< Salmenes 57 >
1 Til songmeisteren, etter «tyn ikkje»; av David, ein miktam, då han flydde for Saul inn i helleren. Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjæl, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd, til dess ulukka gjeng yver.
in finem ne disperdas David in tituli inscriptione cum fugeret a facie Saul in spelunca miserere mei Deus miserere mei quoniam in te confidit anima mea et in umbra alarum tuarum sperabo donec transeat iniquitas
2 Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.
clamabo ad Deum altissimum Deum qui benefecit mihi
3 Han vil senda frå himmelen og hjelpa meg, når han som vil sluka meg, spottar. (Sela) Gud vil senda si miskunn og sin truskap.
misit de caelo et liberavit me dedit in obprobrium conculcantes me diapsalma misit Deus misericordiam suam et veritatem suam
4 Mi sjæl er millom løvor, eg må liggja millom deim som spruter eld, millom menneskjeborn som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.
et eripuit animam meam de medio catulorum leonum dormivi conturbatus filii hominum dentes eorum arma et sagittae et lingua eorum gladius acutus
5 Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
exaltare super caelos Deus et in omnem terram gloria tua
6 Dei set garn for mine stig, mi sjæl er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. (Sela)
laqueum paraverunt pedibus meis et incurvaverunt animam meam foderunt ante faciem meam foveam et inciderunt in eam diapsalma
7 Mitt hjarta er rolegt, Gud, mitt hjarta er rolegt, eg vil syngja og lovsyngja.
paratum cor meum Deus paratum cor meum cantabo et psalmum dicam
8 Vakna, mi æra! Vakna, harpa og cither! Eg vil vekkja morgonroden.
exsurge gloria mea exsurge psalterium et cithara exsurgam diluculo
9 Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
confitebor tibi in populis Domine psalmum dicam tibi in gentibus
10 For di miskunn er stor til himmelen, og din truskap til dei høge skyer.
quoniam magnificata est usque ad caelos misericordia tua et usque ad nubes veritas tua
11 Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
exaltare super caelos Deus et super omnem terram gloria tua