< Salmenes 55 >
1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David. Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding!
2 Gjev gaum etter meg og svara meg! Eg er uroleg med mine sorgfyllte tankar, og eg må stynja
3 for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege. For dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg.
4 Mitt hjarta skjelv i meg, og daudens fæle hev falle på meg.
5 Otte og skjelving kjem yver meg og rædsla legg seg på meg.
6 Og eg segjer: «Å, hadde eg vengjer som duva, då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad.
7 Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. (Sela)
8 Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen.»
9 Sluk deim, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen.
10 Dag og natt renner dei kringum honom på murarne, ugjerd og møda er midt i honom.
11 Tjon er midt i honom, og ikkje vik frå gatorne vald og svik.
12 For ikkje min fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for honom.
13 Men du er det, du som var min likemann, min ven, min kjenning, -
14 me som hadde huglegt samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus med den glade hop.
15 Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta. (Sheol )
16 Eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg.
17 Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so vil han høyra mi røyst.
18 Han løyser ut mi sjæl frå strid mot meg og gjev meg fred, for mange er dei mot meg.
19 Gud skal høyra og svara deim - han sit frå fordoms tid, (sela) deim som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud.
20 Han legg hand på folk som held fred med honom, han bryt si pakt.
21 Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd.
22 Kasta byrdi di på Herren, og han skal halda deg uppe! han skal ikkje i all æva lata den rettferdige verta rikka.
23 Men du, Gud, skal støyta deim ned i den djupe grav; blodgiruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si livetid; men eg set mi lit til deg.