< Salmenes 56 >

1 Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat. Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.
In finem, Pro populo, qui a Sanctis longe factus est, David in tituli inscriptionem, cum tenuerunt eum Allophyli in Geth. Miserere mei Deus, quoniam conculcavit me homo: tota die impugnans tribulavit me.
2 Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.
Conculcaverunt me inimici mei tota die: quoniam multi bellantes adversum me.
3 Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.
Ab altitudine diei timebo: ego vero in te sperabo.
4 Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg?
In Deo laudabo sermones meos, in Deo speravi: non timebo quid faciat mihi caro.
5 Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.
Tota die verba mea execrabantur: adversum me omnes cogitationes eorum, in malum.
6 Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt.
Inhabitabunt et abscondent: ipsi calcaneum meum observabunt. Sicut sustinuerunt animam meam,
7 Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!
pro nihilo salvos facies illos: in ira populos confringes.
8 Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?
Deus, vitam meam annunciavi tibi: posuisti lacrymas meas in conspectu tuo, Sicut et in promissione tua:
9 Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.
tunc convertentur inimici mei retrorsum: In quacumque die invocavero te: ecce cognovi quoniam Deus meus es.
10 Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.
In Deo laudabo verbum, in Domino laudabo sermonem:
11 Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann menneskje gjera meg?
in Deo speravi, non timebo quid faciat mihi homo.
12 Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa deim ut med takkoffer til deg.
In me sunt Deus vota tua, quæ reddam, laudationes tibi.
13 For du hev berga mi sjæl frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Gud i ljoset åt dei livande.
Quoniam eripuisti animam meam de morte, et pedes meos de lapsu: ut placeam coram Deo in lumine viventium.

< Salmenes 56 >