen, han som vel kann trolla.
אֲשֶׁר לֹֽא־יִשְׁמַע לְקוֹל מְלַחֲשִׁים חוֹבֵר חֲבָרִים מְחֻכָּֽם׃
6 Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor!
אֱֽלֹהִים הֲרׇס־שִׁנֵּימֽוֹ בְּפִימוֹ מַלְתְּעוֹת כְּפִירִים נְתֹץ ׀ יְהֹוָֽה׃
7 Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd!
יִמָּאֲסוּ כְמוֹ־מַיִם יִתְהַלְּכוּ־לָמוֹ יִדְרֹךְ חִצָּו כְּמוֹ יִתְמֹלָֽלוּ׃
8 Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli.
כְּמוֹ שַׁבְּלוּל תֶּמֶס יַהֲלֹךְ נֵפֶל אֵשֶׁת בַּל־חָזוּ שָֽׁמֶשׁ׃
9 Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn.
בְּטֶרֶם ׀ יָבִינוּ סִּירֹתֵכֶם אָטָד כְּמוֹ־חַי כְּמוֹ־חָרוֹן יִשְׂעָרֶֽנּוּ׃
10 Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege.
יִשְׂמַח צַדִּיק כִּי־חָזָה נָקָם פְּעָמָיו יִרְחַץ בְּדַם הָרָשָֽׁע׃
11 Og folk skal segja: «Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.»
וְיֹאמַר אָדָם אַךְ־פְּרִי לַצַּדִּיק אַךְ יֵשׁ־אֱלֹהִים שֹׁפְטִים בָּאָֽרֶץ׃

< Salmenes 58 >